Diagnose, Kvinner med kjent diabetes 1 eller 2 før svangerskapet
Diabetes og svangerskap
I samband med svangerskap skil vi mellom to hovudgrupper av diabetikarar. Kvinner som har kjent diabetes type 1 eller 2 før svangerskapet, og dei gravide som utviklar diabetes under svangerskapet (Svangerskapsdiabetes).
Les meir om diabetes og graviditet på helsenorge.no
Tilvising og vurdering
Fastlegen eller jordmor vil legge ein plan og tilvise til vidare oppfølging i samarbeid med spesialisthelsetenesta.
Før
Din diabetes bør vere godt regulert før du blir gravid. Det har betydning for utviklinga av svangerskapet, og det vil vere med på å førebygge komplikasjonar. Om du har diabetes og planlegg å bli gravid, bør du snakke med fastlegen din om dette.
Dei fleste kvinner med diabetes er som regel allereie undar behandling med insulin når dei blir gravide, og vil fortsetje med dette under svangerskapet.
Ta kontakt med legen straks du får stadfesta at du er gravid. Det vil då bli lagt ein vidare plan for oppfølging og svangarskapskontroller. Det er viktig at du følger opp kontrollane og planen som blir lagt.
Under
Ditt behov for insulin og mat vil endre seg i løpet av svangerskapet, og ein velregulert diabetes frå starten og gjennom svangerskapet er viktig for din helse, fosterutviklinga og barnets helse. Ein dårleg regulert diabetes kan gi auka risiko for svangerskapskomplikasjonar som for eksempel høgt blodtrykk og stort foster.
Du vil gå jamnleg til kontroll gjennom heile svangerskapet i tråd med for vidare oppfølging. På kontrollar vil ein sjekke blodsukker, urin, blodtrykk og ein kan gjere vekstvurderingar av fosteret. Du må også sjølv måle ditt blodsukker jamnleg heime.
Etter
Barn av mødrer som har diabetes, har auka risiko for å få lågt blodsukker dei første døgna etter fødselen. Blodsukkeret til barnet vil derfor bli kontrollert det første døgnet, eller fram til blodsukkerverdiane er fine.
Dei fleste barn av mødrer med diabetes treng litt ekstra mat inntil moras eigen mjølkeproduksjon er komen i gong. Om blodsukkeret til barnet blir for lågt, vil barnet følgast opp ved nyfødtavdelinga.
Dersom du hadde diabetes før du blei gravid, vil du fortsatt ha sjukdommen og må halde fram med diabetesbehandlinga etter fødsel. I barseltida vil dine blodsukkerverdiar og behov for insulin som oftast gå tilbake til slik det var før graviditeten. Men ammestart krev ofte ekstra energi, noke som gjer at ein vil følgje blodsukkerverdiane dine tett dei første dagane etter at du har fødd.
Ver merksam
Ved svangerskap kan blodsukkerverdiane endre seg i forhold til det som ellers er vanleg for deg.
Det er derfor viktig at kvinna og hennar næraste kjenner symptoma på føling (for lågt blodsukkar); sultkjensle, trøyttleik, irritabilitet, kvalme, konsentrasjonsvanskar, hodepine, skjelving.
Ta kontakt med sjukehuset dersom det er vanskeleg å oppnå tilfredsstillande blodsukkerverdiar, eller om du er bekymra for om svangerskapet utviklar seg som det skal.
Kontakt
Førde sentralsjukehus
Kvinneklinikken
Oppmøtestad
Kvinneklinikken er på flyttefot
18. september flyttar vi inn i nye, flotte lokaler i Livabygget. Vi blir framleis å finne i 5. etasje, og du tek trapp eller heis som før. Inngangen til Livabygget, med mor-barn-avdeling, vil bli merka. Her finn du føde, gynekologisk sengepost og barneavdelinga. I begynnelsen av oktober flyttar kvinneklinikken sine poliklinikkar, som no heiter kvinnepoliklinikken, frå 6. etasje til dei gamle lokala i 5. etasje.
Med flytting følger det med litt endringar, og vi jobbar med å få dette på plass så fort som mogleg. Ønsker du å nå oss på telefon, har vi dei samme telefonnummera som før. Velkommen til oss!
Føde- og barselavdeling
All kontakt på dagtid til sekretær i ekspedisjon i 5. etasje, anten direkte ved oppmøte i luke eller ved telefonkontakt 578 39 233. Kontakt etter klokka 15.00 til tlf: 578 39 233/578 39 132, då går telefon direkte inn på felles vaktrom for gynekologi, føde og barsel. Ved oppmøte i avdelinga etter klokka 15.00, ta direkte kontakt med personell på vaktrom i 5. etasje (gå inn dør til fødeavdeling, første dør til høgre).
Gynekologisk sengepost
All kontakt på dagtid til sekretær i ekspedisjon i 5. etasje, anten ved direkte oppmøte i luke eller ved telefonkontakt 578 39 233. Kontakt etter klokka15.00 til tlf: 578 39 233/578 39 132, då går telefon direkte inn på felles vaktrom for gynekologi, føde og barsel. Dersom du som pasient har fått time til konsultasjon føl du instruksen på innkallinga i høve oppmøtestad.
Føde poliklinikk
All kontakt via telefon i høve ultralyd. Du kan du ringe på dagtid måndag til fredag frå klokka 08.00 til klokka 15.00, på tlf: 578 39 233. Har du time på fødepoliklinikk kontaktar du ekspedisjonen i 6. etasje (innerst i gangen på gynekologisk poliklinikk).
Gynekologisk poliklinikk
All kontakt på dagtid til sekretær i ekspedisjon i 6. etasje frå mandag - fredag frå kl.08.00 - 15.00 (innerst i gangen på gynekologisk poliklinikk). Telefon: 57839239/ 57839241
Amme poliklinikk - fredagar
Har du ønskje om time på ammepoliklinikk, ring sekretær på dagtid måndag til fredag klokka 08.00 - 15.00, telefon: 578 39 233. Tilvising er ikkje naudsynt. Oppmøtestad til ammepoliklinikk er på venterom i 6. etasje.
Samtalepoliklinikk
Har du behov for fødselssamtale er det naudsynt med tilvising frå jordmor eller fastlege. Her treff du faste jordmødre som i tillegg til samtalepoliklinikken, jobber ved føde/barsel avdelinga. Oppmøtestad er i 6. etasje. Du må gjerne ha med partner under samtalen.
Førde sentralsjukehus
Svanehaugvegen 2
6812 Førde