Sjekkliste for tilvising

Tilvising skal sendast som vanleg elektronisk henvisning, “Den gode tilvising”.

Føremålet med sjekklista er å bidra til at tilvisingane har riktig og tilstrekkeleg informasjon, slik at tenestane kan gjer ei rettighetsvurdering på bakgrunn av Prioriteringsveileder – Habilitering av barn og unge i spesialisthelsetjenesten (helsedirektoratet.no).

Sjekklista har fokus på forhold som er særleg viktig for effektiv planlegging av utredning og vidare behandling.

Det vert forventa at det er gjort ei tverrfagleg vurdering i kommunen før tilvising og at informasjon om denne utgreiinga følgjer tilvisinga.

  • Er det behov for tolk? Eventuelt kva språk?
  • Kven har foreldreansvaret?
  • Stadfesting på at føresette samtykker til tilvising.
  • Diagnose(r) på tilvisingstidspunktet.
  • Aktuelle problemstillingar og ønska målsetting med tilvisinga.
  • Aktuelle funn og resultat frå medisinske undersøkingar.
  • Legemiddel som er i bruk – oppdatert legemiddelliste.
  • Oppgje sentrale samarbeidande instanser, t.d. helsestasjon/skulehelsetenesta, fysio-/ergoterapiteneste, barnehage, skule, avlastning, PPT, BUP, barneverntenesta. Legg ved aktuelle rapportar frå dei aktuelle instansane.
  • Er det oppretta kommunal koordinator?
  • Er det oppretta ansvarsgruppe?
  • Er det utarbeidd individuell plan?
  • Er det aktuelt med arbeid knytta til Helse- og omsorgstenestelova kapittel 9, utfordrande adferd og tvangsbruk?

https://helsedirektoratet.no/retningslinjer/henvisningsveileder

 

Sist oppdatert 21.12.2023