Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Arrbrokk

Eit arrbrokk er eit brokk som oppstår i eit operasjonsarr i buken. Behandlinga er operasjon, anten som open operasjon eller kikholskirurgi (laparoskopisk).

Eit brokk er ei svakheit eller ein defekt i bukveggen (magen). Vev eller organ frå bukhola vil kunne bule ut i defekten, særleg dersom ein strammar magemusklane. Eit arrbrokk er når brokket kjem ut av ein defekt i bukveggen som skuldast tidlegare kirurgi. Arrbrokk forsvinn ikkje av seg sjølv.

Nokon har lite eller ingen plagar, mens andre kan kjenne på ømheit når brokket kjem ut. Det kjem lettast ut når ein brukar magemusklane, for eksempel under trening, løft eller ved hoste. Arrbrokk kan bli store og nokon syntes dei er kosmetisk skjemmande.

Dersom brokket set seg fast (blir inneklemt) gir dette ofte kraftige smerter og brokket blir hardt. Du kan også oppleve symptom som kvalme og oppkast. I slike tilfelle kan det bli nødvendig å operere akutt, og du bør snarast ta kontakt med lege. 

Behandlinga er operasjon, anten som open operasjon eller kikholskirurgi.

Tilvising og vurdering

Pasientar med plager frå arrbrokk blir tilviste frå fastlege eller frå ei anna kirurgisk avdeling. Rettleiande frist for start av utgreiing er 26 veker ifølgje Helsedirektoratet. Det er også varierande ventetider for sjølve operasjonen.

Kirurgen undersøkjer brokket. Nokon gonger blir det bestilt supplerande bilde for å kartleggje brokket, gjerne med CT eller ultralyd. Då blir mellom anna storleiken på brokket vurdert.

Dersom det er indikasjon for operasjon, vil kirurgen informere om kva type operasjon som er aktuell, samt risikofaktorar.

I tilvisinga skal det stå kva pasienten er operert for og når dette blei gjort. Beskriv storleiken på brokket og pasienten sine plager. Presiser om pasienten er så plaga at han/ho ønskjer operasjon.

Dersom pasienten er operert for kreft, skal det informerast om oppfølging av kreftsjukdommen og om det er funnet spreiing eller lokal tilbakekomst av kreftsjukdommen. Tilvisinga bør også innehalde opplysningar om andre sjukdommar, medikament, røykjevanar, vekt og høgd.

Ved operasjonar for arrbrokk er det ei vektgrense slik at BMI må vere under 30. Ved BMI over 30 aukar faren for komplikasjonar betydeleg, og operasjonen blir vanskelegare.

Det er eit absolutt krav at pasientane er røykfrie minst 6 veker etter operasjonen. Nikotinplaster og nikotintyggegummi kan brukast. Snus og el-sigarettar er ikkje anbefalt, men er ikkje absolutt forbode. Det er viktig at pasientane får denne informasjonen av fastlegen ved tidspunkt for tilvisinga.

Før

​​Faste

Før operasjonen/undersøkinga må du faste. Dersom du ikkje møter fastande, kan det hende vi må avlyse/utsetje timen.

De siste 6 timane før operasjon/undersøking skal du ikkje ete mat eller drikke mjølk/mjølkeprodukt. De siste 2 timane skal du unngå tyggegummi, drops, snus og røyk. Fram til 2 timer før kan du drikke klare væsker: Vatn, saft, juice utan fruktkjøt, brus, te og kaffi utan mjølk. Du kan svelge medisinar med eit lite glas vatn inntil 1 time før, og pusse tenner og skylje munnen når som helst.

  • Mat og mjølk/mjølkeprodukt: Skal stoppast 6 timer før
  • Klare væsker, tyggegummi, drops, røyk og snus: Skal stoppast 2 timer før

Dersom du likevel har ete eller drukke utanom dei tidene som står her må personalet få vite det.

Før enkelte inngrep skal du drikke ein bestemt mengde næringsdrikk.Det får du i så fall beskjed om. 

Andre førebuingar

Om du brukar blodfortynnande medisinar, sjå informasjon i innkallingsbrevet frå sjukehuset om kva du skal gjere. Ta med ei liste over dei faste medisinane når du kjem til sjukehuset.

