Habilitering for Barn og Unge (HABU)
Til seksjon Habilitering for Barn og Unge (HABU) kjem barn og unge under 18 år som har medfødd eller erverva funksjonsnedsetting med nevrologisk årsak. Funksjonsnedsettinga kan bety at barnet har problem med å bevege seg eller å forstå og tolke sine omgjevnadar eller å kommunisere og vere saman med andre.
Kontakt
Telefon
Kurs og møter
- Foreldrestøtte - pubertetDette kurset er for foreldre som har barn med diagnosen utviklingshemning og/ eller eit syndrom i alderen 10 –15 år. Det vert ein intensiv dag med innhald frå biologiske- og psykologiske prosessar som skapar endringar hjå den enkelte og krev tilrettelegging av miljøet rundt barnet/ungdommen. I løpet av dagen vil ein få innspel på emner som kan være nyttig for foreldre å ha kompetanse på knytt til pubertet og seksuell helse. I tilegg vil det bli gitt faglige råd og erfaringar på kva fokusområder som kan bidra til at ein som foreldre kan stå tryggare gjennom puberteten. Det vert lagt vekt på gjennom kursdagen at ein får drøfte kring tematikken og dele erfaring med kvarandre.Foreldrestøtte - pubertet18.september2024
- Kurs til foreldre - Starthjelp4 dagers kurs for foreldre til barn med nedsett funksjonsevne eller kronisk sjukdom.Kurs til foreldre - StarthjelpDato kjem
Habiliteringstenesta for barn og unge er i Angabygget. Resepsjonen er open frå 0800-1500. Inngang på bakkeplan.