Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Stove på seksjon Rus - Nordfjord psykiatrisenter

NPS Rus

Seksjon for rusbehandling er eit fylkesdekkjande tilbod som gjev tverrfagleg spesialisert behandling til menneske over 18 år med alle typar rusproblem. Seksjonen har ti døgnplassar, to av desse er brukarstyrte. Ein kan verte innlagt for inntil tre månader. Ein vil då få grundig rusfagleg, psykiatrisk, somatisk og sosial utgreiing og individualisert og kunnskapsbasert behandling. Dersom ein pasient treng medisinsk avrusning der det er risiko for alvorlege komplikasjonar er det Medisinsk avdeling i Helse Førde som har ansvaret for dette.

Frå innleggingsdagen vert kvar pasient ein del av eit arbeidsfellesskap saman med primærkontakt, sekundærkontakt og koordinator/terapeut. Pasienten sine individuelle behov og mål er grunnlaget for behandlinga. Ved å ta utgangspunkt i daglege gjeremål, pasienten sine eigne mål og utfordringar, og situasjonar som oppstår i fellesskapet, jobbar ein systematisk og målretta mot endring. Fysisk aktivitet er ein viktig del av behandlinga, og det vert lagt vekt på individuell tilrettelegging.

God samhandling med kommunehelsetenesta, Nav, fastlege, andre tenesteytarar og pårørande er viktig. Vi ønskjer å leggje best mogeleg til rette for at behandlinga di vert individuelt tilpassa og opplevd som nyttig og meiningsfull. Utgangspunkt for behandling her er gjensidig respekt og tillit, reell pasientmedverknad og støtte til oppleving av meistring. Vi er spesielt opptekne av å ivareta born som er pårørande.

Koordinator
På innleggingsdagen får du samtale med din koordinator. Koordinator her er anten psykolog, sosionom eller lege. Tildelt koordinator vil, saman med deg, ha ansvar for å utforme plan for behandlinga. Koordinator er også bindeledd mellom psykiatrisenteret, ulike tenester i din heimkommune og dine næraste pårørande.

Primærkontakt og sekundærkontakt
Som pasient får du tildelt ein primærkontakt og ein sekundærkontakt. Dette er dine næraste kontaktpersonar i avdelinga.

Praktisk informasjon

  • Møt opp i resepsjonen når du kjem
  • Alle pasientromma er einerom med bad og dusj, du får eigen nøkkel
  • Felles kjøken og stove
  • Vi har vaskerom med vaskemaskiner og tørketromlar
  • Vi har besøksrom der du kan ta imot besøk
  • Ta med gode kle og sko til inne- og uteaktivitetar
  • Du kan ta med eigen pc og liknande, vi har trådlaust nett
  • Kort veg til sentrum med kino, bibliotek, butikkar med meir
  • Ta med kodebrikke til Bank-ID for å kunne nytte NORSE

Kven jobbar her?
Overlege/psykiater, seksjonsleiar, psykolog, sosionom, lege, sjukepleiar, vernepleiar, fysioterapeut. og helsesportspedagog.

Behandling

Du kan få samtaleterapi hos psykolog, sosionom eller lege.

Medisinsk oppfølging og behandling:
Du vert undersøkt av lege ved innkomst. Lege føl opp vidare og om naudsynt vert du tilvist anna medisinsk undersøking i spesialisthelsetenesta.
Pasientar som har behov for medikamentell behandling får dekka og utdelt medisin her. Det er viktig at du tek med deg ei oppdatert oversikt over medisinar du brukar når du møter til innlegging.

Det vert gjeve tilbod om behandling individuelt og i grupper.

Dersom du står utan jobb, men ønskjer å kome ut i arbeid, kan du få tilbod om jobbstøtte. Du vil då møte ein jobbkonsulent som, saman med din terapeu og deg, vil arbeide for å finne ein jobb som kan høve for deg i den situasjonen du er i.

Pasientar ved seksjon rus har tilbod om samtalegruppe ein kveld i veka. Det er pasientane sjølve som vel tema. Gruppa er leia av to miljøterapeutar.

