Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Bronkiektasiar hos barn og unge

Bronkiektasiar er ein tilstand som fører til auka slim i lungene, langvarig våt hoste, gjentekne luftvegsinfeksjonar og stundom tung pust. Det finst behandlingar for bronkiektasiar som gjer at du kan fungere godt.

Bronkiektasier er en luftveissykdom som gir slimdannelse, langvarig hoste og økt risiko for lungeinfeksjoner. Det finnes ulike behandlinger avhengig av symptom, alvorlighetsgrad og sykdomsutvikling.

Les meir på helsenorge.no

Årsaker

Tilstanden kjem av ei unormal utviding av luftvegsrøyra (bronkiane), og dei kan også få ein tjukkare vegg enn vanleg, som teikn på betennelse. Dette fører til at slimet blir verande i lungene og aukar risikoen for bakterielle lungeinfeksjonar eller bronkitt. Gjentatte infeksjonar fører til vedvarande betennelse og meir slim i luftvegane, og det fører igjen til auka utviding av bronkiane og forverring av bronkiektasiane.

Bronkiektasiar er derfor ikkje ein eigen sjukdom, men ei følge av ein kronisk sjukdom eller gjentatt skade på luftvegane, for eksempel som følge av infeksjonar. Dei vanlegaste årsakene til bronkiektasiar hos barn er cystisk fibrose, primær ciliedyskinesi, langvarige luftvegsinfeksjonar (med eller utan underliggande immunsvikt), aspirasjon av mat eller andre framandlekamar til luftvegane, medfødde luftvegsanomaliar og andre medfødde lungesjukdommar. Hos 35 prosent av pasientane finn vi ikkje årsak til bronkiektasiane.

Utgreiing

Undersøkingar

Mange av symptoma på bronkiektaser er diffuse og kan opptre ved ulike andre tilstandar. Du skal vere ekstra merksam på dagleg våt hoste som varer lenger enn fire veker og tjukt, gult eller grønt slim. Har du gjentatte lungebetennelsar som er vanskelege å behandle er det grunn til å vurdere om du utviklar bronkiektasiar. Dersom du har «astma» som ikkje responderer på behandling, bør du også greiast ut vidare.

I tillegg til klinisk undersøking startar vi ofte med følgande undersøkingar:

Spirometri

Dette er ei undersøking som måler lungefunksjonen din. Den gir primært informasjon om tilstanden til luftvegane. Vi måler mengda (volum) luft du pustar ut, og samtidig farten til lufta du pustar ut (flow).

Slimprøve av luftvegane til dyrking av bakteriar og sopp

Dette kan gjerast ved at du hostar opp slim til prøva sjølv, eller ved å suge med eit lite sugekateter bak i svelget.

Røntgen av lungene

Dette kan i somme tilfelle vere nok til å stille diagnosen, men som oftast ser bilda normale ut ved bronkiektasiar. Røntgenbildet kan også vise teikn på lungebetennelse, samanfall av delar av lunga (atelektase) for eksempel på grunn av slimproppar, eller andre ting som påverkar luftvegane.

CT-bilete av lungene

Dette er standard-testen for å stille diagnosen bronkiektasiar. Da tar vi CT om vi har sterk mistanke om bronkiektasiar, sjølv om røntgenbilde av lungene er normalt. Eit CT-bilde gir eit meir detaljerte bilde av lungene, og viser tydelegare kva delar av lunga som er påverka.

Alle som har fått påvist bronkiektasiar på CT-bilete av lungene bør greiast ut vidare med følgjande undersøkingar:

Sveittetest

Personar med cystisk fibrose har eit høgare saltinnhald i sveitten enn andre. For å finne ut om du har cystisk fibrose samlar vi ei lita mengde frå underarmen din, og målar og klorverdien i sveitten din.

Nasal NO

I denne testen måler vi mengda gassen nitrogenoksyd frå nasen din. Dette er ein test for å finne ut om du har primær ciliedyskinesi.

Blodprøvar

Blodprøver tar vi for å undersøke om du har cystisk fibrose eller primær ciliedyskinesi. Da bruker vi blod for å ta ein genetisk test av deg. Ei blodprøve kan også avdekke om du har teikn på immunsvikt eller autoimmune sjukdommar, eller om du har teikn på allergisk reaksjon mot muggsoppen Aspergillus.

Røntgen av matrøyr og magesekk

Dette tar vi om vi mistenker at det lekker mat eller drikke til lungene (aspirasjon). Vi tar også røntgen om vi mistenker ein direkte passasje mellom matrøyr og luftrøyr (fistel).

