Behandling
Cellegiftbehandling, førebyggande
Cellegift, også kalla kjemoterapi eller cytostatika, er medisinar som blir brukt for å behandle sjølve kreftsjukdommen. Cellegift øydelegg kreftcellene. Også friske celler blir skadd, derfor opplever mange ulike biverknader av cellegift.
Før
Før førebyggande cellegiftbehandling vil det bli gjort nokre undersøkingar av deg, og det blir tatt blodprøver. I tillegg vil du få informasjon om den planlagde behandlinga og eventuelle biverknader som den kan gi.
For nokre pasientar vil det også vere behov for ei CT-undersøking.
Ein time før kurstart skal du ta kvalmestillande tablettar, om ikkje anna er avtalt.
Under
Førebyggande cellegiftbehandling med Karboplatin
Dette inneber behandling med 1 cellegiftkur (Karboplatin), etterfølgt av nøye kontrollar i 10 år. Cellegifta blir gitt intravenøst, direkte i blodåre. Dette blir gjort på poliklinikken og tar ca. 1 time, og du treng ikkje innlegging.
Det er viktig at du drikk mykje under behandlinga.
Førebyggande cellegiftbehandling med BEP
Dette inneber behandling 1 cellegiftkur (BEP) som blir gitt over 5 dagar, samt at du må tilbake etter 15 dagar for påfyll av eit av medikamenta som du har fått. Cellegifta blir gitt intravenøst, direkte i blodåre. Dette blir gjort på poliklinikken og tar dag 1–5 ca. 6 timar, og dag 15 ca. 30 minutt.
Medikamenta som blir gitt, heiter Bleomycin, Etoposid og Cisplatin.
Det er viktig at du drikk mykje under behandlinga. På dag 1–5 vil du også bli vege 2 gonger per dag.
Etter
Etter behandlinga kan du reise heim. Du vil bli nøye følgt opp med kontrollar dei neste 10 åra.
For å lindre kvalme, er det anbefalt at du drikk mykje (minst 2 liter per dag) dei neste 3–4 dagane etter behandlinga.
Kontakt
Førde sentralsjukehus
Kreftavdelinga
Kontakt Kreftavdelinga
Førde sentralsjukehus
Svanehaugvegen 2
6812 Førde
Nordfjord sjukehus
Sjukehusvegen 14
6770 Nordfjordeid
Lærdal sjukehus
Sjukehusvegen 9
6887 Lærdal