Abort, planlagt
I Noreg har kvinner lovfesta rett til sjølvbestemt abort før 18. svangerskapsveke (17+6). Seinare i svangerskapet må søknaden behandlast av ei abortnemnd.
Det kan vere vanskeleg å ta ei avgjerd om å fullføre eller avbryte eit svangerskap. Treng du nokon å snakke med, kan du ringe Amathea på telefon 90 65 90 60. Amathea er ei gratis rettleiingsteneste ved val knytte til graviditet og abort.
amathea.no - rettleiingsteneste for gravide
helsenorge.no - informasjon til deg som vurderer abort
Planlagd oppfølging ved ufrivillig graviditet startar vanlegvis hos fastlege som tilviser til sjukehuset. Du kan også ta direkte kontakt med sjukehuset for undersøking og vidare oppfølging, det er ikkje nødvendig med tilvising frå fastlege.
Det er viktig at du tar kontakt med fastlegen eller kontaktar sjukehuset direkte så tidleg som mogleg dersom du er ufrivillig gravid og vurderer å avbryte svangerskapet.
Tilvising og vurdering
Hos fastlegen
Fastlegen vurderer svangerskapslengde før vidare tilvising til sjukehuset.
På sjukehuset
På sjukehuset får du samtale med sjukepleiar og/eller gynekolog. Det vil bli gjennomført ei vaginal ultralyd og ein gynekologisk undersøking for å fastslå svangerskapslengde og tatt klamydiatest.
Du vil få grundig informasjon og samtale før endeleg behandlingsmetode blir vedtatt. Vanlegvis blir aborten sett i gang med medikament. Du vil bli beden om å signere eigenerklæringa «Krav om svangerskapsavbrot».
Utgreiing
På sjukehuset får du ein samtale med sjukepleiar og lege ved gynekologisk poliklinikk. Du vil få ei gynekologisk undersøking med ultralyd for å fastslå lengda på svangerskapet. Det blir bestemt abortmetode og det vanlegaste er at aborten blir igangsett med medikament. Kirurgisk abort blir sjeldan brukt på grunn av risiko ved narkose og unødvendig inngrep på livmora.
Det er ønskeleg at svangerskapslengde er over 6 veker før første konsultasjon. Dette er for å kunne stadfeste svangerskap på rett plass i livmor med ultralyd.
Du vil få grundig informasjon og samtale før endeleg behandling blir bestemt.
Oppfølging
Ingen oppfølging utover etterkontroll. Du finn meir under den einskilde metode.
Ved behov for støttesamtale etter abort kan du kontakte Stiftelsen Amathea, tlf. 90 65 90 60.
Amathea er ei gratis helseteneste.
Kontakt
Førde sentralsjukehus
Kvinneklinikken
Oppmøtestad
Føde- og barselavdeling
All kontakt på dagtid til sekretær i ekspedisjon i 5. etasje, anten direkte ved oppmøte i luke eller på telefon 578 39 233. Etter klokka 15.00 kontaktar du oss på telefon 578 39 233/578 39 132, då går telefon direkte inn på felles vaktrom for gynekologi, føde og barsel. Ved oppmøte i avdelinga etter klokka 15.00: ta direkte kontakt med personalet på vaktrommet i 5. etasje.
Gynekologisk sengepost
All kontakt på dagtid til sekretær i ekspedisjon i 5. etasje, anten ved direkte oppmøte i luke eller på telefon 578 39 233. Etter klokka 15.00 kontaktar du oss på 578 39 233/578 39 132, då går telefonen direkte til felles vaktrom for gynekologi, føde og barsel. Dersom du som pasient har fått time til konsultasjon føl du instruksen på innkallinga i høve oppmøtestad.
Føde poliklinikk
All kontakt via telefon i høve ultralyd. Du kan du ringe på dagtid måndag til fredag frå klokka 08.00 til klokka 15.00 Du treff oss på telefon 578 39 233. Har du time på fødepoliklinikk, så kontaktar du ekspedisjonen i 5. etasje.
Gynekologisk poliklinikk
All kontakt på dagtid til sekretær i ekspedisjon i 5. etasje frå mandag - fredag frå kl.08.00 - 15.00. Telefon 57839239
Ammepoliklinikk - tysdagar
Har du ønskje om time på ammepoliklinikk, ring sekretær på dagtid måndag til fredag klokka 08.00 - 15.00 på telefon 578 39 233. Tilvising er ikkje naudsynt. Oppmøtestad til ammepoliklinikk er på venterom i 5. etasje.
Samtalepoliklinikk
Har du behov for fødselssamtale må du ha tilvising frå jordmor eller fastlege. Her treff du faste jordmødre som i tillegg til samtalepoliklinikken jobbar ved føde/barsel avdelinga. Oppmøtestad er i 5. etasje. Du må gjerne ha med partner under samtalen.

Førde sentralsjukehus
Svanehaugvegen 2
6812 Førde