Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Pårørande

Familie og nettverk kan oppleve store belastingar når nokon som står dei nær har psykiske lidingar eller ruslidingar. Nettverket til pasienten er ofte til hjelp for pasienten og ein ressurs i behandlinga. Det er difor viktig at du får relevant informasjon og rettleiing. Det er òg viktig at du tek vare på deg sjølv og andre medlemmer i familien.

Et nærbilde av en persons hender
Omsorgshender

På denne sida har vi samla kunnskap, tips og råd til deg som pårørande. Her får du nyttig informasjon om korleis du kan ta vare på deg sjølv og familien din i ei utfordrande tid. Denne sida er òg relevant for pasientar, nettverk og tilsette.

 

Barn som pårørande

Vi på sjukehuset ønskjer å bidra til at barn og unge i familien din blir tatt godt vare på. Barn blir påverka når nokon i familien er sjuke. Dei treng at vaksne er opne og ærlege om det som skjer.

Les meir om barn som pårørande
En jente som ligger i gresset

Barn og unge si psykiske helse

Eit kart over tenester for barn og unge med psykiske helseplager

Barn og unge si psykiske helse
Ei ung jente med dongerijakke som står ute, med fleire ungdomar i bakgrunnen
Sist oppdatert 16.06.2025