Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Korsbandskade

Kneet har to korsband som sørger for å stabilisere kneet. Skade på desse krev behandling for å få tilbake normal funksjon.

Korsband

Det finst to korsband i kvart kne; eit fremre og eit bakre korsband. Beggje er viktige for å stabilisere kneet. Korsbanda er sterke leddband, og festar lårbeinet (femur) til skinnebeinet (tibia). 
 
Skade på korsbanda kan innebære ein delvis eller ein total ruptur. Diagnosen stilles gjennom ein grundig klinisk undersøking hos knespesialist. MR er ikke nødvendig for å stille diagnosen, men kan være nyttig i kartlegging av assosierte skader i kneet (meniskskader, andre leddbåndskader, bruskskader). Sammen med ortopedkirurgen vil man da bli enige om den riktige behandlingen. 

Framre korsband 

Det framre korsbandet, også kjent som Anterior Cruciate Ligament (ACL) er eit leddband som midt i kneet, og som fungerar som eit sikkerheitsbelte for uønska rørsle i kneet. Det er langt meir vanleg at det framre korsbandet ryker, enn det bakre. Skadar i det framre korsbandet har som regel også større i innverka på kneets funksjon.  
 
Framre korsbandskade er spesielt vanleg i idrettar med raske retningsforandringar, slek som fotball, alpint og handball.

​Bakre korsband

Bakre korsband er lokalisert i bakre og midtre del av kneet, og er kjent som Posterior Cruciate Ligament (PCL). Skadar av dette ligamentet er mykje mindre vanleg enn for eksempel skadar på framre korsbånd. 50 % av skadane i PCL er forårsaka av vridningsidrett, mens resten skyldast trafikkulykker. Den vanligste skademekanismen er eit slag direkte mot øvre delen av leggen, for eksempel hvis ein hockeyspelar kollinderar med vantet, eller når ein utøvar faller direkte på leggen med bøgd kne.  
Skadet på det bakre korsbandet blir vanlegvis behandla konservativt, det vil si med intensiv opptrening. Resultatane er som regel gode.
 

Den konservative behandlinga tek sikte på å styrkje musklane rundt kneet. Dette støttar leddet og bidreg til å kompensere for instabiliteten forårsaka av det avrivne leddbandet. Dersom instabiliteten i kneet ikkje er så stor, vil dei fleste kunne klara seg utan operasjon. Dette er forutsatt at man følger eit strukturert og riktig treningsopplegg, og får fysioterapi.   
 

​Kirurgisk behandling har som føremål å byggje opp det avrivne leddbandet. Det anbefalt å forsøke konservativ behandling i 2-3 månadar før ein vurderar behov for å rekonstruere korsbandet. I nokre tilfelle vel ein allikevel å planlegge rask kirurgisk behandling, avhengig av skadeomfang, alder og aktivitetsnivå.   

Det er som regel ingen hast med avgjersla, det går heilt fint å ombestemme seg.   
 
Før man kan operere bør rørsla i kneet være tilnærmet normal, og hevelsen bør også ha gått tilbake. Dei fleste vil bli anbefalt og ha god nytte av 6 veker til 3 månadars strukturert trening hos fysioterapeut før man opererer.   
 
Kirurgisk behandling har som mål å bygge opp det avrevne leddbåndet. Kirurgen fjerner det avrevne korsbåndet og fester deretter den nye senen inne i kneleddet.

​Val av behandling avheng delvis av kor alvorleg skaden er, og om du har pådrege deg skade i andre delar av kneet. Er du veldig aktiv, har ein fysisk jobb eller driv mykje med idrett, treng du intensiv fysioterapirettleia opptrening og kanskje kirurgi for å byggje opp att leddbandet. Lever du eit meir inaktivt liv, er det ikkje sikkert du treng like mykje behandling.  

​Praktisk informasjon til deg som skal operere

Dette bør du ta med til innlegginga  
 
  • Krykkjer
    Dersom du ikkje har krykkjer sjølv, vil du få det på avdelinga. Det er som regel ikkje naudsynt med andre hjelpemiddel etter operasjonen.  
  • Toalettsaker og undertøy 
  • Treningsklede. Helst bukser med vide bein som kan åpnast i sida eller shorts. 
  • Faste sko som sit godt på foten, gjerne joggesko med sklisikker såle. Det er viktig at skoa er romslege da foten vil hovna opp etter operasjonen.  
  • Oppdatert medisinliste over dine faste medisinar. Ta med medisinane i originalemballasje. 
Ta ikkje med verdisaker som smykker og større pengebeløp! 

Du får ein samtale med legen som skal operere deg i forkant av operasjonen og operasjonsområdet vil bli markert med tusj. I tillegg får du ein samtale med fysioterapeut, som vil gi deg naudsynt informasjon om forløpet etter operasjonen. 

Vas​k med Hibiscrub 

Kvelden før operasjonsdagen og om morgonen før operasjonen er det viktig at du vaskar deg med Hibiscrub, ei antibakteriell såpe. Denne vert du vist når du kjem til avdelinga.  
 
Dersom du har eksem, psoriasis eller er allergisk mot Hibiscrub, skal du bruke såpe som du nyttar til vanleg. Ta på rene klede etter dusjen. 

Fa​ste 

Frå kl. 24.00 kvelden før operasjonen skal du faste. Dette betyr at du ikkje skal eta, drikke, røyke, snuse eller tygge tyggegummi. Dersom det er avtalt kan du eventuelt få litt klar væske morgonen på operasjonsdagen.

Ved innlegging på Lærdal sjukehus

Du finn Ortopedisk avd. i 3. etasje på Lærdal sjukehus.  
 
Meld deg i resepsjonen i 1. etasje når du kjem. Dersom resepsjonen er stengt melder du deg direkte på vaktrommet avdelinga, midt i korridoren i 3. etasje. Vi tek i mot deg, visar deg rundt og gir deg nødvendig informasjon.    
 

​Dagen etter operasjonen er du klar til å reise heim.  

Kontrollar 

I løpet av det neste året etter operasjon vil du bli fulgt opp på ortopedisk poliklinikk  hjå fysioterapeut/ og eller legen som opererte deg. Kontrollane er vanlegvis etter:
  • ​14 dagar
  • 6 veker
  • 12 veker
  • 6 månadar

​Opptre​​ning 

Du skal starte opptrening hos fysioterapeut 10-14 dagar etter operasjonen. Før dette skal du gjere øvingar som du får utdelt fra fysioterapeut på sjukehuset. Dei fyrste 14 dagane etter operasjonen skal du ta det med ro hjemme og ligge mykje med beinet høgt.
Sist oppdatert 20.12.2023