Fjern ringar, klokker, kontaktlinser, sminke, naglelakk og piercingar før operasjonen. Dersom piercingar eller liknande ikkje er fjerna, kan du risikere at dei blir klipte av.

Briller og høyreapparat kan du ha på.

På morgonen operasjonsdagen eller kvelden før, skal du dusje og vaske håret. Skyll godt i navlen. Ikkje bruk krem eller sminke etter at du har dusja.

Operasjonsområdet blir barbert på sjukehuset om nødvendig.

Dersom du har fått beskjed om at du skal bruke brokkbind eller kompresjonstøy, kan du kjøpe dette hos bandasjist.

Under

Operasjonen blir gjord ope eller med kikholskirurgi (laparoskopisk).

Open operasjon

Ved open operasjon fjernar vi det gamle arret, og gjer ofte samtidig ein større eller mindre hudplastikk (fjerning av overskytande hud) fordi brokket har ført til ei utviding av huda.

Vi prøver å samle bukmuskulaturen slik at den opphavlege anatomien blir gjenskapt mest mogleg. Vi bruker alltid ei nettforsterking. Det betyr at eit nett blir plassert under, mellom eller oppå muskulaturen som ei forsterking. Av og til legg vi inn dren for å fjerne sårvæske. Desse blir fjerna etter operasjonen. Brokkbind blir lagt på for avlasting.

Kikholskirurgi

Ved kikholskirurgi fjernar vi ikkje hud. Vi lagar fleire små snitt der røyr på 5 og 12 mm blir førte inn i bukhola og operasjonen blir gjord gjennom desse.

Det blir blåst luft inn i bukhola. Brokket blir så trekt inn i bukhola (magen), og defekten blir lukka med sting. Det blir lagt eit forsterkande nett over defekten. Av og til blir nettet lagt mellom bukhinna og bukveggen, andre gonger direkte på bukveggen frå innsida.

Operasjonane blir gjorde i narkose. Ved begge operasjonstypane blir det vanlegvis gitt antibiotika førebyggjande.

Operasjonstida varierer mykje med storleiken på brokket, og om det samtidig skal gjerast ein hudplastikk. Dei største operasjonane tek opp mot tre timar, medan dei små kan vere gjorde på mindre enn ein time.

Operasjonsrisiko

Det er risiko for bløding og betennelse ved all kirurgi. Ved operasjon for arrbrokk kan ein mellom anna risikere av brokket kjem tilbake. Dersom brokket då gir symptom som smerte bør du bli vurdert igjen av kirurg, nokon kan få tilbod om ein ny operasjon.

Det er også risiko for smerter i operasjonssår, som oftast går dette over. 

Dersom du røykjer aukar risikoen for tilbakefall og smerter. Vi anbefaler alle som skal til operasjon for brokk om å slutte å røykje.

Etter

Smertestillande

Etter operasjonen blir du verande i avdelinga i minst eitt døgn, kanskje opp mot ei veke ved dei største brokkane. Det viktigaste den første tida er god smertebehandling. I tillegg til tablettar eller sprøyter, gir vi ofte smertestillande medisinar gjennom eit tynt kateter i ryggen (epiduralkateter). Dette kateteret blir liggjande i 2-3 dagar.

Blodprøvar

Vi tek blodprøvar for å oppdage eventuell betennelse eller bløding. Du får blodfortynnande medisin for å førebyggje blodpropp når du er innlagd.

Aktivitet

Dei første dagane etter operasjonen skal du gjere opptreningsøvingar og pusteøvingar. God pusteteknikk og tidleg aktivitet er viktig for å unngå lungebetennelse. Det er viktig at du kjem deg ut av senga så raskt som mogleg for å gå korte turar. Brokkbind blir tilrådd.

Oppfølging og sjukmelding

Nokre sjukehus avtaler oppfølging på poliklinikken etter nokre veker.

Vanleg sjukmeldingstid er 4-6 veker etter dei store brokka.

Styrken i bukveggen etter operasjon kan aldri bli betre enn 80 prosent av opphavleg styrke. Du skal unngå ekstreme belastningar, som svært tunge løft, resten av livet. Det er viktig med mest mogleg rørsle. Ved trening i treningsstudio skal belastinga av magemusklane skje gradvis. Det tek opp mot 6 månader før du kan sjå det endelege resultatet av operasjonen.

