Behandling
Augedrypping
Det er fleire grunnar til ein må bruke augedropar, for eksempel grøn stær, drypping etter operasjon eller infeksjonar. Augedropane er på lik linje med annan medisin og du skal nytta dei slik legen har gitt beskjed om.
Før
Vask hendene
Under
- Legg hovudet bakover
- Trekk (forsiktig) ned det nedste augelokket, slik at det blir danna ei "lomme"
- Hald flaska som ein penn (1-2 cm over auget). For å få bedre støtte kan du la flaska kvile på naseryggen
- Trykk ut ein drope slik at den kjem innanfor "lomma"
- Hald auget igjen i 1-2 minutter for å få best mogleg effekt
Du kan drype augene sitjande, liggjande eller ved å sjå deg i spegelet:
Har du problem med å "treffe auget" kan du dryppe med lukka auge:
- Det er best å ligge flatt når du dryp med lukka auge
- Støtt flaska med naserota
- Drypp ein drope slik at den blir liggjande i augekroken
- Når du opnar auget, kjem dropen på plass.
Når du skal dryppe augene er det viktig at du:
- Bruker den dryppeteknikken som passer best for deg
- Tørker forsiktig med reint papir dersom augedropane kjem på huda under augene
- Vent 5 minutter mellom kvar drypping om du bruker fleire droper
Ver merksam
Det er normalt at det svir, men får du raude og hovne auge, kan det vere ein allergisk reaksjon. Sei ifrå til legen din!
Kontakt
Førde sentralsjukehus
Augeavdeling
Kontakt Augeavdeling
Oppmøtestad
Finne informasjonen som står i innkallingsbrevet.Førde sentralsjukehus
Svanehaugvegen 2
6812 Førde