Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Indre Sogn psykiatrisenter
Meir om døgnavdelinga
Pasientane som er innlagt hjå oss kjem stort sett frå Årdal, Lærdal, Aurland, Luster, Sogndal og Vik. Kvar pasient vil få ein hovudbehandlar (lege eller psykolog) og som oftast vil behandlar samarbeide med dei andre yrkesgruppene.
Vi er ei døgnavdeling med til saman 13 døgnplassar. Det er 12 ordinere plassar, og 1 brukarstyrt plass. Brukarstyrt plass betyr at det er enkelte pasientar som har ei skrifteleg avtale med avdeling og behandlarar at dei kan bli innlagt på kort varsel. Dette er pasientar som er godt kjente i avdelinga. Avtalen på opphaldet varer enten 5,7 eller 10 dagar.
Alle pasientane får sitt eige team rundt seg frå sengeposten. Det vil vere en primærkontakt og to sekundærkontakter i teamet. Dersom ingen frå teamet er på jobb vil en annan vere kontaktperson den dagen. Teamet har eit spesielt ansvar for å følgje deg opp på sengeposten. Forutan dagleg kontakt vil dei delta i møter med deg, behandlar og følgje opp vekeplan og behandlingsplanen som du har under opphaldet.
Sengeposten har ei tverrfagleg personalgruppe som mellom anna består av sjukepleiarar, vernepleiarar, sosialfagleg, helsefagarbeidar og andre. Det er personale til stede 24 timar i døgnet.
Vi har ei eigen aktivitetsleiar som har hovudansvaret for aktivisering individuelt eller i grupper.
Alle tilsette har sjølvsagt teieplikt.
Forenkla kan ein dele behandling i tre delar:
miljøterapi i sengeposten
samtalar med behandlar
aktivitet og eventuelt medikamentell behandling
Vi ser også at basale behov som ei god døgnrytme, mat og kvile er viktig for den mentale helsa. I kantina vår blir det servert tre måltid (frukost, middag og kveldsmat).
I løpet av den første tida du er innlagt vil du, behandlar og primærteamet ditt lage ein behandlingsplan. Planen vil mellom anna innehalde planlagt lengde på opphaldet, hovudmål for innlegginga og delmål som vi må jobbe med for å oppnå målet ditt.
Dersom det er behov for det samarbeider vi også tett med andre instansar som poliklinikken, ambulant FACT team, kommunal helseteneste, NAV oa.
Vi oppmodar alle om å vere på sengepostenførste helga under opphaldet. Deretter bestemmer du, primærteamet og behandlar i kva grad ein bør reise heim på permisjon. Dersom situasjonen tilseier det oppmodar vi pasientane til å reise heim på permisjon, mellom anna for at ikkje overgangen frå innlegging til utskriving skal bli for stor.
Aktivisering har som regel stor helsegevinst og er ein viktig del av behandlinga vår. Aktivisering treng ikkje berre vere fysisk aktivitet, men kan òg vere kreativ aktivisering. Du vil likevel ha behov for uteklede, gode sko og treningsklede under opphaldet.
Det blir laga ein vekeplan kvar veke der du skriv opp aktivitetane du skal eller ønsker å vere med på. Det kan vere både felles og individuelle aktivitetar. I tillegg blir det planlagt når du skal ha samtalar med behandlar (1 til 2 samtalar per veke, etter behov) og eventuelle permisjonar.
Vi er mykje ute, men har òg ein stor og godt utstyrt treningssal som blir mykje brukt.
Aktivitetar på sengeposten
Som tidlegare nemnt har vi stort fokus på aktivisering, både individuelt og i grupper. Under ser du kva aktivitetar som vanlegvis står på programmet gjennom ei veke. I nabobygget har vi ein flott treningssal med mange ulike treningsapparat som du kan nytte. I tillegg kan du få individuell treningsoppfølging av aktivitetsleiar.
Under ser du hovudaktivitetane på sengeposten. Innhaldet varierer noko frå veke til veke, så vi lagar ei oppdatert oversikt kvar veke som blir hengd opp slik at alle kan sjå den.
