Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Pasientkurs

Set kurs mot framtida - Meistring og sjølvstendighet

Ungdomstilbod til deg mellom 13 og 17 år som har lyst til å bli betre til noko i kvardagen. Saman med andre ungdommar kan du få tilbod om eit 3 dagars opphald på Habilitering for barn og unge (HABU) i Førde.

22.
september
2025
3 dagar
  1. 22. sep. 2025
  2. 23. sep. 2025
  3. 24. sep. 2025
Påmelding

Tid og stad

Når

  1. 22. sep. 2025
  2. 23. sep. 2025
  3. 24. sep. 2025

Arrangør

Påmelding

  • Om du er tilknytt HABU kan du ta direkte kontakt med oss og melde di interesse.
  • Om du ikkje er har tilknytning til HABU kan du henvisast av fastlege. Er du usikker og ynskjer meir informasjon må du gjerne ta kontakt.

Saman med fagpersonar og foreldre får du hjelp til å finne dine eigne mål og finne tiltak som kan føre til små eller store endringar som du tykkjer er viktige i livet ditt. Du får lære om tema som kan vere bra å kunne som ungdom og ung vaksen, og bli kjent med andre i liknande situasjon som deg. Det blir tilbod om ulike aktivitetar i lag med dei andre ungdommane; treningar, VR-spel, samtalar og førelesingar. Om du ynskjer å bli testa opp mot målsetjinga di tilbyr vi testar på fysisk funksjon, styrke og andre områder.

Det er ingen deltakaravgift, og det kan søkjast om opplæringspengar.

 

Kontakt