På sjukehuset får du ein samtale med sjukepleiar og/eller lege. Det blir gjort ei gynekologisk undersøking med ultralyd for å fastslå svangerskapslengde. Om du skal ha ein kirurgisk abort, vil gynekologen vurdere om du treng forbehandling i form av tablettar i skjeden for å mjuke opp livmorhalsen. Du vil få informasjon dersom slik forbehandling skal startast heime, eller på sjukehuset.
Du får grundig informasjon og samtale før endeleg behandling blir bestemt. Før behandlinga må du lese gjennom og signere «Krav om svangerskapsavbrot».
Dersom du skal starte forbehandling heime, skal du tidleg på morgonen sette tablettar djupt i skjeden etter at du har tømt urinblæra og dusja. Det blir anbefalt at du tar smertestillande. Du bør ha skyss til og frå sjukehuset.
Faste
Før operasjonen/undersøkinga må du faste. Dersom du ikkje møter fastande, kan det hende vi må avlyse/utsetje timen.
De siste 6 timane før operasjon/undersøking skal du ikkje ete mat eller drikke mjølk/mjølkeprodukt. De siste 2 timane skal du unngå tyggegummi, drops, snus og røyk. Frem til 2 timer før kan du drikke klare væsker: Vatn, saft, juice utan fruktkjøt, brus, te og kaffi utan mjølk. Du kan svelge medisinar med eit lite glas vatn inntil 1 time før, og pusse tenner og skylje munnen når som helst.
Mat og mjølk/mjølkeprodukt: Skal stoppast 6 timer før
Klare væsker, tyggegummi, drops, røyk og snus: Skal stoppast 2 timer før
Dersom du likevel har ete eller drukke utanom de tidene som står her må personalet få vite det. Før enkelte inngrep skal du drikke ein bestemt mengde næringsdrikk. Strengare regler kan vere naudsynt for nokon. Det får du i så fall beskjed om.