24-timars pH-registrering

Denne testen tar vi om det er mistanke om sur refluks frå magesekken. Du får ein sonde som går frå nasen, gjennom matrøyret og ned i magesekken. Da kan vi måle om det er for mykje magesyre som kjem opp i matrøyret ditt i løpet av eit døgn.

Bronkoskopi

Av og til blir denne testen gjord som inneber at du blir undersøkt i full narkose. Under undersøkinga bruker vi eit tynt røyr med kamera i enden (bronkoskop) for å sjå på luftvegane inni lunga. Det kan vere nyttig for å sjå etter framandlekam, for å sjå korleis luftrøyra ser ut, og for å ta bakterieprøver frå slimet lenger ned i luftvegane.

Behandling

Behandling av sjølve bronkiektasiane blir gjorde ved slimmobilisering og førebygging/behandling av infeksjonar, og i tillegg må ein eventuell underliggande sjukdom behandlast.

Underliggande sjukdom

Om du har ein underliggande sjukdom som påverkar pusten eller lungene dine, må vi behandle han òg, dersom det er mogleg.

Slimmobilisering

Dette er den viktigaste behandlinga av sjølve bronkiektasiane. Når slimet blir fjerna får ikkje bakteriane grobotn, og bronkiektasiane blir ikkje forverra. Slimet kan gjerast mindre seigt ved at du inhalerer fysiologisk saltvatn eller hypertona (sterkare) saltvatn. Det kan også hende du må inhalere spesielle medikament som vanlegvis blir brukte ved cystisk fibrose (Pulmozyme), slik at slimet losnar lettare frå lungene.

Lungefysioterapi

Lungefysioterapi, inkludert pusteteknikkar og rørsletrening, er viktige teknikkar som gjer at vi kan fjerne slimet på ein skånsam måte. Lungefysioterapi må lærast, og det er viktig at behandlinga blir koordinert med inhalasjon av medikament.

Fysisk aktivitet er viktig både for å halde oppe god lungefunksjon, og kan vere til hjelp i å drenere slim frå lungene dine.

Antibiotikabehandling

Antibiotikabehandling ved bakterieinfeksjonar og ved forverringar er svært viktig. Vanlegvis blir antibiotika-tablettar brukte eller mikstur i 10–14 dagar. Ofte tar vi ei slimprøve før antibiotikabehandling for å finne ut kva bakterie som skaper problem. Førebyggande antibiotikabehandling er omdiskutert, og blir berre brukt i særskilde situasjonar.

God ernæring er viktig å sørge for hos barn med bronkiektasiar. Eit godt kosthald gjer at lungene kan fungere og utvikle seg betre.

Vaksinasjon med influensavaksine

Du bør vaksinere deg årleg med influensavaksine, og kvart 5. år med pneumokokkvaksine.

Kirurgi

Dersom det er bronkiektasiar i eit bestemt, avgrensa område, blir kirurgi brukt ein sjeldan gong. Kirurgi kan hjelpe på infeksjonar og symptom, dersom vi fjernar ein del av lunga di.

Inhalasjon

Inhalasjon av førebyggande astmamedisin (inhalasjonssteroid) skal i hovudregel ikkje brukast om du har bronkiektasiar. Førebyggande astmamedisin skal du berre bruke viss legen har føreskrive det til deg, og du har ein grunnsjukdom som krev det, for eksempel astma. Av og til blir brukt Beta-2-agonister, for eksempel Ventoline, før inhalasjon av hypertona saltvatn for å førebygge irritasjon i luftvegane.

Oppfølging

Kontrollar

Barn og unge bør følgast jamleg på poliklinikken med lungefunksjonsundersøking og slimprøver der ein ser etter bakteriar. Ved hyppige forverringar av pusten og infeksjonar, bør pasienten sjåast minst kvar 3. månad, mens stabile pasientar bør sjåast omtrent 1–3 gonger i året. CT-undersøking av lungene er anbefalt omtrent kvart 2. år, men ved stabil sjukdom utan mykje forverringar kan det utførast sjeldnare.

Prognosen

Prognosen er avhengig av grunnsjukdommen og utbreiing av sjukdommen. Utsiktene er generelt sett gode for bronkiektasiar hos barn og unge som ikkje har cystisk fibrose. Ved tidleg diagnose, god oppfølging, god slimmobilisering, og behandling av infeksjonar kan tilstanden bremsast. I nokre tilfelle kan lette grader av bronkiektasiar også gå tilbake.

