I løpet av utgreiinga blir det gjort undersøkingar som skal avklare om du har kreft eller ikkje. På bakgrunn av samtale, klinisk undersøking og blodprøver vil ansvarleg lege og sjukepleiar lage ein individuell utgreiingsplan.
Vidare undersøkingar blir vurderte individuelt i kvart tilfelle. Det kan til dømes vere CT-røntgen, gastroskopi, koloskopi, mammografi, gynekologisk undersøking, undersøkingar av beinmerg og prøvar av vev (biopsi) av forstørra lymfeknutar eller svulstar.
Når resultata frå undersøkingane og prøvane er klare, vil vi som oftast kunne avklare om du har kreft eller ikkje, og tek avgjerd om diagnose, som regel i eit tverrfagleg team-møte.
Dersom du ikkje har kreft, avsluttar vi pakkeforløpet. Ved grunngjeven mistanke om kreft utan kjent utgangspunkt er vidare utgreiing individuell.
Utgreiinga tek omtrent to veker.