Ein lang gang med raude dører

Kvinneklinikken

Kvinneklinikken i Helse Førde er ei kombinert avdeling som inneheld føde, barsel og gynekologi. Vi held til i 5. etasje. Helse Førde tilbyr barselopphald ved våre "God Start" einingar ved Lærdal- og Nordfjord sjukehus.

Årleg har vi om lag 900 fødslar. Vi har og eit breidt tilbod innan utgreiing og behandling av kvinnesjukdomar generelt. Kvinneklinikken er eit godkjend Mor-barn-venleg sjukehus.

Les meir om mor-barn-venleg sjukehus

Avdelinga er døgnbemanna av barnepleiar, sjukepleiar, jordmødre og gynekologar/fødelegar. Barnelege og anestesipersonell er og tilknytt avdelinga heile døgnet ved behov. På grunn av at Kvinneklinikken er ei kombinert og felles avdeling med både gynekologi og føde/barsel, vil du som pasient her møte kvinner i alle aldrar og situasjonar.

Praktisk informasjon


Informacje w jezyku polskim

Kontakt

Postadresse

Helse Førde, Kvinneklinikken, postboks 1000, 6807 Førde.

Kontakt oss via eDialog

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Kvinneklinikken er på flyttefot
18. september begynte vi innflyttinga i nye, flotte lokaler i Livabygget. Vi er framleis å finne i 5. etasje, og du tek trapp eller heis som før. Inngangen til Livabygget, med mor-barn-avdeling, vil bli merka. Her finn du føde, gynekologisk sengepost og barneavdelinga. I begynnelsen av oktober flyttar kvinneklinikken sine poliklinikkar, som no heiter kvinnepoliklinikken, frå 6. etasje til dei gamle lokala i 5. etasje.

Med flytting følger det med litt endringar, og vi jobbar med å få dette på plass så fort som mogleg. Ønsker du å nå oss på telefon, har vi dei samme telefonnummera som før. Velkommen til oss!

Føde- og barselavdeling
All kontakt på dagtid til sekretær i ekspedisjon i 5. etasje, anten direkte ved oppmøte i luke eller ved telefonkontakt 578 39 233. Kontakt etter klokka 15.00 til tlf: 578 39 233/578 39 132, då går telefon direkte inn på felles vaktrom for gynekologi, føde og barsel. Ved oppmøte i avdelinga etter klokka 15.00, ta direkte kontakt med personell på vaktrom i 5. etasje.

Gynekologisk sengepost
All kontakt på dagtid til sekretær i ekspedisjon i 5. etasje, anten ved direkte oppmøte i luke eller ved telefonkontakt 578 39 233. Kontakt etter klokka15.00 til tlf: 578 39 233/578 39 132, då går telefon direkte inn på felles vaktrom for gynekologi, føde og barsel. Dersom du som pasient har fått time til konsultasjon føl du instruksen på innkallinga i høve oppmøtestad.

Føde poliklinikk
All kontakt via telefon i høve ultralyd. Du kan du ringe på dagtid måndag til fredag frå klokka 08.00 til klokka 15.00, på tlf: 578 39 233. Har du time på fødepoliklinikk kontaktar du ekspedisjonen i 6. etasje (innerst i gangen på gynekologisk poliklinikk).

Gynekologisk poliklinikk
All kontakt på dagtid til sekretær i ekspedisjon i 6. etasje frå mandag - fredag frå kl.08.00 - 15.00 (innerst i gangen på gynekologisk poliklinikk). Telefon: 57839239/ 57839241

Amme poliklinikk - fredagar
Har du ønskje om time på ammepoliklinikk, ring sekretær på dagtid måndag til fredag klokka 08.00 - 15.00, telefon: 578 39 233. Tilvising er ikkje naudsynt. Oppmøtestad til ammepoliklinikk er på venterom i 6. etasje.

Samtalepoliklinikk
Har du behov for fødselssamtale er det naudsynt med tilvising frå jordmor eller fastlege. Her treff du faste jordmødre som i tillegg til samtalepoliklinikken, jobber ved føde/barsel avdelinga. Oppmøtestad er i 6. etasje. Du må gjerne ha med partner under samtalen.

En stor bygning med en stor plen foran seg

Førde sentralsjukehus

Svanehaugvegen 2

6812 Førde

Buss

Det går regelmessig rutebussar mellom Førde Sentralsjukehus og Førde Rutebilstasjon.

På nettsidene til skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestadar og tider for Sogn og Fjordane.

Frå Førde er det også gode bussamband til Bergen, Oslo, Ålesund og Trondheim.

Flybuss

Det går direkte flybuss frå Førde Lufthamn Bringeland til Førde Sentralsjukehus for alle fly som landar. Frå Førde Sentralsjukehus går flybussen 70 minutt før alle flyavgangar.

