Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Pasientkurs

Gruppetilbod for føresette - barn med autisme

Gruppetilbod til føresette med barn som har ein diagnose på autismespekteret. Gruppa er eit tilbod i hovudsak retta mot føresette til barn som relativt nyleg har fått diagnosen, men i år er det valt å inkludere interesserte føresette med barn som har hatt diagnosen ei tid.

10.
september
2025
2 dagar
  1. 10. sep. 2025, 09:30 - 14:30
  2. 15. okt. 2025, 09:30 - 14:30

Tid og stad

Når

  1. 10. sep. 2025, 09:30 - 14:30
  2. 15. okt. 2025, 09:30 - 14:30

Arrangør

Om bornet/ungdommen ikkje har eit tilbod ved HABU per dags dato, trengst det ei tilvisning frå fastlegen for deltaking på kurset.

Kvart møte vert innleia av presentasjon av eit tema knytt til autisme. Tilbodet skal gje moglegheit til å utveksle erfaringar om det å være føresett til eit barn med denne funksjonshemminga, og til å bygge nettverk med andre i same situasjon. 

 

Tema for gruppa blir: 

10. september  – Kva er autisme? Vanskar og prognose. 

15. oktober          – Toleransevinduet, tiltak og aktuelle hjelpeinstansar. 

 

Gangen i kvart møte vert: 

08.00-09.30 Registrering og kaffe 

09.30-11.30 Førelesning  

11.30-12.30 Lunsj  

12.30-14.30 Samtale om dagens tema (eller andre relevante innspel) 

14.00-14.30 Avslutning 

 

Atterhald om endringar.

 

Praktisk informasjon

Møte varar frå kl. 09.30 – 14.30 og er tenkt som dagsseminar. Det vert servert kaffi, og det er mogleg å kjøpe ein lett lunsj for 80 kr. Kontant eller vipps. Gje beskjed ved spesielle behov/allergiar.

Gruppetilbodet er lagt opp slik at ein kan søkje på opplæringspengar hos NAV som kompensasjon for bortfall av inntekt. Du kan få opplæringspengar etter dei same føresegnene som gjeld for sjukepengar ved eigen sjukdom. Les meir om opplæringspengar på «nav.no». 

Møta vil vere i LMS sine lokale ved Sjukehuset i Førde.

 

Kontakt