Måndagar
Felles møte med morgonstrekk i stova på posten. Her blir det gitt informasjon om aktivitetar og andre aktuelle hendingar i løpet av veka. Det er òg rom for å ta opp eigne saker og gi tilbakemeldingar på tema som blir tekne opp. Her kan ein også gjere avtalar om individuelle opplegg.
Tysdagar
Tysdagar er vi som regel ute på tur, badar, spelar frisbee eller driv med andre aktivitetar. På ettermiddagen er det ofte pasientundervisning om ulike tema.
Onsdagar
Onsdagar er det turdag. Du lagar niste til deg sjølv under frukosten, og turmålet er bestemt på førehand. På ettermiddagen blir det ofte lagt opp til yoga, avspenning eller andre aktivitetar.
Torsdagar
Individuelt opplegg som er avtalt på førehand med aktivitetsleiar, og sirkeltrening. Denne dagen er det òg rydding og vask av eige rom og fellesareal.
Fredagar
Fysiske eller kreative aktivitetar, baking og liknande. Midt på dagen har vi «vekeslutt». Då samlast vi til ei hyggeleg avslutning på veka med litt å bite i, bingo, gode samtalar og andre sosiale aktivitetar.
Lørdag og søndag
Ingen organiserte aktivitetar.
Parkanlegget mellom bygga ved Indre Sogn psykiatrisenter
Vi er mange som skal fungere saman under opphaldet. For at alle skal få eit trygt og godt opphald, har vi nokre enkle felles reglar:
Ved innlegging og permisjon Når du blir innlagd hos oss, eller kjem tilbake frå permisjon, går vi som regel gjennom bagasjen saman med deg. Medikament, skarpe gjenstandar, verdisaker og liknande må leverast inn og blir oppbevarte innelåste under opphaldet.
Rusmiddel Det er ikkje tillate å ta med, oppbevare eller bruke rusmiddel under opphaldet. Ved mistanke om bruk av ulovlege rusmiddel kan det bli aktuelt å ta ein rustest. Bruk av ulovlege rusmiddel kan føre til utskriving.
Personvern og teieplikt Du har eit personleg ansvar for å ikkje dele sensitiv informasjon om medpasientar utanfor sengeposten. Det kan vere lurt å tenkje gjennom kva du ønskjer å dele med andre pasientar. Personalet kan hjelpe deg med slike vurderingar.
Mobiltelefon og opptak Av omsyn til andre pasientar skal private mobilsamtalar takast på eige rom. Det er ikkje tillate å ta bilete eller gjere lyd- eller videoopptak i fellesareala.
Besøk Vi har eit eige besøksrom i første etasje. Av omsyn til drifta på sengeposten ønskjer vi at besøk er avslutta innan klokka 21.00.
Private rom Det er ikkje tillate å gå inn på rommet til andre pasientar..
Dyr Det er ikkje tillate å ha med dyr på avdelinga.
TV-stove TV-stova er stengd på kvardagar mellom klokka 09.00 og 14.00 (med unntak av større arrangement som OL, VM og liknande). Dette er fordi du skal kunne delta aktivt i behandling og aktivitetar på dagtid.
Fottøy I fellesareala anbefaler vi at du nyttar tøfler eller innesko.
Ro om kvelden Frå klokka 22.00 skal det vere ro på sengeposten, og frå klokka 23.00 skal det vere nattero. Ta omsyn til dette dersom du høyrer på musikk, radio eller brukar andre medium.
Permisjonar Det blir laga ein eigen permisjonsavtale for deg. Dersom planane endrar seg, er det viktig at du gir beskjed til sengeposten. Av omsyn til drifta bør du vere tilbake frå permisjon innan klokka 21.00.
Røyking Helse Førde er ein røykfri institusjon. Vi har likevel eit eige uteområde der pasientar kan røykje. Røyking innandørs er ikkje tillate.
Parkering Du kan parkere gratis på parkeringsplassen bak sengepostbygget medan du er innlagd hos oss. Vi ønskjer i utgangspunktet ikkje at du tek med andre pasientar på biltur.
Sengeposten har ulike aktivitetstilbod til pasientane, og dei er ofte ute på tur.