Tid og stad
- Når
-
- 13. apr. 2026, 09:30 - 15:30
- 23. apr. 2026, 09:30 - 15:30
- Type arrangement
- Gruppeopplæring
- Arrangør
Kurset er for deg som enten skal starte i dialyse eller som skal transplanterast. Kurset vert arrangert i eit samarbeid mellom dialyseavdelinga ved Førde sentralsjukehus, Lærings- og meistringssenteret i Helse Førde og brukarrepresentantar. Målsettinga er å hjelpe pasienten og pårørande til å meistre kvardagen med kronisk nyresvikt.
Vi håpar du og ein av dine pårørande kan delta.
Gjennom kurset vil du få viktig informasjon om kronisk nyresvikt, om dei ulike behandlingsformene, og du vil treffe andre i liknande situasjon.
Innhald:
- Nyrene sin funksjon, og kva som skjer ved svikt i desse funksjonane
- Om sjukdommar og medikament.
- Om ulike dialysemåtar.
- Nyretransplantasjon: utgreiing, behandling og oppfølging.
- Brukarerfaring: tidlegare pasientar deler sin erfaring som donor, transplantert og dialysepasient.
- Fysisk aktivitet
- Trygderettigheiter
- Ernæring
- Å leve med kronisk sjukdom - naturlege kjenslemessige reaksjonar
Nyrelege, sjukepleiarar og brukarrepresentantar er med på alle kursdagane.
Praktisk informasjon:
Eigenandel på 403 kr (ingen ved frikort). Gratis for pårørande. Lunsj kan kjøpast for kr 80 kr per pers (vipps eller kontant). Gi beskjed ved spesielle behov.
Utgifter til reiser, kost osv. dekkast etter faste takstar. Ta kontakt med pasientreiser på telefon 05515 eller www.pasientreiser.no ved behov for tilrettelegging av reisa.
Avbestilling seinast 24 timar før kurset.
Dersom du ikkje møter til avtalt kurs vil sjukehuset krevje eit gebyr.