Nyfødte barn kommuniserer med omverda gjennom kroppsspråk og åtferd. Slik uttrykkjer dei både velvære og stress. For tidleg fødte og sjuke nyfødte kan bruke mykje energi på å mestre sanseinntrykk. Dei er spesielt sensitive og kan gi svakare signal om korleis dei har det.
Sjukepleiar rettleiar dykk i å tolke barnet si åtferd og svare på signala barnet gir. Her er våre generelle råd:
- Gi mykje hud-til-hud kontakt (kengerumetode). Personalet viser og hjelper korleis ein skal få dette til. Det har positiv innverknad på barnets pust og temperatur,betrar søvn og kvile, og fremjar barnets utvikling, tilknytting og amming.
- Gi barnet gode sanseopplevingar ved å vere nær, halde om, tilby litt morsmjølk i munnen om mogleg, og bruk mamma- og pappaklut med kjente lukter.
- Snakk med lav og roleg stemme.
- Når barnet må gjennomgå smertefulle prosedyrar som ledd i behandlinga, er det godt for barnet at ein forelder er til stades når det er mogleg. Ein del av smertebehandlinga kan vere at du kan halde rundt barnet, gje sukkervatn, sitje hud mot hud eller at mor ammar. Vi rettleier dykk i situasjonen.
Vi har forståelse for at det kan vere vanskelig å sjå på, så om de ikkje ønsker å vere der vil pleiarane gi god støtte og omsorg.
- Barnet er følsamt for lukt, lyd og lys. Unngå sterke lukter frå parfyme og tobakk på hud og klede.
- Unngå høge lydar. Mobil, datamaskin og fjernsyn kan vere forstyrrande og bør brukast med varsemd. Ha utstyret på lydlaust eller bruk gjerne hovudtelefonar. Husk å desinfisere telefonen før du tar den med inn.
- Sterkt lys er ubehageleg og kan påverke både barnet sin søvn og våken tilstand.
- Du er den viktigaste personen i livet til barnet ditt. Bruk tida til å bli godt
Søvn, våken og oppmerksomhet
Den første tida etter fødselen er barnet fysiologisk umodent og kun våkent i korte periodar av døgnet. Premature barn trenger støtte fra omgivelsane for å regulere både søvn og våkenheit. Eit prematurt barn kan lett la seg forstyrre og bli overstimulert og kan derfor trenge varsom håndtering og stimulering. Premature og sjuke nyfødte har fleire grader av søvn og vaken tilstand: Djup søvn, lett søvn, døsig, roleg vaken, uroleg vaken og gråt.
Det kan vere vanskeleg å skilje dei ulike tilstandane og å vite korleis du best kan trøyste og roe barnet ditt. Nyfødte kan trenge hjelp for å regulere mengda av søvn og vaken tilstand. Her spelar foreldra ei viktig rolle. Vi vil støtte dykk gjennom prosessen med å bli kjent med barnet. I løpet av opphaldet snakker og viser sjukepleier om dei ulike søvnfasene og det blir etter kvart lettare for dykk å tolke.
Vekking: I starten kan barnet vere trøtt, og nokre barn må vekkast hvis dei ikkje våkner ved sult og det går for lang tid mellom måltida.
Premature og sjuke nyfødte treng god tid på å våkne. Hald hendene varsomt på barnet og snakk med dempa stemme. Ta av dyne og hald på barnet. Stryk heilt forsiktig. Begynn å ta forsiktig av tepper o.l. Det er viktig at barnet opplever støtte, og i starten kan ein gjerne stå å gi støtte medan den andre steller barnet.
Våken og oppmerksam: Å være våken med augene åpne og ta verden inn visuelt kan være en kraftanstrengelse for barnet. Barnet reagerer gjerne på stemmer og tar seg god tid før det åpner augene. Barnet kan ligge og «glippe» med augene og på denne måten regulere intensiteten på synsinntrykk. Blir inntrykka for intense, kan barnet lukke augene helt og prøve å få sove, eller det kan reagere med uro og gråt. Dette kan indikerer at barnet har behov for støtte og hjelp til å regulere seg.