Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Hofteprotese

Slitasjegikt, også kalla artrose, er den mest vanlege årsaka til at ein set inn ei hofteprotese. I dei fleste tilfella oppstår slitasje utan at ein kjenner årsaka, men genetiske forhold spelar ofte ei rolle.

Når ein har ein slitasje i hofta prøver ein først med smertestillande og fysioterapi. Om dette ikkje gjev tilstrekkeleg lindring, kan protesekirurgi vere nødvendig for å betre funksjonen og gje mindre smerter.

Et nærbilde av en menneskekropp
Til venstre: Normal hofte. Til høyre: Hofte med artrose.
Når ein har ein slitasje i hofta prøver ein først med smertestillande og fysioterapi. Om dette ikkje gjev tilstrekkeleg lindring, kan protesekirurgi vere nødvendig for å betre funksjonen og gje mindre smerter.
 
Det finst ulike typar proteser. Ei hofteprotese består av ein stamme, ei leddkule og ein kopp.
Hofteprotese
Hofteprotese

Vi brukar som oftast ei usementert protese, men dersom beinkvaliteten er dårleg, må vi bruke sement for å feste protesa. I samband med operasjonen er det aktuelt med to ulike tilgangar for å sette inn protesa; framre og bakre tilgang. Dette informerer operatør deg om når du er på poliklinikken før operasjonen. Like etter operasjonen kan du belaste det opererte beinet inntil smertegrensa.  Dersom ortopeden eller behandlande fysioterapeut gjev deg andre restriksjonar i høve belastning, er det desse som er gjeldande.​

Praktisk informasjon til deg s​om skal opererast​

​Skal eg fortsette med dei vanlege medisinane mine før operasjonen?

Som regel skal ein fortsette med faste medisinar. Brukar ein blodfortynnande må dette takast opp med oss i god tid før operasjonen. Som regel vert dette avklara når ein er på poliklinikken og operasjon vert bestemt.

Kor lenge vert eg sjukmeld?

Du vert sjukmeld i 6 til 12 veker, alt etter kva slag arbeid du har.

Kan eg halde fram i den vanlege jobben min?

I dei fleste tilfelle kan du det. Er du i tvil, spør oss.

Er det normalt at hofte/lår er misfarga etter operasjonen?

Avleiringar av blodfargestoff i huda omkring opera¬sjonsområdet er heilt normalt. Blodet vert fordelt ut i huda gjennom lymfesystemet. Fargeforandringa forsvinn i løpet av få veker.

Er det normalt at eg er hoven i det opererte beinet?

Ja. Dei fyrste månadene etter operasjonen er det vanleg at ein er hoven i det opererte beinet. Dette er normalt. Sit med beinet høgt når du har høve til det, og bruk sirkulasjonsøvingar som du har fått av fysioterapeut.

Kan eg dusje og bade etter operasjonen?

Du kan dusje med vanntett bandasje etter operasjonen, men ikkje bade før etter tre veker. Då skal såret vere grodd.

Når kan eg starte med sport igjen?

Dette er veldig individuelt. Det kjem an på kor godt trena du var frå før, og kva du driv med. Ta dette opp med fysioterapeut, anten medan du er innlagd eller på tremånaders-kontrollen.

Kan eg få operert begge hoftene samtidig?

Dette gjerast i nokon tilfelle, og blir avgjort i samråd med den som skal operere deg.

Kor lang tid skal det gå før eg eventuelt kan operere den andre hofta?

Den andre hofta kan opererast når du har fått god funksjon i den opererte hofta. Nokre pasientar er klar etter rundt tre månader, hos andre kan det gå lenger tid.

Kor mange hofteproteseoperasjonar blir utført årleg?

I Noreg opererer ein inn om lag 8500 proteser årleg. I Førde opererer vi rundt 300 i året.

Planlegg korleis du skal komme deg til og frå sjukehuset. 

Du må sjølv organisere transport og det beste for deg er om du kan bli henta. Ta kontakt med Pasientreiser dersom du er usikker. Ein får dekka standardsats hjå pasientreiser. Ein får ikkje noko ekstra for eigen bil eller sjåfør, då ein etter ein slik operasjon er i stand til å bruke offentleg kommunikasjon om ønskjeleg.

