Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Epidural til fødande

Epiduralbedøving (epiduralanestesi) er ei behandling som sikrar deg god smertelindring under fødselen. Dette er ein av fleire metodar for å gi deg smertelindring. Epidural kan også brukast under operasjonar eller ved akutte sterke smerter.

Epiduralbedøving blir rekna som svært skånsamt for barnet. I somme tilfelle er det til og med gunstig for barnet med epiduralbedøving. Blodgjennomstrøyminga i morkaka kan aukast, og dermed blir surstofftilførselen betra frå mor til barn. 

Under fødselen er det viktig at du kjenner at du har rier og når du skal trykke barnet ut. Epiduralbedøvinga (fødeepiduralen) skal derfor ikkje fjerne smerta heilt, men lindre smerta og gjere henne mindre intens. Målet er at fødeepiduralen skal gi god smertelindring når du er i den såkalla opningstida av fødselsprosessen. 

Jordmor og lege vil vurdere når det er best å gi deg epidural. Skulle dei finne ut at du må vente eller at fødselen har komme for langt til å få epidural vil dei hjelpe deg med annan type smertelindring. 

Fødeepiduralen krev ein del utstyr og ekstra overvaking, og blir lagd inn på ei fødestue. 

Nokre kvinner som skal føde blir anbefalte å få fødeepidurale av medisinske grunnar, for eksempel ved seteleie, tvillingar, fedme eller alvorleg svangerskapsforgifting. 

Tilvising og vurdering

Jordmor eller lege ved fødeavdelinga kontaktar anestesilege for å få utført prosedyren. Dette gjeld også når det skal planleggast tidleg.

Før

Fødeepiduralen blir sett av ein anestesilege. Anestesilegen spør deg først om du har sjukdommar eller allergiar som kan påverke avgjerda om du kan få epiduralbedøving.

Det er sjeldan at du ikkje kan få epidural som smertelindring. Dersom du bruker blodfortynnande medisinar eller har ei blødingsforstyrring, må epidural planleggast i forkant. Ein låg dose blodfortynnande treng ikkje å vere til hinder for å få epiduralbedøving, men det er viktig at anestesilegen får beskjed dersom du bruker dette.

Dersom du har infeksjon i området der epiduralen skal settast, kan du ikkje få epidural.

Venflon

Før fødepiduralen blir sett må du få ein venflon (eit tynt plastrøyr) som blir lagd i ei blodåre på handa eller underarmen. Venflonen skal brukast til å gi væske og medisinar direkte inn i blodet om du skulle trenge det. Venflonen må du ha så lenge du har epiduralkateteret, vanlegvis til fødselen er over.

Under

Når du skal få innlagt fødeepidural, vil anestesilegen heile tida fortelje deg om kva som skjer. Det er viktig at du og anestesilegen samarbeider under innlegginga av epiduralkateteret. Du må kunne sitte stille eller ligge i ro under prosedyren. Da går det raskare og det er mindre fare for komplikasjonar.

Innlegging av epidural 

Du vil bli beden om å sitte på sengekanten eller ligge på sida i fosterstilling under prosedyren.

Anestesilegen kjenner på ryggen din, deretter blir ryggen vaska sterilt og blir dekt til av ein steril plast-/papirduk. Du får bedøving i huda på korsryggen. Sjølv om huda blir bedøvd, vil du kunne kjenne press og trykk når anestesilegen jobbar.

Epiduralrommet ligg rett utanfor ryggmergen. Anestesilegen legg eit tynt kateter (tynn liten slange) via ei nål inn i epiduralrommet. Kateteret blir liggande igjen, mens nåla blir fjerna. Det er ikkje vondt å ha kateteret der. Kateteret er festa godt med plaster til huda på ryggen. Deretter blir dette kopla til ei pumpe som fyller på bedøving kontinuerleg.

Med epidural

Du kan gå og bevege deg fritt når fødeepiduralen er lagd, men nokon kan bli litt nomne og få litt nedsett kjensle i beina, spesielt etter nokre timar. Det er derfor veldig viktig at du har nokon saman med deg og at du sjekkar at beina ber deg når du skal stå eller gå.

