Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Dialektisk åtferdsterapi (DBT), ungdom

Dialektisk åtferdsterapi er for ungdommar mellom 12–18 år som strever med å regulere kjensler, åtferd og relasjonar. Behandlinga hjelper deg med å finne ein balanse mellom å akseptere dei sterke og vanskelege kjenslene, og å forandre deg. Vi trener på å sette grenser, handtere sterke kjensler og takle stress. Målet med terapien er å bygge eit liv som er meiningsfullt for deg.

Tilvising og vurdering

Ditt lokale BUP (Barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk) kan tilvise deg til dialektisk åtferdsterapi (DBT).

Før

Samtale

Før vi kan starte med behandlinga må du møte til ein vurderings-/kartleggingssamtale. Da snakkar vi med deg og foreldre/omsorgspersonar om desse vanskane, kor lenge du har hatt det vanskeleg og om du ønsker hjelp. Etter samtalen drøftar vi i DBT-teamet om vi trur at vi kan hjelpe deg med vanskane dine. Du/de vil også få meir informasjon om DBT.

Sjølvskading

Dialektisk åtferdsterapi (DBT) er også ein behandlingsmetode for deg som strever med sjølvskading. Mange som sjølvskadar gjer det berre éin eller få gonger. Men for andre blir dette ein måte å handtere vanskane på som pregar liva deira både på kort og lang sikt.

DBT er også nyttig dersom du strevar med sjølvmordstankar eller gjer sjølvmordsforsøk. All sjølvskading skal takast på alvor! Det å skade seg over lengre tid kan senke terskelen for kva som blir opplevd farleg å gjere mot seg sjølv, og kan føre til stadig meir alvorleg skade mot eigen kropp og eige liv.

Det er mange grunnar til sjølvskading. Nokon kjenner ein sterk indre psykisk smerte, andre kan ønske å straffe seg sjølv eller andre. Det kan også dreie seg om at du ønsker hjelp, men ikkje klarer å be om det. Kjenslene eller situasjonen kan kjennast uhandterleg og uløyseleg.

Å skade seg kan gi ein kortvarig lette, men er ei dårleg løysing på lang sikt. I DBT jobbar vi med å finne og trene på andre og mindre problematiske måtar å handtere sterke og ubehagelege kjensler på.

Under

DBT er ein krevjande behandlingsmetode som ofte strekk seg over 16–20 behandlingsveker. Metoden krev aktiv deltaking frå både deg og foreldre/omsorgspersonar.
 
Behandlinga skjer både i gruppe og i individualterapi. Individualterapien er 1 time per veke.

I gruppa får de undervisning i fem ulike ferdigheiter som er nødvendige for å handtere vanskane på ein meir formålstenleg måte. Vi diskuterer aktuelle tema, og støttar kvarandre undervegs i behandlinga.  

Etter

Når du har gjennomført DBT vil vi snakke med deg om behovet for vidare behandling/oppfølging. Dette vil som hovudregel skje ved lokal BUP.

Sist faglig oppdatert 06.02.2026

Kontakt

Nordfjord BUP

Kontakt Nordfjord BUP

Oppmøtestad

Sjukehusvegen 7, 6770 Nordfjordeid.

Nordfjord barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk (Nordfjord BUP) held til i eit grått hus med raude lister og raudt tak like nedanfor Nordfjord sjukehus og Nordfjord psykiatrisenter.

Transport

Buss

Nordfjordeid Rutebilstasjon ligg i Nordfjordeid sentrum og er om lag ein kilometer frå psykiatrisenteret/BUP/sjukehuset.

På nettsidene til skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestadar og tider for Sogn og Fjordane.

Frå Nordfjordeid er det også bussamband til Bergen, Oslo, Ålesund og Trondheim.

Parkering

Det er mogleg å parkere gratis på sjukehusområdet for pasientar og besøkande.

Taxi

Ved behov er våre tilsette i resepsjonen tilgjengelege 24 timar i døgnet og kan bestille taxi til deg.