Ver merksam

Det er ikkje knytt overordna grunnar til aktsemd i dei ulike fasane til programmet i utgreiing, behandling og oppfølging ved bronkiektasiar. Sjå i staden under kvart ledd i bildediagnostikken, slimmobilisering, antibiotika, vaksine eller fysioterapi.

Sist faglig oppdatert 27.11.2024

Kontakt

Førde sentralsjukehus Barne- og ungdomsavdeling

Kontakt Barne- og ungdomsavdeling

Oppmøtestad

Vi har flytta inn i nye, flotte lokaler i Livabygget. Vi er framleis å finne i 5. etasje, og du tek trapp eller heis som før. Her finn du barne- og ungdomsavdelinga, føde og gynekologisk sengepost. 

Sengepost:
Bruk hovudinngangen til sjukehuset og gå korridoren til endes, forbi kafeen og til heishallen. Ta heisen opp i 5 etg. Henvend deg på vaktrommet på Barne og ungdomsavdelinga. 

Poliklinikk:
Bruk hovudinngangen til sjukehuset og gå rett fram gjennom glasdørene ved respsjonen. Henvend deg i luka til sekretær.

 

En stor bygning med en stor plen foran seg

Førde sentralsjukehus

Svanehaugvegen 2

6812 Førde

Transport

Buss

Det går regelmessig rutebussar mellom Førde Sentralsjukehus og Førde Rutebilstasjon.

På nettsidene til skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestadar og tider for Sogn og Fjordane.

Frå Førde er det også gode bussamband til Bergen, Oslo, Ålesund og Trondheim.

Flybuss

Det går direkte flybuss frå Førde Lufthamn Bringeland til Førde Sentralsjukehus for alle fly som landar. Bussen stoppar ved busstoppet på motsatt side av Vievegen, på austsida. Herfrå går flybussen til Førde Lufthamn Bringeland 75 minutt før alle flyavgangar.

Parkering

Det er mogleg å parkere gratis på sjukehusområdet for pasientar og besøkande.

Taxi

Drosjesentralen i Førde er om lag 100 meter frå Rutebilstasjonen. Ved behov er våre tilsette i resepsjonen tilgjengelege 24 timar i døgnet og kan bestille taxi til deg.

 

Praktisk informasjon

Ved Førde sentralsjukehus finn du Sjukehusapoteka Vest HF si avdeling i Sogn og Fjordane.

​​Apoteket gjev tilbod til alle nyutskrivne og polikliniske pasientar ved Førde Sentralsjukehus, samt alle tilsette og besøkande.  Sjukehusapoteket er altså open for alle.

På veg heim frå sjukehuset kan pasientar få med seg alt dei treng av legemiddel og utstyr for vidare behandling heime. I tillegg har apoteket eit stort og variert utval av reseptfrie legemiddel, hudpleiemiddel, kost- og ernæringsmiddel samt andre apotekvarer.

Apoteket gjer klar legemidla medan du ventar og gjev råd om korleis du skal bruke dei på rett måte.

Apoteket forsyner dei fleste avdelingane i Helse Førde med legemiddel, apotekvarer og farmasøytiske tenester og gjev farmasøytisk rådgjeving til mange kommunar i Sogn og Fjordane.

​For å få behandling ved sjukehus eller poliklinikk må du i utgangspunktet vere tilvist frå lege, kiropraktor eller manuell teapeut. Har du trong for legehjelp skal du ringe fastlegen din eller den kommunale legevakta.

Les meir om eigendelar på helsenorge.no

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Då kan det vere lurt å hugse nokre reglar.

​Det er sjølvsagt heilt greitt så lenge det er pasientane og/eller pårørande og vener som er på bileta.

Det er likevel ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsette. Vi har hatt tilfeller der bilete av medpasientar/tilsette er blitt publisert i digitale media utan deira godkjenning.

Vi håper alle viser respekt for personvernet til alle dei møter under besøket på sjukehuset og avgrensar fotografering til å gjelde eigen familie og vener.

​Ved Førde sentralsjukehus finn du kiosk der du kan kjøpe aviser og andre kioskvarer. Du kan også levere kupongar til Norsk Tipping sine spel.

Alle kantinene i Helse Førde er opne for tilsette, pasientar og pårørande.

​Kantinene på Lærdal sjukehus og Nordfjord sjukehus finn du i underetasjen. Dei har opningstid 10.30 - 14.30.

