Tid og stad
Når
- 06. nov. 2024, 10:30 - 15:00
- 13. nov. 2024, 10:30 - 15:00
- 20. nov. 2024, 10:30 - 14:30
- 27. nov. 2024, 10:30 - 14:30
- 04. des. 2024, 10:30 - 14:30
- 11. des. 2024, 10:30 - 14:30
- 18. des. 2024, 10:30 - 14:30
Type arrangement
Arrangør
Kvar
Informasjon
Programmet er for deg som har ein lungesjukdom og opplever tung pust, hoste og eventuelt slim, og at dette begrensar deg i kvardagen din.
Målsetnad:
Målet med programmet er at du skal leve best mogleg med lungesjukdomen ved å få auka kunnskap og innsikt i eigen sjukdom, bedre meistring av livssituasjon, auka evne til å klare dei daglege aktivitetane og bli motivert til fysisk aktivitet.
Lær meir om:
Pusteteknikk, trening, tilpasse behandling etter form, meistre stress, gode matvanar, korleis gjere kvardagsaktiviteter på ein enklare og effektiv måte. Få meir kunnskap om lungesjukdom og korleis ta medisin slik at du får best effekt.
Kor mykje tid tek det?
Programmet går over 7 veker. Tirsdagar vil det vere undervisning og trening. Det vil og vere høve til individuell samtale/veiledning med sjukepleiar eller fysioterapeut gjennom programmet.