Etter at fødeepiduralen er sett kan du kan drikke klare væsker og ete små lettfordøyelege måltid, så lenge jordmor/lege seier dette er greitt.

Innlegging av fødeepidural tar som regel cirka ein halv time, av og til kan det ta lengre tid.

Etter

Epidural er ein trygg metode for smertelindring under fødsel og det er sjeldan alvorlege komplikasjonar.

Biverknader som kan komme, er:

Blodtrykksfall

Vi kontrollerer blodtrykket og set i verk tiltak viss blodtrykket skulle falle.

Urinblærekontroll

Du kan miste kontroll på urinblæra. Blant anna kan det vere vanskeleg å kjenne når du må på toalettet. Jordmor vil derfor passe på at blæra di ikkje blir fylt opp under sjølv fødselen. Om du ikkje greier å tømme blæra sjølv, vil jordmor hjelpe deg.

Riehemming

Riene kan forsvinne. Dersom det skjer, gir vi riestimulerande midlar via venflonen du har på handa/underarmen. 

I nokre få tilfelle stoppar fødselen opp og ein må da ty til keisarsnitt. Keisarsnitt kan ofte gjerast ved at ein fyller meir bedøving i epiduralen du har fått, eller at vi legg ei såkalla spinalbedøving i tillegg. 

Kløe

Nokon kan få hudkløe av epiduralbedøvinga. Det er sjeldan, men i så fall vil anestesilege vurdere om ein skal sette i verk tiltak.

Komplikasjonar

Somme gonger vil spinalvæske kunne leke ut i epiduralrommet etter at ein har stukke i ryggen. Dette kan gi hovudverk. Gi beskjed til personalet om du opplever hovudverk når du set deg opp etter å ha fått epiduralbedøving. Det finst gode metodar for å bli kvitt hovudverken.

Alvorlege komplikasjonar er svært sjeldne, og epiduralanestesi blir rekna for ein trygg metode for smertelindring.

Ver merksam

Alvorlege komplikasjonar er svært sjeldne, og epiduralanestesi blir rekna for ein trygg metode for smertelindring. Med alvorlege komplikasjonar meiner ein infeksjonar i ryggmergskanalen, blødingar, lammingar og/eller vedvarande smerter.

Sist faglig oppdatert 08.05.2026

Kontakt

Førde sentralsjukehus Avdeling for anestesi, intensiv og operasjon (AIO)

Kontakt Avdeling for anestesi, intensiv og operasjon (AIO)

Oppmøtestad

Førde sentralsjukehus: Pasientar som skal møte til operasjon, møter ved dagkirurgisk senter i 2. etasje i Svanabygget (houdblokka). Sjå i innkallingsbrevet ditt, dersom du skal møte opp dagen før. 

Nordfjord og Lærdal sjukehus: Pasientar melder seg i ekspedisjonen i 1. etasje. 

Anestesipoliklinikken og intensiv sengepost ligg i 2. etasje på Førde sentralsjukehus. 

 

En stor bygning med en stor plen foran seg

Førde sentralsjukehus

Svanehaugvegen 2

6812 Førde

En stor sykehusbygning med en plen foran seg

Nordfjord sjukehus

Sjukehusvegen 14

6770 Nordfjordeid

Institusjon med blomstrande frukttre og flagg framfor

Lærdal sjukehus

Sjukehusvegen 9

6887 Lærdal

Transport

Buss

Det går regelmessig rutebussar mellom Førde Sentralsjukehus og Førde Rutebilstasjon.

På nettsidene til skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestadar og tider for Sogn og Fjordane.

Frå Førde er det også gode bussamband til Bergen, Oslo, Ålesund og Trondheim.

Flybuss

Det går direkte flybuss frå Førde Lufthamn Bringeland til Førde Sentralsjukehus for alle fly som landar. Bussen stoppar ved busstoppet på motsatt side av Vievegen, på austsida. Herfrå går flybussen til Førde Lufthamn Bringeland 75 minutt før alle flyavgangar.