Hovudkantina ved Førde sentralsjukehus ligg i 2. etasje. Her får du kjøpt varm mat og mykje anna. Den har opent 07.30 - 20.00.
I Førde finn du også ein kafe i 1. etasje innanfor resepsjonen. Denne har opningstid  09.00 - 15.00. Her finn du kaffe, te, anna drikke, påsmurt og kaker m.m.

Kantina ved Indre Sogn psykiatrisenter er open alle kvardagar frå klokka 10.00-13.30.

Kantina på Tronvik er open for tilsette og bebuarar.

​Du kan nytte mobiltelefon ved sjukehusa. Vi oppfordrar likevel alle til å bruke mobilvett og ta omsyn til medpasientar.

Det er viktig å sette telefonen på stille om natta, og på stilleringing eller vibrering om dagen. Av omsyn til dei andre pasientane er det best å gå ut av rommet dersom du må ta ein lengre samtale.

Vi ber om at du inne på pasientrommet ikkje snakkar eller har lyd på mobilen i tidsrommet etter klokka 21.30 til klokka 08.00 neste dag.

Det er gratis trådlaust nettverk for pasientar, pårørande og besøkande på sjukehusa. Dette kan du kople deg til frå din smarttelefon.

Førde sentralsjukehus har sett av hundre parkeringsplassar berre for pasientar og pårørande. Er alle desse plassane opptekne, er det fleire parkeringsområde rundt Førde sentralsjukehus. Ledige plassar på desse områda kan òg nyttast av besøkande.

Blodgjevarar og rørslehemma har eigne parkeringsplassar mellom anna framfor hovudinngangen og rundt om på sjukehuset sitt område. Dei som kan parkere her, har eige parkeringsløyve. Utan slikt løyve er parkering rekna som ugyldig.

Ordinær parkering for pasientar og pårørande:
Parkeringsplassen er inn frå Svanehaugvegen, nord-aust for Svanabygget som er hovudbygningen ved sjukehuset. På nedsida av parkeringsplassen er det også ladepunkt for el-bil. 

 

​I 6. etasje har Førde sentralsjukehus eige pasienthotell.

Pasienthotellet har 22 senger. Dei er fordelt på seks enkle rom og åtte doble rom. Alle romma er tilpassa rullestolbrukarar.

​Treng du nokon å snakke med? Sjukehuspresten er til for deg anten du er pasient eller pårørande. I møte med denne omsorgstenesta kan du finne ein «fristad» og ein plass å samle tankane. I samtale med sjukehuspresten er det tid og rom for både stort og smått.

Du treng ikkje ha kristen eller religiøs tru for å ta kontakt. Det er ditt liv og dine tankar som har fokus. Det er sjølvsagt og høve til klassiske prestetenester som mellom anna sermoniar og bøn.

Uansett kva du har på hjartet er sjukehuspresten tilgjengeleg for å møte deg, der det passar deg best. Det kan vere på telefon, prestekontoret, pasientrom, i kantina eller kanskje på ein benk ute.

Ta kontakt direkte med Helene Langeland på telefon 908 79 281, eller spør personalet om å tilkalle/avtale tid med prest.

Sjukehuspresten er primært tilgjengeleg i ordinær kontortid, men kan og tilkallast til andre tider.

Kontoret er på plan 2, første dør til høgre for inngangen til kantina.

Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).
  3. Les nøye gjennom vilkåra.
  4. Trykk "Godta" når du har lese og forstått vilkåra.
Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal berre vere nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar.
 

  • Akuttmedisin:
    Etter avtale på telefon 57 83 90 82.
  • Barneavdeling:
    Visittider sengeposten 5. etg: Kontakt personale på vaktrommet.
  • Kirurgisk:
    Visittider sengepost 12.30-13.30 og 18.30-19.30.
  • Kreft:
    Visittider sengepost: Har ikkje faste visittider. Ta kontakt med vaktrommet.
  • Kvinneklinikken:
    Far eller medmor kan kome når dei ønskjer utanom kviletid klokka 13.00-15.00. Søsken til barnet og andre besøkande kan takast i mot utanfor avdelinga.
  • Medisinsk:
    Visittider medisinsk sengepost 14.30-15.30 og 19.00-19.45. Til eineromma: Etter avtale.
  • Nevrologisk:
    Ikkje fast visitttid. Pårørande og andre er alltid velkomne.
  • Ortopedisk:
    13.30-16.00 og 17.30-19.30.