Cellegiftbehandling, førebyggande
Du er operert for kreft i testikkelen utan teikn til spreiing. Hos nokre pasientar kan det ligge føre mikroskopisk spreiing av kreftceller som ikkje blir viste på røntgenbilde eller blodprøver. Mikroskopisk spreiing vil etter kvart vise seg som tilbakefall. Alle pasientar bør følgast med kontrollar. Hos nokon kan det vere aktuelt med førebyggande cellegift for å redusere risiko for tilbakefall.
Om du skal ha førebyggande cellegift avheng av kva type testikkelkreft du har (non-seminom eller seminom) og om kor stor risikoen er for spreiing. Informasjon om dette vil du få når svulstvevet er analysert, vanlegvis i løpet av eit par veker etter operasjonen.
Vi kan i dag ikkje vite på førehand kva pasientar som blir heila etter fjerning av testikkelen, eller kven som kjem til å få tilbakefall. Vi har effektiv behandling som kan heile dei aller fleste som får påvist tilbakefall av testikkelkreft. Du vil derfor vere med på å velje om du vil ha førebyggande behandling nå, eller følgast med kontrollar (aktiv overvaking).
Cellegift, også kalla kjemoterapi eller cytostatika, er medisinar som blir brukte for å behandle testikkelkreft. Cellegift øydelegg kreftceller, men også friske celler kan skadast. Derfor kan du få mange ulike biverknader av cellegift. Kva cellegift du skal ha avheng av kva type testikkelkreft du har.
Før
I forkant av førebyggande cellegiftbehandling vil det bli gjort nokre undersøkingar av deg, og det blir tatt blodprøver. I tillegg vil du få informasjon om den planlagde behandlinga og eventuelle biverknader som ho kan gi.
For nokre pasientar vil det også trengast ei CT-undersøking.
1 time før du startar kuren, skal du ta kvalmestillande tablettar, om ikkje anna er avtalt.
Under
Førebyggande cellegiftbehandling med karboplatin
Dette inneber behandling med 1 cellegiftkur (karboplatin), etterfølgd av nøye kontrollar i 10 år. Cellegifta blir gitt intravenøst, direkte i blodåra. Dette blir gjort på poliklinikken og tar cirka 1 time, og du treng ikkje innlegging.
Det er viktig at du drikk mykje under behandlinga.
Førebyggande cellegiftbehandling med BEP
Dette inneber behandling 1 cellegiftkur (BEP) som blir gitt over 5 dagar, og dessutan at du må tilbake etter 15 dagar for påfyll av eitt av medikamenta som du har fått. Cellegifta blir gitt intravenøst, direkte i blodåre. Dette blir gjort på poliklinikken og tar dagane 1–5 cirka 6 timar, og dag 15 cirka 30 minutt.
Medikamenta som blir gitt heiter Bleomycin, Etoposid og Cisplatin.
Det er viktig at du drikk mykje under behandlinga. På dag 1–5 vil du også bli vegen 2 gonger per dag.
Etter
Etter behandlinga kan du reise heim. Du vil bli nøye følgt opp med kontrollar dei neste åra.
For å lindre kvalme, blir det anbefalt at du drikk mykje (minst 2 liter pr dag) dei neste 3–4 dagane etter behandlinga.
Ver merksam
Fordelen med å gi ein førebyggande cellegiftkur er at 60–70 prosent av tilbakefall blir forhindra. Risikoen for seinbiverknadar etter ei cellegift blir vurdert som liten.
Ulempa med førebyggande cellegiftkur er at ho berre verkar hos 60–70 prosent. Det vil seie at du må følgast opp like hyppig og like lenge som pasientar som berre blir følgde med kontrollar. I tillegg har 80–85 prosent ikkje mikroskopisk spreiing av sjukdommen, og dermed ikkje behov for denne behandlinga.
Kontakt
Førde sentralsjukehus
Kreftavdelinga

Førde sentralsjukehus
Svanehaugvegen 2
6812 Førde

Nordfjord sjukehus
Sjukehusvegen 14
6770 Nordfjordeid

Lærdal sjukehus
Sjukehusvegen 9
6887 Lærdal