Parkering

Det er mogleg å parkere gratis på sjukehusområdet for pasientar og besøkande.

Taxi

Drosjesentralen i Førde er om lag 100 meter frå Rutebilstasjonen. Ved behov er våre tilsette i resepsjonen tilgjengelege 24 timar i døgnet og kan bestille taxi til deg.

 

Praktisk informasjon

Ved Førde sentralsjukehus finn du Sjukehusapoteka Vest HF si avdeling i Sogn og Fjordane.

​​Apoteket gjev tilbod til alle nyutskrivne og polikliniske pasientar ved Førde Sentralsjukehus, samt alle tilsette og besøkande.  Sjukehusapoteket er altså open for alle.

På veg heim frå sjukehuset kan pasientar få med seg alt dei treng av legemiddel og utstyr for vidare behandling heime. I tillegg har apoteket eit stort og variert utval av reseptfrie legemiddel, hudpleiemiddel, kost- og ernæringsmiddel samt andre apotekvarer.

Apoteket gjer klar legemidla medan du ventar og gjev råd om korleis du skal bruke dei på rett måte.

Apoteket forsyner dei fleste avdelingane i Helse Førde med legemiddel, apotekvarer og farmasøytiske tenester og gjev farmasøytisk rådgjeving til mange kommunar i Sogn og Fjordane.

​For å få behandling ved sjukehus eller poliklinikk må du i utgangspunktet vere tilvist frå lege, kiropraktor eller manuell teapeut. Har du trong for legehjelp skal du ringe fastlegen din eller den kommunale legevakta.

Les meir om eigendelar på helsenorge.no

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Då kan det vere lurt å hugse nokre reglar.

​Det er sjølvsagt heilt greitt så lenge det er pasientane og/eller pårørande og vener som er på bileta.

Det er likevel ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsette. Vi har hatt tilfeller der bilete av medpasientar/tilsette er blitt publisert i digitale media utan deira godkjenning.

Vi håper alle viser respekt for personvernet til alle dei møter under besøket på sjukehuset og avgrensar fotografering til å gjelde eigen familie og vener.

​Ved Førde sentralsjukehus finn du kiosk der du kan kjøpe aviser og andre kioskvarer. Du kan også levere kupongar til Norsk Tipping sine spel.

Alle kantinene i Helse Førde er opne for tilsette, pasientar og pårørande.

​Kantinene på Lærdal sjukehus og Nordfjord sjukehus finn du i underetasjen. Dei har opningstid 10.30 - 14.30.

Hovudkantina ved Førde sentralsjukehus ligg i 2. etasje. Her får du kjøpt varm mat og mykje anna. Den har opent 07.30 - 20.00.
I Førde finn du også ein kafe i 1. etasje innanfor resepsjonen. Denne har opningstid  09.00 - 15.00. Her finn du kaffe, te, anna drikke, påsmurt og kaker m.m.

Kantina ved Indre Sogn psykiatrisenter er open alle kvardagar frå klokka 10.00-13.30.

Kantina på Tronvik er open for tilsette og bebuarar.

​Du kan nytte mobiltelefon ved sjukehusa. Vi oppfordrar likevel alle til å bruke mobilvett og ta omsyn til medpasientar.

Det er viktig å sette telefonen på stille om natta, og på stilleringing eller vibrering om dagen. Av omsyn til dei andre pasientane er det best å gå ut av rommet dersom du må ta ein lengre samtale.

Vi ber om at du inne på pasientrommet ikkje snakkar eller har lyd på mobilen i tidsrommet etter klokka 21.30 til klokka 08.00 neste dag.

Det er gratis trådlaust nettverk for pasientar, pårørande og besøkande på sjukehusa. Dette kan du kople deg til frå din smarttelefon.

Førde sentralsjukehus har sett av hundre parkeringsplassar berre for pasientar og pårørande. Er alle desse plassane opptekne, er det fleire parkeringsområde rundt Førde sentralsjukehus. Ledige plassar på desse områda kan òg nyttast av besøkande.

BLODGJEVARAR og RØRSLEHEMMA har eigne parkeringsplassar mellom anna framfor hovudinngangen og rundt om på sjukehuset sitt område. Dei som kan parkere her, har eige parkeringsløyve. Utan slikt løyve er parkering rekna som ugyldig.

Ordinær parkering for pasientar og pårørande:
Parkeringsplassen er inn frå Svanehaugvegen. Sjå blått område på kartet:

 

Kart over parkeringsplassar ved Førde sentralsjukehus

 

 

​I 6. etasje har Førde sentralsjukehus eige pasienthotell.

