Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Abstinensbehandling

Abstinensbehandling blir gitt etter individuelle behov, der vi prøver å kartlegge og bevisstgjere deg på abstinenssymptoma dine. Auka bevisstheit og forståing kan dempe ubehaget. Både medikamentelle og ikkje-medikamentelle hjelpemiddel kan vere aktuelle.

Før

Vi anbefaler at du før innlegging har fått avbestilt/flytta andre avtalar og også fått pass til eventuelle husdyr, slik at du får konsentrere deg om behandlinga.

Under

Vi vil møte deg med omsorg og empati. Spesielt i ei tid der du kanskje kjenner på abstinensar, kan det vere avgjerande å ha god relasjon til behandlaren din. Du får ein behandlar/pasientansvarleg koordinator (PAK), som har ansvar for deg gjennom heile opphaldet og som også koordinerer eventuell vidare behandling.

Under abstinensperioden vil du oftast vere mest på rommet ditt, men personalet vil ha tilsyn og hjelpe deg ved behov. Vi ønsker at du skal oppleve at vi arbeider i eit positivt og motiverande miljø.

Du og PAK vil gjennomføre individuelle motivasjons- og kartleggingssamtalar (Audit/Dudit/Alcohol-E/Dudit-E). PAK etablerer kontakt med pårørande dine, og tar barnesamtale (birussamtale) med deg dersom du har mindreårige barn.

Vi prioriterer at miljøpersonell alltid er tilgjengeleg og arbeider aktivt for å oppretthalde eit sunt og godt miljø i fellesarealet. I tillegg vil personalet følge deg opp med tanke på basale behov, ernæring, kvile, rutinar og daglege turar i nærområdet. Eventuelt lengre tur på helg, dersom den fysiske og psykiske helsa di tillèt det.

Vi oppfordrar deg til å levere inn mobiltelefonen, slik at du kan skjerme deg frå impulsar utanfrå. Du kan låne seksjonen sin telefon for å ha kontakt med næraste familie/pårørande.

Behandling med legemiddel

Vanedannande medikament (A- og B-preparat) blir berre unntaksvis brukte i abstinensbehandlinga. Unntak er planlagde nedtrappingsløp i samarbeid med fastlege.

Alkohol-abstinens, symptomlindrande og førebyggande behandling

Du vil komme i kontakt med ulike fagpersonar i løpet av eit døgn, men vi har likevel felles kliniske plattformer, blant anna ved hjelp av standardiserte skåringsskjema som Clinical Institute  Withdrawal Assessment for Alcohol (CIWA-A), Clinical Opiate Withdrawal Scale (COWS-skala) og Alcohol Use Disorder Identification Test (AUDIT).

Alkoholiske kramper, hallusinasjonar, delirium tremens og Wernickes encefalopati  er alvorlege komplikasjonar som kan krevje medikamentell behandling.

Ulike rusmiddel kan krevje ulik behandling og alle får individuelle tilpassa behandling for sitt rusproblem.

Generelle tiltak ved abstinens

  • Generelt: Viktig med ro, kvile og søvn.
  • Tilpassa nedtrapping av rusmiddel (for eksempel opiat og benzodiazepin), der stoffet er påvist i urin/blodprøve. Lækje gjer fortløpande vurdering.
  • Krampeprofylakse (spesielt alkohol, hallusinogen, GHB, ecstasy).
  • Behandling av søvnproblem (gjeld dei fleste rusmiddel).
  • Psykoseførebygging (spesielt hallusinogen, men også ved delir av alkohol, benzo eller GHB, ved amfetamin (depresjon, mani), ecstasy, kokain, elles generell fare ved lite søvn, psykisk eller fysisk forkommen).
  • Kvalmereduserande tiltak (spesielt alkohol, cannabis, opiat, GHB, ecstasy).
  • Vurdere behov for skjerming (spesielt viktig ved stimulerande og hallusinogene stoff).
  • Vurdere behov for symptomatisk behandling av andre plagar.

Alternativ abstinensbehandling

Gjennom erfaringsbasert kunnskap er det tatt i bruk nokre alternative metodar i abstinensbehandlinga som eit supplement til legemiddel, som Nada-akupunktur.

Etter

Vi tilrår å lage ein plan for oppfølginga etter utskriving.

Eksempel på mogelege oppfølgingstilbod:

  • tiltak i heimkommune
  • vidare behandling ved andre seksjonar
  • tilvising til anna eining innan tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB) 
  • tilvising til poliklinisk oppfølging og eventuelt dagtilbod
  • tilvising til psykisk helsevern
Sist faglig oppdatert 24.09.2025

Kontakt

Nordfjord psykiatrisenter Psykisk helsevern

Kontakt Psykisk helsevern
Bilde av Nordfjord psykiatrisenter

Nordfjord psykiatrisenter

Sjukehusvegen 9

6770 Nordfjordeid

Transport

Buss

Nordfjordeid Rutebilstasjon ligg i Nordfjordeid sentrum og er om lag ein kilometer frå psykiatrisenteret/BUP/sjukehuset.

På nettsidene til skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestadar og tider for Sogn og Fjordane.

Frå Nordfjordeid er det også bussamband til Bergen, Oslo, Ålesund og Trondheim.

Parkering

Det er mogleg å parkere gratis på sjukehusområdet for pasientar og besøkande.

Taxi

Ved behov er våre tilsette i resepsjonen tilgjengelege 24 timar i døgnet og kan bestille taxi til deg.

Praktisk informasjon

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Då kan det vere lurt å hugse nokre reglar.

​Det er sjølvsagt heilt greitt så lenge det er pasientane og/eller pårørande og vener som er på bileta.

Det er likevel ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsette. Vi har hatt tilfeller der bilete av medpasientar/tilsette er blitt publisert i digitale media utan deira godkjenning.

Vi håper alle viser respekt for personvernet til alle dei møter under besøket på sjukehuset og avgrensar fotografering til å gjelde eigen familie og vener.

​Psykiatrisenteret er ope for besøk av pårørande og andre heile dagen. Vi ber likevel om at besøkande ringjer på førehand slik at besøket ikkje kolliderer med andre aktivitetar.

Frå og med 1. mars 2025 vert Nordfjord psykiatrisenter heilt røykfritt. Dette tiltaket er ein del av innsatsen vår for å fremje eit sunnare og reinare miljø for alle, både pasientar, besøkande og tilsette.