Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Barnekreft
Det er sjeldan at barn får kreft. I Norge er det kvart år rundt 200 barn og unge under 18 år som får ein kreftdiagnose. Barnekreft skil seg frå kreft hos vaksne, stort sett fordi barn og unge får heilt andre krefttypar enn vaksne.
Symptom
Prognosen ved barnekreft er generelt betre enn hos vaksne som får kreft. Langtidsoverleving (fem år) ligg samla på rundt 88 prosent. Prognosen er avhengig av type kreft og når i utviklinga sjukdomen blir oppdaga.
Symptom ved kreft hos barn varierer. Generelle symptom kan vere langvarig og uforklarleg feber, nattesveitte, uforklarleg vekttap og dårleg trivnad.
Symptom på leukemi
Ved leukemi (blodkreft) er dei mest framtredande symptoma at barnet er bleikt, slapt, har feber og blødningar i huda som kan sjåast som små raude prikkar eller mange blåmerke. Barnet kan oppleve smerter i ledd og skjelett og ha forstørra lymfeknutar.
Symptom på lymfekreft
Ved lymfekreft er dei mest framtredande symptoma hevelse av lymfeknutar, nattesveitte og vekttap. Plutseleg tung pust, nokre gongar livstruande, kan oppstå grunna press mot luftvegane ved lymfekreft i bysthola. Det er veldig vanleg at barn kan ha forstørra lymfeknutar mindre enn 2 i diamteter på halsen. Dette gir ikkje mistanke om lymfekreft.
Symptom på hjernesvulst eller svulst i ryggmarg
Hjernesvulstar kan føre til auka trykk i hjernen med kvalme, oppkast eller brekningar, og hovudpine. Dette opplever barnet oftast om morgonen. Hos spedbarn kan unormal auke i hovudomkrins eller spent fontanelle (det mjuke området på toppen av hovudet) vere første teikn på hjernesvulst. Spedbarnet kan også vere irritabel eller slapt.
Andre symptom forårsaka av svulstens plassering kan vere kramper, ustø gange, delvis lamming i arm, bein eller ansikt, skjegling, dobbeltsyn eller unormale augebevegelsar, nedsett syn eller høyrsel. Barnet kan også ha vanskar med å svelgje. Barnet kan få endra personlegheit og atferd og bli irritabel, passiv, trøytt eller få reduserte skuleprestasjonar. Barnet kan også få skjeivstilling av hovudet, utilsikta vekttap, redusert vekst eller for tidleg pubertet.
Symptom på svulst i ryggmargen kan vere nedsett kontroll over vannlating og avføring, ustø gange og nedsett kraft i beina og/eller smerter og skjeiv rygg.
Symptom på andre svulstar
Andre svulstar gir symptom avhengig av kor stor svulsten er og kor han er plassert. Ved aggressive svulstar er ofte allmenntilstanden dårlegare. I andre tilfelle er det første symptomet ein synleg svulst eller ein svulst ein oppdagar ved ei undersøking, anten i magen eller andre stader på kroppen. Barnet kan få smerter i skjelett ved beinsarkom (kreft i knoklar) og ved spreiing til skjelettet.
Andre symptom på slike svulstar kan vere problem med å tisse, blod i urinen, forstopping og forstørra mage.
Symptom på kreft i brysthola kan vere langvarig hoste, svært tung pust og synlege blodkar på halsen.
Tilvising og vurdering
Når fastlegen har mistanke om kreft skal barnet bli tilvist direkte til eit pakkeforløp for kreft. Eit pakkeforløp er eit standardisert pasientforløp som skildrar organiseringa av utgreiing og behandling, kommunikasjon/dialog med barn og pårørande, i tillegg til ansvarsplassering og konkrete forløpstider.
Viss fastlegen har mistanke til kreft hos ein person under 18 år, bør fastlegen i tillegg til å tilvise skriftleg også ta direkte telefonkontakt med barneavdelinga.
Det blir gjort undersøkingar av barnet for å avklare om barnet har kreft eller ikkje.
Ved mistanke om kreft vil barnet blir undersøkt av lege. Det blir teke blodprøver og røntgenundersøkingar avhengig av kva for symptom barnet har og kva mistanken gjeld. I enkelte tilfelle vil andre undersøkingar vere aktuelle og de blir informert om dette.