Pasienthotellet har 22 senger. Dei er fordelt på seks enkle rom og åtte doble rom. Alle romma er tilpassa rullestolbrukarar.

​Treng du nokon å snakke med? Sjukehuspresten er til for deg anten du er pasient eller pårørande. I møte med denne omsorgstenesta kan du finne ein «fristad» og ein plass å samle tankane. I samtale med sjukehuspresten er det tid og rom for både stort og smått.

Du treng ikkje ha kristen eller religiøs tru for å ta kontakt. Det er ditt liv og dine tankar som har fokus. Det er sjølvsagt og høve til klassiske prestetenester som mellom anna sermoniar og bøn.

Uansett kva du har på hjartet er sjukehuspresten tilgjengeleg for å møte deg, der det passar deg best. Det kan vere på telefon, prestekontoret, pasientrom, i kantina eller kanskje på ein benk ute.

Ta kontakt direkte med Helene Langeland på telefon 908 79 281, eller spør personalet om å tilkalle/avtale tid med prest.

Sjukehuspresten er primært tilgjengeleg i ordinær kontortid, men kan og tilkallast til andre tider.

Kontoret er på plan 2, første dør til høgre for inngangen til kantina.

Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).
  3. Les nøye gjennom vilkåra.
  4. Trykk "Godta" når du har lese og forstått vilkåra.
Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal berre vere nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar.
 

Akuttmedisin:
Etter avtale på telefon 57 83 90 82.

Barneavdeling:
Visittider sengeposten 5. etg: Kontakt personale på vaktrommet.

Kirurgisk:
Visittider sengepost 12.30-13.30 og 18.30-19.30.

Kreft:
Visittider sengepost: Har ikkje faste visittider. Ta kontakt med vaktrommet.

Kvinneklinikken:
Far eller medmor kan kome når dei ønskjer utanom kviletid klokka 13.00-15.00. Søsken til barnet og andre besøkande kan takast i mot utanfor avdelinga.

Medisinsk:
Visittider medisinsk sengepost 14.30-15.30 og 19.00-19.45. Til eineromma: Etter avtale.

Nevrologisk:
Ikkje fast visitttid. Pårørande og andre er alltid velkomne.

Ortopedisk:
13.30-16.00 og 17.30-19.30.

Gravid? Vi treng nokre opplysningar frå deg FØR du kjem til oss

Gå inn i din fødejournal på helsenorge.no og registrer viktig informasjon
Fyll ut skjema her
gravid kvinne med laptop

Til nybakte foreldre i Helse Førde

Eit par timar etter fødselen blir mor og barn flytta over til barselavdelinga. Helse Førde har ei kombinert føde- og barselavdeling i 5. etasje ved Førde sentralsjukehus, så vegen er ikkje lang frå fødsel til barsel. Barselgangen er ein paralell gang til fødegangen. Har vi plass til far/parner kan de ha rom saman på barsel. Du som ønskjer det kan overførast til God Start einingane (barselseining) ved Nordfjord sjukehus eller ved Lærdal sjukehus.
Les meir: Til nybakte foreldre i Helse Førde
Nyfødd barn saman med mor.

Til deg som er gravid

Gratulere med graviditeten! Vi på kvinneklinikken Helse Førde ynskjer at du skal føle deg trygg og ivaretatt gjennom graviditeten og fødselen.
Til deg som er gravid
gravid kvinne

Til partnar som følger fødekvinna til Kvinneklinikken

Generell informasjon til deg som følgjer kvinna.
Informasjon om mat- og overnattingsmoglegheiter
babyfot i hand

Til deg som skal føde

Vi har ein Kvinneklinikk med tilgang til spesialkompetanse innan fødselshjelp. Barselavdelinga der du og barnet er etter fødsel, er i same avdeling. Du kan og velje å ha barselopphald ved "God Start" einingane på Nordfjord sjukehus og Lærdal sjukehus.
Informasjon til deg som skal føde
Kunst på dørenene ved Kvinneklinikken, laga av Oddvar Torsheim.

Velkommen til føde- og barselavdelinga i Helse Førde

Informasjonsfilm (Vimeo)
stork

Sexologisk rådgjeving for enkeltpersonar og par

Vi kan tilby hjelp til enkeltpersonar eller par med ulike seksuelle problem, og kan gje råd om førebygging av helseplager, og meistring av seksuelle utfordringar.
Sexologisk rådgjeving for enkeltpersonar og par
Et tre med røde prikker

Rom på kvinneklinikken

Velkommen til kvinneklinikken i Helse Førde! Her finn du litt praktisk informasjon om rom, måltid og rutiner ved Førde sentralsjukehus.
Praktisk informasjon om rom på kvinneklinikken
Et par uniformkledde går gjennom en gang med et stort maleri på veggen