Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Akutte magesmerter

Det er mange årsaker til akutt oppståtte magesmerter. For nokre av desse er det viktig at du kjem tidleg til behandling. Vent derfor ikkje for lenge med å oppsøke fastlege/legevakt.

Tilvising og vurdering

Frå du har vore hos fastlegen din eller på legevakta og fram til undersøking og utgreiing er gjort, skal det ikkje gå lang tid før du blir tatt vare på vidare. 

Før

Behandlinga krev inga førebuing.

Under

Hos dei fleste pasientar blir det tatt supplerande undersøkingar.

Resultatet av undersøkingar og eventuell utgreiing vil vere førande for vidare plan. Du blir anten flytt til observasjonseining, intensivavdeling eller utskrive frå sjukehuset.



Etter

Det vidare forløpet er avhengig av årsaka til magesmertene dine.

I nokre tilfelle vil du få tilbod om oppfølging ved kirurgisk poliklinikk. Du vil bli informert om dette før du blir skrive ut frå sjukehuset.


Sist faglig oppdatert 15.05.2025

Kontakt

Kirurgisk avdeling

Kontakt Kirurgisk avdeling

Oppmøtestad

Du finn oss på Førde sentralsjukehus.
Vi har og sengepost og poliklinikk på Lærdal sjukehus.

Transport

Buss

Det går regelmessig rutebussar mellom Førde Sentralsjukehus og Førde Rutebilstasjon.

På nettsidene til skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestadar og tider for Sogn og Fjordane.

Frå Førde er det også gode bussamband til Bergen, Oslo, Ålesund og Trondheim.

Flybuss

Det går direkte flybuss frå Førde Lufthamn Bringeland til Førde Sentralsjukehus for alle fly som landar. Bussen stoppar ved busstoppet på motsatt side av Vievegen, på austsida. Herfrå går flybussen til Førde Lufthamn Bringeland 75 minutt før alle flyavgangar.

Parkering

Det er mogleg å parkere gratis på sjukehusområdet for pasientar og besøkande.

Taxi

Drosjesentralen i Førde er om lag 100 meter frå Rutebilstasjonen. Ved behov er våre tilsette i resepsjonen tilgjengelege 24 timar i døgnet og kan bestille taxi til deg.