Utgreiing ved mistanke om barnekreft skjer etter liknande retningslinjer som for vaksne, men sidan barnet kan vere uroleg, må mange av undersøkingane gjerast i narkose. Når diagnosen er klar, blir det tatt fleire undersøkingar som er spesifisert i behandlingsplan (behandlingsprotokoll) for den aktuelle kreftsjukdomen.
Med tanke på moglege biverknadar av behandlinga gjer vi ei brei generell utgreiing før behandlinga startar, tilpassa behandlinga som skal bli gitt.
Kliniske undersøkingar, blodprøvar og ulike typar røntgenundersøkingar blir gjort under utgreiinga, avhengig av svulstens plassering og kva symptom barnet eller ungdomen har.
Barnekreftportalen - for deg som vil vite meir om barnekreft
Barnekreftportalen er ei side om barnekreft for helsepersonell, pasientar, pårørande og andre interesserte. Portalen skal gi kvalitetssikra informasjon om kreft hos barn og gi rask tilgang til gode nettsteder med relasjon til tema. Sida er drifta av Nasjonal kompetansetjeneste for solide svulster hos barn ved Oslo Universitetssykehus.
Alle pasientar som får ein kreftdiagnose, blir inkludert i pakkeforløp heim for pasientar med kreft. Gjennom pakkeforløpet går vi gjennom dei individuelle behova dine for tenester og oppfølging utover sjølve kreftbehandlinga.
Dersom barnet har kreft, planlegg vi no kva behandling som er best for barnetg. Beslutninga om behandling tar vi i lag med familien, vanlegvis basert på vurderingar som er gjort i eit tverrfagleg team-møte.
Det er kvart regionssjukehus i landet som har ansvar for barnekreftbehandling i sin region, og behandlinga blir gjort etter internasjonale retningsliner. At behandlinga blir gitt etter slike retningslinjer sikrar at alle barn i landet får lik behandling etter internasjonalt akseptert norm. Ein haustar felles erfaringar for å auke kunnskapen om dei ulike tilstandane.
Stamcelletransplantasjon (tidlegare kalla beinmargstransplantasjon), organtransplantasjon og behandling av augekreft (retinoblastom) hos barn er sentralisert til Oslo universitetssjukehus. Behandling med strålekniv (gammakniv) er sentralisert til Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus.
Cellegift har som regel god effekt på kreft i barnealderen, slik at behandlingsresultata er gode sjølv ved utvikla sjukdom. Ved blodkreft og lymfekreft gir ein oftast kun cellegift, i sjeldne tilfelle supplert med strålebehandling.
Hjernesvulstar blir primært opererte viss det er mogleg. Etterbehandling kan vere nødvendig, avhengig av svulsttypen. Behandlinga kan vere cellegift, strålebehandling eller begge deler, avhengig av barnets alder.
Andre svulstar blir vanlegvis behandla med cellegift før operasjon. Deretter blir operasjon utført, før ny cellegiftbehandling. I enkelte tilfelle supplerer vi behandlinga med stråling og/eller høgdosebehandling med stamcellestøtte.
Cellegiftbehandling hos barn skjer praktisk talt utelukkande via eit sentralt venekateter. Dette er eit tynt røyr som blir sett inn i ei av dei store venene i kroppen og mellom anna gjer det mogleg å gi medisin direkte inn i blodløpet. Dette gjer vi av omsyn til barnets tryggleik og for å spare barnet for smerte, då venekateter kan stå i over tid og gjer at vi ikkje treng å stikke barnet ved kvar behandling. Dei fleste blodprøvar blir også tatt frå slike kateter.
Kreftbehandling av barn er ofte intensiv og langvarig, men dette varierer med krefttypen. Utgreiing, operasjonar, strålebehandling og mesteparten av cellegiftbehandlinga skjer ved regionssjukehusa. Mykje av støttebehandlinga og enkelte deler av cellegiftbehandlinga kan skje ved lokal barneavdeling i tett samarbeid med regionssjukehuset.
Oppfølging
Barn og unge får hyppige kontrollar ved sjukehus dei første åra etter behandlinga. Innhaldet i oppfølginga vil variere med krefttypen barnet har hatt. Det første året er det vanleg med kontroll kvar månad ved leukemi, og kvar tredje månad ved kreftsvulst. Dei neste åra blir det færre kontrollar.