Ver merksam

 

Kontakt avdelinga om dersom du får nokre av desse plagene:

  • tung pust
  • bløding i såret
  • væske fra såret
  • aukande hevelse, raude eller smerte frå såret
  • aukande hevelse i eitt eller begge bein
  • sjukdomskjensle/nedsett allmenntilstand
  • svimmelheit eller svime
  • ​feber

Blir du akutt sjuk, ring 113.

 

Sist faglig oppdatert 12.04.2024

Kontakt

Førde sentralsjukehus Augeavdeling

Kontakt Augeavdeling

Oppmøtestad

Finne informasjonen som står i innkallingsbrevet.
En stor bygning med en stor plen foran seg

Førde sentralsjukehus

Svanehaugvegen 2

6812 Førde

Transport

Buss

Det går regelmessig rutebussar mellom Førde Sentralsjukehus og Førde Rutebilstasjon.

På nettsidene til skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestadar og tider for Sogn og Fjordane.

Frå Førde er det også gode bussamband til Bergen, Oslo, Ålesund og Trondheim.

Flybuss

Det går direkte flybuss frå Førde Lufthamn Bringeland til Førde Sentralsjukehus for alle fly som landar. Bussen stoppar ved busstoppet på motsatt side av Vievegen, på austsida. Herfrå går flybussen til Førde Lufthamn Bringeland 75 minutt før alle flyavgangar.

Parkering

Det er mogleg å parkere gratis på sjukehusområdet for pasientar og besøkande.

Taxi

Drosjesentralen i Førde er om lag 100 meter frå Rutebilstasjonen. Ved behov er våre tilsette i resepsjonen tilgjengelege 24 timar i døgnet og kan bestille taxi til deg.

 

Praktisk informasjon

Ved Førde sentralsjukehus finn du Sjukehusapoteka Vest HF si avdeling i Sogn og Fjordane.

​​Apoteket gjev tilbod til alle nyutskrivne og polikliniske pasientar ved Førde Sentralsjukehus, samt alle tilsette og besøkande.  Sjukehusapoteket er altså open for alle.

På veg heim frå sjukehuset kan pasientar få med seg alt dei treng av legemiddel og utstyr for vidare behandling heime. I tillegg har apoteket eit stort og variert utval av reseptfrie legemiddel, hudpleiemiddel, kost- og ernæringsmiddel samt andre apotekvarer.

Apoteket gjer klar legemidla medan du ventar og gjev råd om korleis du skal bruke dei på rett måte.

Apoteket forsyner dei fleste avdelingane i Helse Førde med legemiddel, apotekvarer og farmasøytiske tenester og gjev farmasøytisk rådgjeving til mange kommunar i Sogn og Fjordane.

​For å få behandling ved sjukehus eller poliklinikk må du i utgangspunktet vere tilvist frå lege, kiropraktor eller manuell teapeut. Har du trong for legehjelp skal du ringe fastlegen din eller den kommunale legevakta.

Les meir om eigendelar på helsenorge.no

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Då kan det vere lurt å hugse nokre reglar.

​Det er sjølvsagt heilt greitt så lenge det er pasientane og/eller pårørande og vener som er på bileta.

Det er likevel ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsette. Vi har hatt tilfeller der bilete av medpasientar/tilsette er blitt publisert i digitale media utan deira godkjenning.

Vi håper alle viser respekt for personvernet til alle dei møter under besøket på sjukehuset og avgrensar fotografering til å gjelde eigen familie og vener.

​Ved Førde sentralsjukehus finn du kiosk der du kan kjøpe aviser og andre kioskvarer. Du kan også levere kupongar til Norsk Tipping sine spel.

Alle kantinene i Helse Førde er opne for tilsette, pasientar og pårørande.

​Kantinene på Lærdal sjukehus og Nordfjord sjukehus finn du i underetasjen. Dei har opningstid 10.30 - 14.30.

Hovudkantina ved Førde sentralsjukehus ligg i 2. etasje. Her får du kjøpt varm mat og mykje anna. Den har opent 07.30 - 20.00.
I Førde finn du også ein kafe i 1. etasje innanfor resepsjonen. Denne har opningstid  09.00 - 15.00. Her finn du kaffe, te, anna drikke, påsmurt og kaker m.m.