Overnatting

Førde sentralsjukehus

Treng du overnatting natta før du skal innleggast? På Førde sentralsjukehus finns det pasienthotell.

Lærdal sjukehus

Treng du overnatting natta før du skal innleggast? Det er pr i dag ikkje pasienthotell i Lærdal, men i sentrum finn du fleire overnattingsstadar. OBS: merk deg avstanden mellom sentrum og sjukehuset.

Nokre av dei er kun åpne i sesong. Ellers vil du og finne overnattingsmoglegheiter i Sogndal og Årdal.

Innkjøp av mat

Planlegg innkjøp slik at du slepp å reise på butikken dei fyrste dagane etter at du kjem heim.

Opprett kontakt med ein fysioterapeut

Dersom du ikkje har hatt fysioterapi før operasjonen tilrår me deg no til å orientere deg om fysioterapitilbodet på heimstaden din. Du treng ikkje henvisning for å få behandling av fysioterapeut, ta direkte kontakt og avtal behandlinga.

Opprett kontakt med kommunen

Dersom du trur du vil trenge kommunal rehabilitering, eller heimesjukepleie, kan det vera lurt å ta kontakt med kommunen på førehand for å førebu dei på at du vil trenge hjelp.

 

 

Du kjem inn til konsultasjon hos ortoped. Blir det bestemt at du skal få ei hofteprotese må du gjennom ein del førebuingar den dagen.

Du får informasjon av operatør, fysioterapeut og sjukepleiar på poliklinikken. 
Deretter tek ein lege opp innkomstjournal. Det blir så tatt blodprøver, og du skal snakke med anestesipersonalet som avgjer kva type bedøvelse du skal ha. Ein nyttar som regel ein ryggbedøvelse kor ein kan få noko å sove på, eventuelt full narkose. Alt dette tek nokre timar.

Når alt dette er gjort, kan du reise heim. Du vert kontakta nokre dagar før operasjonen av Dagkirurgisk Senter. Då får du klokkeslett for oppmøte, og dei vil spørje deg om alt står bra til og om du har nokre spørsmål.​

Alle leddproteser har blitt følgt opp i eit register i Norge sidan 1987 (Nasjonalt register for leddproteser). Dette har hatt mykje å seie for å kunne følge opp kvaliteten på protesekirurgien.

Vi oppfordrar deg til å gje ditt samtykke til at også din operasjon kan registrerast. Dette blir gjort fyrste gong når du er på poliklinikken den dagen du vert førebudd til operasjon. Operatøren fyller ut eit skjema etter operasjonen. Etter eitt år vil du få tilsendt eit spørjeskjema som du skal svare på.

Det er Helse Bergen og Haukeland Universitetssjukehus som styrer registeret.

Sjukdom og hud

Det er viktig at du er frisk når du skal opererast. Dette for å minimere risikoen for komplikasjonar i samband med operasjonen. Ring oss dersom du har: 
  • ​Forkjøling, feber, urinvegsinfeksjon eller andre infeksjonar i kroppen.
  • Sår, rifter eller kviser på huda rundt operasjonsområdet, då det kan vere inngangsport for bakteriar.
  • Sår andre stader på kroppen.
  • Vore innlagd på sjukehus eller gjennomgått kirurgiske inngrep (inkludert tannbehandling) sidan proteseoperasjonen vart bestemt. 
  • Er du plaga med hyppig urinvegsinfeksjon bør du ta ei urinprøve hos fastlegen din seinast tre veker før operasjonen. Er det aktuelt, kan legen din starte behandling raskt slik at du er klar til operasjon som planlagd.
  • Har jobba på sjukehus i utlandet siste 12 månadene. Prøver for MRSA, ESBL og VRE må da takast.

Tannstatus

Pass på å gjennomføre store tannbehandlingar i god tid før operasjonen. Er det lenge sidan du har vore hos tannlegen kan det vere greit med ein sjekk før operasjonen. Grunnen til det er at ein infeksjon i munnen kan spre seg til hofteprotesa.

Røyking

Dersom du røyker, rår vi deg til at du sluttar å røyke minst fire veker før operasjonen. Dette minskar risikoen for komplikasjonar betrakteleg. Røyking gjev auka risiko for alle typer komplikasjonar. Du kan få røykeplaster når du er innlagt hos oss. 

