Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Pasientkurs

Frå dødsangst til livslyst

Korleis er det å leve med sterk angst, og finne vegen tilbake til livsglede og håp? Erfaringskonsulent i Kinn kommune, Connie Nybø, deler si personlege historie i dette gratis foredraget.

24.
september
2026
  1. 24. sep. 2026, 18:30 - 20:00

Tid og stad

Når
  1. 24. sep. 2026, 18:30 - 20:00
Arrangør
Foredraget blir arrangert av psykiatrisk klinikk i Helse Førde i samarbeid med psykisk helse og rus i Sunnfjord og Kinn kommune, LPP og Sunnfjord bibliotek.
Kvar

Biblioteket i Førdehuset

Angedalsvegen 5

6800 Førde

Connie Nybø delar si personlege historie om utfodringar, meistring og vegen frå dødsangst til livslyst. Med openheit fortel ho om erfaringar som mange kan kjenne seg att i.

Etter foredraget blir det høve til å stille spørsmål. Psykologspesialist Ann Kristin Vasstrand Lindseth deltek og svarar saman med foredragshaldar. 

 

portrettbilete av ei ung kvinne med langt, krøllete hår som sit på golvet

Foto: Jostein Vedvik

Connie Nybø er erfaringskonsulent i Kinn kommune, og fortel si historie.