Kantina ved Indre Sogn psykiatrisenter er open alle kvardagar frå klokka 10.00-13.30.

Kantina på Tronvik er open for tilsette og bebuarar.

​Du kan nytte mobiltelefon ved sjukehusa. Vi oppfordrar likevel alle til å bruke mobilvett og ta omsyn til medpasientar.

Det er viktig å sette telefonen på stille om natta, og på stilleringing eller vibrering om dagen. Av omsyn til dei andre pasientane er det best å gå ut av rommet dersom du må ta ein lengre samtale.

Vi ber om at du inne på pasientrommet ikkje snakkar eller har lyd på mobilen i tidsrommet etter klokka 21.30 til klokka 08.00 neste dag.

Det er gratis trådlaust nettverk for pasientar, pårørande og besøkande på sjukehusa. Dette kan du kople deg til frå din smarttelefon.

Førde sentralsjukehus har sett av hundre parkeringsplassar berre for pasientar og pårørande. Er alle desse plassane opptekne, er det fleire parkeringsområde rundt Førde sentralsjukehus. Ledige plassar på desse områda kan òg nyttast av besøkande.

Blodgjevarar og rørslehemma har eigne parkeringsplassar mellom anna framfor hovudinngangen og rundt om på sjukehuset sitt område. Dei som kan parkere her, har eige parkeringsløyve. Utan slikt løyve er parkering rekna som ugyldig.

Ordinær parkering for pasientar og pårørande:
Parkeringsplassen er inn frå Svanehaugvegen, nord-aust for Svanabygget som er hovudbygningen ved sjukehuset. På nedsida av parkeringsplassen er det også ladepunkt for el-bil. 

 

​I 6. etasje har Førde sentralsjukehus eige pasienthotell.

Pasienthotellet har 22 senger. Dei er fordelt på seks enkle rom og åtte doble rom. Alle romma er tilpassa rullestolbrukarar.

​Treng du nokon å snakke med? Sjukehuspresten er til for deg anten du er pasient eller pårørande. I møte med denne omsorgstenesta kan du finne ein «fristad» og ein plass å samle tankane. I samtale med sjukehuspresten er det tid og rom for både stort og smått.

Du treng ikkje ha kristen eller religiøs tru for å ta kontakt. Det er ditt liv og dine tankar som har fokus. Det er sjølvsagt og høve til klassiske prestetenester som mellom anna sermoniar og bøn.

Uansett kva du har på hjartet er sjukehuspresten tilgjengeleg for å møte deg, der det passar deg best. Det kan vere på telefon, prestekontoret, pasientrom, i kantina eller kanskje på ein benk ute.

Ta kontakt direkte med Helene Langeland på telefon 908 79 281, eller spør personalet om å tilkalle/avtale tid med prest.

Sjukehuspresten er primært tilgjengeleg i ordinær kontortid, men kan og tilkallast til andre tider.

Kontoret er på plan 2, første dør til høgre for inngangen til kantina.

Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).
  3. Les nøye gjennom vilkåra.
  4. Trykk "Godta" når du har lese og forstått vilkåra.
Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal berre vere nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar.
 

  • Akuttmedisin:
    Etter avtale på telefon 57 83 90 82.
  • Barneavdeling:
    Visittider sengeposten 5. etg: Kontakt personale på vaktrommet.
  • Kirurgisk:
    Visittider sengepost 12.30-13.30 og 18.30-19.30.
  • Kreft:
    Visittider sengepost: Har ikkje faste visittider. Ta kontakt med vaktrommet.
  • Kvinneklinikken:
    Far eller medmor kan kome når dei ønskjer utanom kviletid klokka 13.00-15.00. Søsken til barnet og andre besøkande kan takast i mot utanfor avdelinga.
  • Medisinsk:
    Visittider medisinsk sengepost 14.30-15.30 og 19.00-19.45. Til eineromma: Etter avtale.
  • Nevrologisk:
    Ikkje fast visitttid. Pårørande og andre er alltid velkomne.
  • Ortopedisk:
    13.30-16.00 og 17.30-19.30.