Oppfølging av mor
Under barselopphaldet blir det gjennomført nødvendige observasjonar og undersøkingar. Dette kan mellom anna omfatte:
- måling av blodtrykk, puls og temperatur
- amme- og ernæringsrettleiing
- blodprøver ved behov
- samtale med jordmor om fødselen
- utreisesamtale med jordmor
Oppfølging av barnet
For å sikre at barnet har det bra, blir det gjennomført rutinemessige undersøkingar:
- vektkontroll
- observasjon av vitale teikn
- høyrselstest
- nyfødtscreening
- undersøking av barnelege ved behov
Nyfødtscreening og undersøking av nyfødte - Helsenorge
Dersom barnet treng behandling eller observasjon på Nyføddintensiv, tilstrebar vi at familien får familierom på Barneavdelinga.
Kvinneklinikken og Barneavdelinga ligg side om side i 5. etasje og samarbeider tett om oppfølginga av familien. Personalet ved Kvinneklinikken har ansvar for mor, medan personalet på barneavdelinga har ansvar for barnet. Målet er at familien skal vere saman.