Medisinar

Du må ta med ei oppdatert medisinliste når du blir lagt inn for operasjon. Det er spesielt viktig at du tek med augedråpar og inhalasjonar du brukar fast. Desse brukar du som vanleg under opphaldet, all annan medisin får du av oss. Nyttar du blodfortynnande medisin vert dette vurdert av operatør medan du er på poliklinikken. Må ein slutte med blodfortynnande tablettar, vert dette vanlegvis erstatta med Klexanesprøyter i ein periode før operasjonen. 

Heimesituasjonen

Om det let seg gjere, er det praktisk å ha alt på eitt plan i heimen (seng, toalett m.m). Treng du hjelpemiddel, på førehand ta kontakt med pleie- og omsorgstenesta i kommunen din for å høyre om dei har til utlån ting som toalettforhøgar, gripetang med meir. Fjern tepper og andre hindringer som ein kan snuble i, du bruker krykker ein periode etter operasjonen.
Utstyr til bruk på sjukehus: Ta med deg kle som er lette å ta av og på. Du bør ha med deg gode sko som sit godt og som er enkle å ta på.

Heimreise

Som regel kan du reise heim dagen etter operasjonen. Du må da meistre å bruke krykker, komme deg inn og ut av senga sjølv , kle på deg og klare å gå i trapper. Planlegg heimreise før du kjem inn, og avtal  med nokon som kan hente deg.

Råd frå fysioterapeut

Vi tilrår at ein held seg i fysisk god form før operasjonen. Det er trygt å trene sjølv om du har problem med hofta. Styrketrening kan som oftast gjennomførast, sjølv om det er vondt å gå. Dersom du haltar når du går, tilrår vi at du nyttar krykker. Sykling og aktivitet i basseng er gode alternativ til aktivitet på hardt underlag. 

Mange kan få mindre plager etter ein periode med rettleia styrketrening hjå fysioterapeut. Fysioterapeutar som har Aktiv med Artrose-kompetanse har særskild utdanning innan dette området.

Førebuingar da​​​gen og kvelden før operasjonen

  • ​Du sjekker inn på pasienthotellet eller sengepost dagen før operasjonen. Klokkeslett står i innkallingsbrevet.
  • Du må vere på rommet ditt på pasienthotellet i 19-tida for å få tatt blodprøver.
  • Om kvelden skal du dusje og vaske deg med ei spesiell såpe kalla Hibiscrub. Denne og anna utstyr/klede du treng, får du av personalet på pasienthotellet. Dersom du har eksem, psoriasis eller er allergisk mot Hibiscrub, skal du bruke såpe som du nyttar til vanleg. Blir du innlagd på sengepost dagen før operasjonen, får du hjelp av personalet til desse gjeremåla. Personalet på pasienthotellet kjem med dine personlege eigendelar til sengeposten for deg.
  • Du skal faste frå klokka 02 natta før. Du kan drikke klare væsker (kaffi utan mjølk eller fløyte, te, vatn, saft og juice utan fruktkjøtt) inntil to timar før operasjonen. Er ein tidleg oppe, kan det vere ein fordel å ta seg litt drikke. 
  • Ein skal ikkje røyke eller snuse dei siste to timane før operasjonen.

Du skal dusje med Hibiscrub om morgonen. Ta på deg sjukehuskle og tøflar/fotovertrekk når du går ned til operasjon. Ta av deg klokke og smykker.
 
Hjå Førde sentralsjukehus møter du fastande på Dagkirurgisk Senter i 2. etasje til avtalt tid. På Lærdal sjukehus møter du opp dagen før og blir skreven inn. Er du innlagd på sengepost, blir du køyrd ned av portør. Du vert tatt i mot av ein sjukepleiar som vil gje deg informasjon og klargjere deg til operasjonen. Du vil også få snakke med legen som skal operere deg.
 
Etter operasjonen ligg du på oppvakning/intensiv nokre timar, før du blir flytta til ortopedisk sengepost. Innan fire timar etter operasjonen skal du opp og stå, og byrje å trene på å gå.

Store ortopediske inngrep vil vera forbunde med smerte dersom ein ikkje gir tilstrekkeleg smertestillande behandling.

Vi har eit omfattande smertebehandlingsprogram som gir den nødvendige smertelindringa.