Fysisk aktivitet er eit sentralt behandlingstilbod. Vi arrangerer felles, korte og lengre fjellturar, to dagar i veka heile året. Det er lagt til rette for eigentrening i treningsrom her, og elles høve til fri bruk av treningsstudio i Eid sentrum. Vi disponerer også svømmehall og idrettshall til faste tider. Helsesportspedagog gjev tilbod om oppfølging individuelt og i grupper.

Fysisk-aktivitet.jpg 

Dette er ein stad der pasientar, tilsette og leiing ved seksjon rus møtast kvar 14. dag for å handsame saker som har med behandlingstilbod og tenesteutvikling å gjere.

Som pasient har du mange lovfesta rettar. Det er til dømes rett til behandling innan ein tidsfrist, rett til å klage, rett til å få dekka kostnader ved reise, rett til innsyn i eigen journal med meir. Du kan lese meir om rettane du har ved å følgje lenkjene under. Du kan også ta det opp med din aktuelle behandlar.

Rettar innan rusbehandling
https://helse-bergen.no/avdelinger/rusmedisin/pasientrettar-og-samhandlingMeir om pasientrettar:
https://helse-vest.no/rettarhttps://helsenorge.no/rettigheter/taushetsplikt https://helsenorge.no/velg-behandlingssted/ventetider-for-behandlingssted?orgnr=974745380

Tilvising kan sendast frå:

  • Sosialtenesta
  • Barnevernstenesta
  • Lege
  • Anna helsepersonell med tilvisningsrett til spesialisthelsetenesta

Dersom det ikkje vert nytta elektronisk tilvising, skal ein nytte denne adressa:

Helse Førde, Nordfjord psykiatrisenter, Postboks 1000, 6807 Førde
Meir om tilvising
https://helse-forde.no/avdelinger/psykisk-helsevern/informasjon-til-kommunehelsetenesta

God involvering av pårørande er eit prioritert behandlingsmål. Spesialisthelsetenesta har klare lovfesta forpliktingar i høve til pårørande, ikkje minst barn som er pårørande. Ved kvar seksjon på  NPS er det ein som er ansvarleg for born som pårørande. Alle born skal få tilbod om samtale.


Dersom du er i familie med eller er kontaktperson for personar med rusproblem, kan du få tilbod om å vere med i samlingar for pårørande. Målet med dette tilbodet er å gje deltakarane informasjon om korleis du som pårørande betre kan meistre kvardagen,  både for seg sjølv og for den som er sjuk.  Vi vil skape ein møtestad der du kan møte andre i liknande situasjon, og bidra til støtte gjennom kunnskap og erfaringsutveksling. Kunnskap aukar tryggleik, noko som kan bidra til ein lettare kvardag. Deltakarane må vere fylt 18 år.

For praktisk informasjon og påmelding kontakt:
Seksjonsleiar ved Seksjon Rus: Arild Nøstdal eller psykolog Stine Beate Olsen, telefon 57 86 43 30

For deg som er pårørande til andre med rus/anna avhengigheit:
Må tilvisast via eigen lege eller anna tilvisande instans
Tilvisinga vert å sende til:
Nordfjord psykiatrisenter, Seksjon Rus ved avdelingsoverlege Trond Fjetland Aarre, postboks 164, 6771 Nordfjordeid.
Når tilvisinga er motteken vil du få beskjed om du har fått plass på tilbodet. Eigendel for deltaking er for tida kroner 320.- (Dette er ein eingongs eigendel som ein får registrert på eigendelskortet). Ta med frikort dersom du har dette. Du har rett til dekking av reise i henhald til gjeldande satsar ved søknad til Pasientreiser.

Seksjonsleiarrus.jpg

Arild Krogh Nøstdal

Seksjonsleiar NPS Rus

arild.krogh.nostdal@helse-forde.no 57 86 43 42

Kontakt

Telefon

Vaktrom: 57 86 43 40 / 57 86 43 48

Postadresse

Helse Førde, Nordfjord psykiatrisenter, postboks 1000, 6807 Førde.

Kontakt oss via eDialog

Slik finn du fram

En bygning med en fontene i fronten

Nordfjord psykiatrisenter

Sjukehusvegen 9

6770 Nordfjordeid