Etter fem år er ofte årlege kontrollar nok for å følgje med på barnets vekst, fysiske og mentale utvikling og oppdage eventuelle seinfølgjer av behandlinga eller sjukdomen. Barnet blir vanlegvis kontrollert fram til dei blir 18 år.
Barn med hjernesvulst blir jamleg kontrollert med MR-undersøking av hjerne og ryggmarg. Dei fleste med mindre alvorlege svulstar blir kontrollert med årlege MR-undersøkingar til 18-års alder og deretter med lengre intervallar.
Barnekreftavdelinga er primært ansvarleg for kontrollopplegget. Kontrollane blir gjort i samarbeid med lokal barneavdeling.
Ver merksam
Før de reiser heim etter avslutta behandling vil de få god og grundig informasjon om kva symptom som kan oppstå dersom barnet skulle få tilbakefall av sjukdommen. Symptoma vil variere etter kva kreftsjukdom det er snakk om.
Vi har flytta inn i nye, flotte lokaler i Livabygget. Vi er framleis å finne i 5. etasje, og du tek trapp eller heis som før. Her finn du barne- og ungdomsavdelinga, føde og gynekologisk sengepost.
Sengepost: Bruk hovudinngangen til sjukehuset og gå korridoren til endes, forbi kafeen og til heishallen. Ta heisen opp i 5 etg. Henvend deg på vaktrommet på Barne og ungdomsavdelinga.
Poliklinikk: Bruk hovudinngangen til sjukehuset og gå rett fram gjennom glasdørene ved respsjonen. Henvend deg i luka til sekretær.
Det går regelmessig rutebussar mellom Førde Sentralsjukehus og Førde Rutebilstasjon.
På nettsidene til skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestadar og tider for Sogn og Fjordane.
Frå Førde er det også gode bussamband til Bergen, Oslo, Ålesund og Trondheim.
Flybuss
Det går direkte flybuss frå Førde Lufthamn Bringeland til Førde Sentralsjukehus for alle fly som landar. Bussen stoppar ved busstoppet på motsatt side av Vievegen, på austsida. Herfrå går flybussen til Førde Lufthamn Bringeland 75 minutt før alle flyavgangar.
Parkering
Det er mogleg å parkere gratis på sjukehusområdet for pasientar og besøkande.
Taxi
Drosjesentralen i Førde er om lag 100 meter frå Rutebilstasjonen. Ved behov er våre tilsette i resepsjonen tilgjengelege 24 timar i døgnet og kan bestille taxi til deg.
Praktisk informasjon
Ved Førde sentralsjukehus finn du Sjukehusapoteka Vest HF si avdeling i Sogn og Fjordane.
Apoteket gjev tilbod til alle nyutskrivne og polikliniske pasientar ved Førde Sentralsjukehus, samt alle tilsette og besøkande. Sjukehusapoteket er altså open for alle.
På veg heim frå sjukehuset kan pasientar få med seg alt dei treng av legemiddel og utstyr for vidare behandling heime. I tillegg har apoteket eit stort og variert utval av reseptfrie legemiddel, hudpleiemiddel, kost- og ernæringsmiddel samt andre apotekvarer.
Apoteket gjer klar legemidla medan du ventar og gjev råd om korleis du skal bruke dei på rett måte.
Apoteket forsyner dei fleste avdelingane i Helse Førde med legemiddel, apotekvarer og farmasøytiske tenester og gjev farmasøytisk rådgjeving til mange kommunar i Sogn og Fjordane.
For å få behandling ved sjukehus eller poliklinikk må du i utgangspunktet vere tilvist frå lege, kiropraktor eller manuell teapeut. Har du trong for legehjelp skal du ringe fastlegen din eller den kommunale legevakta.
Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Då kan det vere lurt å hugse nokre reglar.
Det er sjølvsagt heilt greitt så lenge det er pasientane og/eller pårørande og vener som er på bileta.
Det er likevel ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsette. Vi har hatt tilfeller der bilete av medpasientar/tilsette er blitt publisert i digitale media utan deira godkjenning.
Vi håper alle viser respekt for personvernet til alle dei møter under besøket på sjukehuset og avgrensar fotografering til å gjelde eigen familie og vener.
Ved Førde sentralsjukehus finn du kiosk der du kan kjøpe aviser og andre kioskvarer. Du kan også levere kupongar til Norsk Tipping sine spel.
Alle kantinene i Helse Førde er opne for tilsette, pasientar og pårørande.