Opplegget byggjer på ein basisbehandling som består av smertelindrande og betennelsesdempande medikament. Nokre vil ha behov for ytterligare smertebehandling. Medisinane vil ikkje ta vekk all smerte, men er meint til å halde det på eit nivå der du har et bra (blå/grøn sone på skalaen under). Det er ikkje farleg å ha sårsmerter og det betyr ikkje at noko er gale.

For å få best mogleg smertebehandling, er det viktig at du er åpen og ærleg om evt tidlegare forbruk av smertelindrande medikament. Det oppgir du ved samtale med lege på poliklinikken, eller når du kjem til avdelinga. Då er det lettare for oss å tilpasse behandlinga optimalt.

Det er og viktig å tenkje på at sosiale forhold (samlivsbrot, tap av arbeid, kven bur pasienten med, pågåande belastningar relatert til anna enn ortopediske problem, kulturell bakgrunn), psykiske forhold (angst/depresjon, tap i nær relasjon, alvorlig sjukdom i nær relasjon, motivasjon, opplevelse av tap av kontroll, smertefokusering), og fysiske forhold (som fysisk aktiviet, sjukehistorie), kan ha noko å seie for både det postoperative forløpet og smertebehandlinga.

For å måla effekten av den smertebehandlinga du får, brukar vi ein analog smerteskala (sjå bilete under). Denne går fra 0 til 10 og gir oss et mål på ditt behov for smertestillande medikament. Her står det og litt forklaring på tala, slik at du kan lettare setje tall på smerten du opplever. Når vi spør deg om kor sterke smerter du har på ein skala frå null til ti så er det denne skalaen vi meiner.

Bord
Smerteskala: Vurdering av smerter.

Behovet for smertestillende medikament er størst dei første dagane etter operasjonen. Det er viktig at du gir beskjed dersom smertene går ut over søvn, avspenning og trening, slik at du kan få meir smertestillande.

Denne videoen er laget av Nasjonal Kompetansetjeneste for Albuekirurgi i samarbeid med Hellevik Studio.

 

Du skal kle deg i eigne klede og vere mest mogleg oppe etter operasjonen. Fysioterapeutane vil instruere deg i øvingar som du sjølv må utføre. Vanlegvis kan du legge tyngde på det opererte beinet allereie fyrste dagen. Det er mykje trening i daglege gjeremål som toalettbesøk, hente seg vatn, gå i kantina og liknande.
 
Vi vil at du så fort som mogleg nyttar deg av kantina vår ved måltid, og du vil sjølvsagt få hjelp der om du treng det.
 
Når du på eigenhand kjem deg inn og ut av senga, går på toalettet sjølv, kler på deg sjølv og går i trapper med krykker så er du klar til å reise heim.
 
Du kan reise heim dagen etter operasjonen.
 
Du skal nytte Klexane i ti dagar etter operasjonen. Dette er ei blodfortynnande sprøyte som personalet på ortopedisk avdeling gjev deg opplæring i å setje før du reiser heim.​

Aktivitet/førebygging av komplikasjonar

For å førebygge komplikasjonar som til dømes pustevanskar og blodpropp, er det viktig å komme seg raskt opp av senga og stå/gå etter operasjonen. Fysioterapeuten kjem til deg same dag eller dagen etter operasjonen. Du kan vere oppe og gå/sitte i stol så mykje du ynskjer etter operasjonen. Det er betre med mange og små turar enn få og lange. Det er best for deg å kome ut av og opp i senga via den opererte sida. 

Sår/sting/stifter

Det er ulikt om operatørane syr med sting som skal fjernast, nyttar stiftar eller syr med sting som løyser seg opp sjølv. Dette får du informasjon om ved utskriving, eller det står i epikrisa. Har du sting eller stiftar som skal fjernast, bestiller du time hos eigen lege for dette etter to veker. 

Bandasje som vert lagt på etter operasjonen kan ligge på i to veker . Er det strips under, kan dei bli verande på til dei losnar av seg sjølv. 

Smerter

Dette varierer frå person til person. Ein vert utskriven med elektronisk resept på det ein treng av smertestillande.

