Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Funksjonelle mage- og tarmsjukdomar hos barn

Fekal inkontinens

Fekal inkontinens (FI) er ein tilstand der barn som normalt skulle hatt kontroll på avføringa, får avføring i underøyet.

Når barn kjem i 2-årsalderen, får dei i aukande grad refleksar frå endetarmen som gjer at dei medvite kan halde att avføring. Dei fleste er reine for avføring innan dei fyller 3 år, og det blir rekna som unormalt seint dersom barnet ikkje er reint for avføring etter fylte 4 år.

Barn med fekal inkontinens kan utvikle psykiske plager med lågt sjølvbilete, skamkjensle og vanstell. Frustrasjon og uro er vanlege reaksjonar hos omsorgspersonane.

Forstopping med fekal inkontinens (retentiv FI)

Dette er den vanlegaste årsaka til fekal inkontinens hos barn, og må først utelukkast. Forstopping fører til at avføring samlar seg opp i endetarmen og belastar den ytre lukkemuskelen så mykje at lausare avføring kjem ufrivillig forbi forstoppinga. Ofte kan ein sjå dette ved at barnet stadig har «bremsespor» i undertøyet. Her kan du lese meir: Forstopping hos barn.

Fekal inkontinens utan forstopping (ikkje-retentiv FI)

Ikkje-retentiv fekal inkontinens skuldast ufullstendig kontroll over laus eller normal avføring.

Tarmsjukdomsrelatert ikkje-retentiv FI

Irritabel tarm-syndrom og inflammatoriske tarmsjukdomar kan, dersom dei ikkje blir behandla, føre til laus avføring og fekal inkontinens.

Kognitive og psykologiske årsaker

I slike tilfelle har barnet ofte åtferdsvanskar, belastande psykososiale forhold eller er umodent med forseinka psykomotorisk utvikling. Barnet skil då ut avføring også andre stader enn på toalettet, sjølv om tarmfunksjonen er normal. Avføringa er vanlegvis normal eller nær normal i konsistens, og kjem dagleg i naturleg mengd. I den samla livssituasjonen til barnet meistrar det ikkje den reinslegheita som er venta. Barnet har ikkje avføringslekkasje medan det søv.

For å diagnostisere og følgje opp barn med FI tilrår vi at avføringsmønsteret til barnet blir registrert i ei avføringsdagbok. Dette hjelper både oss og barnet med å skilje mellom FI som skuldast forstopping og FI som ikkje gjer det. Ved forstopping vil det ofte kome små mengder avføring mange dagar, og større mengder enkelte dagar. Legg saman mengda avføring som kjem både i trusa og i toalettet kvar dag.

Behandling og oppfølging av barn med ikkje-retentiv FI

Ved mistanke om åtferdsvanskar, psykososiale reaksjonar eller umodenheit kan psykiske helsetenester for barn i kommunen eller spesialisthelsetenesta bidra med kartlegging og utarbeiding av behandlingstiltak. Godt planlagd toalettopplæring har vist seg å vere nyttig.

Ved tarmsjukdom med laus avføring som er diagnostisert av fastlegen, må grunnsjukdomen behandlast.

Legemiddel

Ved IBS med laus og hyppig avføring, som kan føre til FI eller frykt for FI, kan følgjande legemiddel prøvast:

Loperamid (Imodium) blir brukt som periodisk behandling. Imodium hemmar rørslene i tjukktarmen. Dette aukar passasjetida gjennom tarmen, aukar opptaket i tarmen og reduserer tap av væske og elektrolyttar. Imodium aukar òg styrken i lukkemuskelen i endetarmen.

Dosering av Imodium:

  • 3 til 8 år: 0,1 mg/kg per dose ved behov, maksimalt 3 gonger dagleg. Maksimalt 0,3 mg/kg per døgn.
  • 8 til 18 år: 2 mg per dose ved behov. Forsiktig opptrapping med 2 mg om gongen.

Vi-Siblin er òg eit alternativ som hos enkelte kan bidra til å normalisere avføringa.

Utgreiing
Det er viktig å prøve å skilje mellom retentiv og ikkje-retentiv fekal inkontinens.
 
Diagnostiske kriterium for ikkje-retentiv fekal inkontinens
Alle følgjande kriterium må vere til stades i meir enn éin månad hos eit barn med utviklingsmessig alder over 4 år:
  1. Barnet har avføring på stader som er upassande i den sosiokulturelle samanhengen.
  2. Det er ingen teikn til forstopping. Dette blir kartlagt ved hjelp av avføringsdagbok.
  3. Etter ei adekvat utgreiing kan avføringsinkontinensen ikkje forklarast av ein annan medisinsk tilstand.
Ved mistanke om mage- og tarmsjukdom skal barnet tilvisast til barneklinikken.
Ved forstopping kan du lese meir her: Forstopping hos barn.
Sist oppdatert 08.09.2026