Kantinene på Lærdal sjukehus og Nordfjord sjukehus finn du i underetasjen. Dei har opningstid 10.30 - 14.30.
Hovudkantina ved Førde sentralsjukehus ligg i 2. etasje. Her får du kjøpt varm mat og mykje anna. Den har opent 07.30 - 20.00. I Førde finn du også ein kafe i 1. etasje innanfor resepsjonen. Denne har opningstid 09.00 - 15.00. Her finn du kaffe, te, anna drikke, påsmurt og kaker m.m.
Kantina ved Indre Sogn psykiatrisenter er open alle kvardagar frå klokka 10.00-13.30.
Kantina på Tronvik er open for tilsette og bebuarar.
Du kan nytte mobiltelefon ved sjukehusa. Vi oppfordrar likevel alle til å bruke mobilvett og ta omsyn til medpasientar.
Det er viktig å sette telefonen på stille om natta, og på stilleringing eller vibrering om dagen. Av omsyn til dei andre pasientane er det best å gå ut av rommet dersom du må ta ein lengre samtale.
Vi ber om at du inne på pasientrommet ikkje snakkar eller har lyd på mobilen i tidsrommet etter klokka 21.30 til klokka 08.00 neste dag.
Det er gratis trådlaust nettverk for pasientar, pårørande og besøkande på sjukehusa. Dette kan du kople deg til frå din smarttelefon.
Førde sentralsjukehus har sett av hundre parkeringsplassar berre for pasientar og pårørande. Er alle desse plassane opptekne, er det fleire parkeringsområde rundt Førde sentralsjukehus. Ledige plassar på desse områda kan òg nyttast av besøkande.
Blodgjevarar og rørslehemma har eigne parkeringsplassar mellom anna framfor hovudinngangen og rundt om på sjukehuset sitt område. Dei som kan parkere her, har eige parkeringsløyve. Utan slikt løyve er parkering rekna som ugyldig.
Ordinær parkering for pasientar og pårørande: Parkeringsplassen er inn frå Svanehaugvegen, nord-aust for Svanabygget som er hovudbygningen ved sjukehuset. På nedsida av parkeringsplassen er det også ladepunkt for el-bil.
I 6. etasje har Førde sentralsjukehus eige pasienthotell.
Pasienthotellet har 22 senger. Dei er fordelt på seks enkle rom og åtte doble rom. Alle romma er tilpassa rullestolbrukarar.
Treng du nokon å snakke med? Sjukehuspresten er til for deg anten du er pasient eller pårørande. I møte med denne omsorgstenesta kan du finne ein «fristad» og ein plass å samle tankane. I samtale med sjukehuspresten er det tid og rom for både stort og smått.
Du treng ikkje ha kristen eller religiøs tru for å ta kontakt. Det er ditt liv og dine tankar som har fokus. Det er sjølvsagt og høve til klassiske prestetenester som mellom anna sermoniar og bøn.
Uansett kva du har på hjartet er sjukehuspresten tilgjengeleg for å møte deg, der det passar deg best. Det kan vere på telefon, prestekontoret, pasientrom, i kantina eller kanskje på ein benk ute.
Ta kontakt direkte med Helene Langeland på telefon 908 79 281, eller spør personalet om å tilkalle/avtale tid med prest.
Sjukehuspresten er primært tilgjengeleg i ordinær kontortid, men kan og tilkallast til andre tider.
Kontoret er på plan 2, første dør til høgre for inngangen til kantina.
Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:
Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).
Les nøye gjennom vilkåra.
Trykk "Godta" når du har lese og forstått vilkåra.
Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal berre vere nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar.
Akuttmedisin: Etter avtale på telefon 57 83 90 82.
Barneavdeling: Visittider sengeposten 5. etg: Kontakt personale på vaktrommet.
Kirurgisk: Visittider sengepost 12.30-13.30 og 18.30-19.30.
Kreft: Visittider sengepost: Har ikkje faste visittider. Ta kontakt med vaktrommet.
Kvinneklinikken: Far eller medmor kan kome når dei ønskjer utanom kviletid klokka 13.00-15.00. Søsken til barnet og andre besøkande kan takast i mot utanfor avdelinga.
Medisinsk: Visittider medisinsk sengepost 14.30-15.30 og 19.00-19.45. Til eineromma: Etter avtale.
Nevrologisk: Ikkje fast visitttid. Pårørande og andre er alltid velkomne.