Hevelse/blodansamling

Hevelse i det opererte beinet er normalt. Dette skuldast tildels sjølve operasjonen og tildels at gangfunksjonen ikkje er heilt normal i starten. Hevelsen kan omfatte heile beinet med ankel og fot, men den forsvinn etter nokre månader. Blodansamlingar/blåmerker forsvinn av seg sjølv etter nokre veker. For å motverke hevelse skal du gjere sirkulasjonsøvingar. Fysioterapeut kjem til å vise deg dette.

Røntgenkontroll

Vi tek røntgenbilete av hofta før du reiser heim.

Bilkøyring

Du kan køyre bil når du har kontroll på det opererte beinet, har god reaksjonsevne og ikkje er påverka av smertestillande. Dette er individuelt og nokon fast regel finst ikkje. Hugs på at det er ditt eige ansvar å vurdere når dette er trafikkmessig forsvarleg.

Kontroll etter operasjonen

Du vert kalla inn til kontroll med røntgen hos fysioterapeut rundt tre månader etter operasjonen. 

Sjukemelding

Vanlegvis er du sjukemeld 6 til 12 veker etter operasjonen. Dette tilpassast individuelt, alt etter kva du jobbar med. Har ein ein tungt fysisk arbeid krev det lenger sjukemelding enn om ein sit på eit kontor.

Flyplass

Når ei går gjennom tryggleikskontrollane på flyplassar kan protesa utløyse alarmen. Dei tilsette på flyplassane er som regel vande med dette og det vil ikkje vere eit problem. Det kan vere til hjelp å ha med eit røntgenbilete eller vise til digital epikrise.
 

Fysioterapi

Dette skal du gjere etter operasjonen:
  1. ​Når du sit på ein stol og skal bøye deg ned til golvet, ha alltid føtene samla og knea ut til sidene. ​​​
  2. Bøy deg alltid ned mellom knea.
  3. Løft beinet opp med hofta vridd utover. (Utoverrotert hofte).
​Vanlege restriksjonar ved denne typen hofteoperasjonar:
  1. ​Unngå å krysse beinet over ei tenkt line midt gjennom kroppen.
  2. Unngå å bøye i hofteleddet samstundes som du vrir beinet innover (tærne skal ikkje peike innover).
  3. Unngå å strekke i hofteleddet (føre beinet bakover) samstundes som du vrir beinet utover (tærne peikar utover).
Desse restriksjonane gjeld i 6 veker etter operasjon, og skal hindre at hofteprotesa ikkje går ut av ledd (lukserer). Når det har gått 6 veker har strukturane rundt hofteprotesa grodd slik at hofta er meir stabil og faren for luksasjon er mindre. Vi tilrår likevel at ein held seg til restriksjon 2 og 3 også etter 6 veker.
Sirkulasjonsøvingar:
Ved sengeleie er det auka risiko for blodpropp og hevelse i beina. Det er difor viktig å bevege begge beina for å auke blodsirkulasjonen. Desse øvingane gjer du kvar time når du ligg i seng:
  • Bøy og strekk i anklane.
  • Trekke opp kneet med hælen langs madrassa. 
  • Stram lår og sete – slapp av. 
​Krykkegange/trappetrening:
Du vil få instruksjon i korleis du skal gå med krykkene. Du vil også bli instruert i gange i trapp. Det er venta at du trenar ein del på krykker sjølv.
Trening etter utskriving: 
Fysioterapeuten vurderer i samråd med deg om du bør følgjast opp av fysioterapeut etter utskriving. Dersom du er i stand til det, og føler deg trygg, kan du gjennomføre opptreninga utan oppfølging av fysioterapeut. Gjer øvingane du lærte under opphaldet. Saman med anna kvardagsaktivitet er dette god trening den første tida. Vi rår deg til å ta kontakt med ekstern fysioterapeut i løpet av dei første 4 vekene dersom du har behov for det eller om du er usikker på framgangen. Det tre første månadene rår vi frå intens styrketrening og trening som medfører auka smerte i etterkant. 
 

