Utgreiing i poliklinikk
Når tilvisinga har blitt rettighetsvurdert og rett til helsehjelp i spesialisthelsetenesta er innvilga, vil du få innkalling til time. Nokre gonger ønsker vi at du har med deg pårørande til undersøkinga. Du vil få beskjed om dette på førehand.
På poliklinikken blir du tatt imot av ein fagperson. Før undersøkinga startar, blir du informert om kva som skal skje.
- Ta med deg briller og høyreapparat dersom du bruker det.
- Ta også med oversikt over kva medisinar du bruker.
Behandlaren snakkar med deg om situasjonen din og bruker standardiserte skjema for å kartlegge symptoma og plagene dine. Det kan vere kartlegging av humør, angstplager eller problem med hukommelsen. Dersom det er nødvendig, vil ein lege undersøke deg kroppsleg.
Dersom du har med deg pårørande, vil ein behandlar gjerne snakke med vedkommande. Pårørande blir også bedt om å svare på spørsmål om situasjonen din. Mot slutten av utgreiinga vil du og dine pårørande ha ei felles avsluttande samtale med behandlar.
Ambulant utgreiing
Ambulant utgreiing betyr at fagpersonar frå spesialisthelsetenesta besøker deg der du bur. Dette skjer i dei tilfella der du er så alvorleg psykisk sjuk eller fysisk svekka at du ikkje kan komme til poliklinikken.
Under undersøkinga vil ein fagperson ha ei samtale med deg. I tillegg blir det brukt standardiserte utgreiings- og kartleggingsinstrument. Vi hentar også opplysningar frå personalet og frå pårørande når det er mogleg.
Utgreiing på alderspsykiatrisk sengepost
I nokre tilfelle blir det aktuelt med innlegging på alderspsykiatrisk sengepost. Når du kjem til sengeposten, vil du bli tatt imot av ein fagperson som viser deg rommet ditt. Du vil få ei samtale med sjukepleiar/miljøterapeut og lege. Pårørande eller personale frå den institusjonen du har vore på, kan vere til stades under samtala. Legen vil undersøke deg og bestille eventuelle nødvendige tilleggsundersøkingar.
Under opphaldet på sengeposten vil det bli tatt forskjellige testar. Pårørandemøte blir avtalt etter behov. Vi vil vurdere ressursane dine med tanke på eigenomsorg, og du får samtale med behandlaren din minst ein gong i veka.
Før du reiser heim, vil det vere eit oppsummeringsmøte, eventuelt saman med andre aktuelle representantar frå sjukehuset og kommunen din. Det blir også etablert kontakt med kommunen for informasjon om heimreise dersom du har behov for kommunale tenester. Dersom du treng nye medisinar, blir dette ordna før du reiser heim.