Øvingar du skal gjere etter operasjonen

​​​Sidelengs vektføring
Stå med brei beinstilling. Len deg til eine sida og legg vekta på eitt bein, samstundes som du bøyer litt i kneet. Strekk sakte i kneet og før vekta over på det andre beinet.
Ståande tåhev med støtte
Stå bak ein stol og støtt deg med hendene til stolryggen. Gå opp på tærne med begge beina. Senk deg roleg ned til ståande igjen.
Sitjande knestrekk
Sitt ytterst på ein stol eller benk. Strekk og bøy i det eine kneet. Gjenta med det andre beinet.
​Reise og sette seg med lett støtte
Beveg overkroppen framover, legg tyngde på beina og reis deg opp med støtte på eitt av armlena. Sett deg ned igjen og gjenta.
Knebøy med støtte
Støtt deg med begge hender på ein stolrygg eller liknande. Stå med føtene i skulderbredde-avstand. Hald ryggen rett, blikket fram og utfør knebøy.
Ståande hoftebøy med støtte
Stå rett og støtt hendene på ein stolrygg. Løft opp eine beinet frå golvet ved å bøye hofta.
Ståande bakoverføring av bein med støtte
Stå rett og støtt hendene på ein stolrygg. Stram setemuskulaturen og før beinet bakover. Pass på å stå rett med overkroppen.
 
Gjer øvingane 3-4 gonger dagleg. Begynn med maks 5 repetisjonar per øving og auk gradvis til 15 ettersom tilstanden betrar seg. Etter kvart kan du auke til 2-3 seriar/gjennomføringar per øving, med 1-2 minutt pause mellom seriane. Når du toler å stå med full tyngde på operert bein, utfører du øvingane med annakvart bein

​Fysisk aktivitet

  • ​Om du får det til, kan du kan sykle på ergometersykkel. På vanleg sykkel når det er forsvarleg.
  • Du kan svømme 3-4 dagar etter at stinga har blitt fjerna, og etter 3 veker dersom det ikkje er sting som skal fjernast og såret har grodd.
  • Vi frarår jogging, då dette kan medføre auka slitasje og kortare levetid for protesa.
  • Du kan gå langrenn og køyre alpint. Kvar enkelt må vurdere i kva grad dei har ferdigheiter til å utføre slik aktivitet innanfor akseptabel risiko. 

Infeksjon

Infeksjon i hofta er den mest alvorlege komplikasjonen. Heldigvis er dette ein sjelden komplikasjon. Teikn på infeksjon vil som oftast vere smerter i hoftepartiet, rødme, varme, væske frå såret og hevelse. Kontakt lege om dette skjer.

Sår

Ein viss grad av hevelse/rødme i såret er naturleg fyrste tida etter operasjonen. Ved væsking, aukande rødme og smerte i operasjonssåret må ein kontakte lege.

DVT/blodpropp

Dette er ein mindre vanleg komplikasjon. Du får blodfortynnade behandling i form av ei sprøyte (Klexane) som du skal bruke i 10 dagar etter operasjonen. Ved teikn på blodpropp som t.d. sterke smerter, hevelse i foten må ein ta kontakt med lege. Hjå pasientar med auka risiko for blodpropp vil denne behandlinga vare lenger.

Luksert hofte

Dette betyr at hofteprotesa går ut av ledd. Det er under tre prosent av pasientane som opplever dette. Risikoen er størst dei fyrste vekene, men kan også oppstå seinare. Teikn på luksasjon er sterke smerter og manglande evne til å stå på foten.

Beinlengdeforskjell

Fyrste månaden kan den opererte foten kjennest lenger enn den andre. Vi gjer alt vi kan for at det skal bli lik beinlengde, men av og til blir det ein viss forskjell. Dette vert sjekka på tremånaders kontrollen, og ved behov kan det bli aktuelt med innleggssålar.

Proteseløysning

Proteseløysning kan oppstå både ved sementerte og usementerte hofteproteser. Dette kan hende både i tidlig fase etter protesekirurgi heilt til fleire år seinare. Symptoma vil typisk være gradvis aukande smerter i lyske og/eller lår. Dei mest vanlige årsakene til proteseløysning er infeksjon i hofteprotesa, eller slitasje av leddflatene i protesa. Risikoen for løysning og behov for utskifting av protesa er større jo yngre pasienten er. ​

Ta kontakt med ​​​fastlege om det skulle vere spørsmål om komplikasjonar etter operasjonen. Fastlegen kan vise deg vidare til sjukehus ved behov.
 
 
Sist oppdatert 10.04.2024