Parkering

Det er mogleg å parkere gratis på sjukehusområdet for pasientar og besøkande.

Taxi

Drosjesentralen i Førde er om lag 100 meter frå Rutebilstasjonen. Ved behov er våre tilsette i resepsjonen tilgjengelege 24 timar i døgnet og kan bestille taxi til deg.

 

​Buss

Fleire rutebusser går forbi Lærdal Sjukehus.

På nettsidene til skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestadar og tider for Sogn og Fjordane.

Frå Lærdal er det også gode bussamband til Bergen og Oslo.

Flybuss

Næraste flyplass er Sogndal Lufthamn Haukåsen. Det er korrespondanseruter via Kaupanger – sjå rutetider på nettsidene til skyss.no.

Parkering

Det er mogleg å parkere gratis på sjukehusområdet for pasientar og besøkande.

Taxi

Ved behov er våre tilsette i resepsjonen tilgjengelege 24 timar i døgnet og kan bestille taxi til deg.

Buss

Nordfjordeid Rutebilstasjon ligg i Nordfjordeid sentrum og er om lag ein kilometer frå psykiatrisenteret/BUP/sjukehuset.

På nettsidene til skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestadar og tider for Sogn og Fjordane.

Frå Nordfjordeid er det også bussamband til Bergen, Oslo, Ålesund og Trondheim.

Parkering

Det er mogleg å parkere gratis på sjukehusområdet for pasientar og besøkande.

Taxi

Ved behov er våre tilsette i resepsjonen tilgjengelege 24 timar i døgnet og kan bestille taxi til deg.

Praktisk informasjon

Ved Førde sentralsjukehus finn du Sjukehusapoteka Vest HF si avdeling i Sogn og Fjordane.

​​Apoteket gjev tilbod til alle nyutskrivne og polikliniske pasientar ved Førde Sentralsjukehus, samt alle tilsette og besøkande.  Sjukehusapoteket er altså open for alle.

På veg heim frå sjukehuset kan pasientar få med seg alt dei treng av legemiddel og utstyr for vidare behandling heime. I tillegg har apoteket eit stort og variert utval av reseptfrie legemiddel, hudpleiemiddel, kost- og ernæringsmiddel samt andre apotekvarer.

Apoteket gjer klar legemidla medan du ventar og gjev råd om korleis du skal bruke dei på rett måte.

Apoteket forsyner dei fleste avdelingane i Helse Førde med legemiddel, apotekvarer og farmasøytiske tenester og gjev farmasøytisk rådgjeving til mange kommunar i Sogn og Fjordane.

​For å få behandling ved sjukehus eller poliklinikk må du i utgangspunktet vere tilvist frå lege, kiropraktor eller manuell teapeut. Har du trong for legehjelp skal du ringe fastlegen din eller den kommunale legevakta.

Les meir om eigendelar på helsenorge.no

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Då kan det vere lurt å hugse nokre reglar.

​Det er sjølvsagt heilt greitt så lenge det er pasientane og/eller pårørande og vener som er på bileta.

Det er likevel ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsette. Vi har hatt tilfeller der bilete av medpasientar/tilsette er blitt publisert i digitale media utan deira godkjenning.

Vi håper alle viser respekt for personvernet til alle dei møter under besøket på sjukehuset og avgrensar fotografering til å gjelde eigen familie og vener.

Alle kantinene i Helse Førde er opne for tilsette, pasientar og pårørande.

​Kantinene på Lærdal sjukehus og Nordfjord sjukehus finn du i underetasjen. Dei har opningstid 10.30 - 14.30.

Hovudkantina ved Førde sentralsjukehus ligg i 2. etasje. Her får du kjøpt varm mat og mykje anna. Den har opent 07.30 - 20.00.
I Førde finn du også ein kafe i 1. etasje innanfor resepsjonen. Denne har opningstid  09.00 - 15.00. Her finn du kaffe, te, anna drikke, påsmurt og kaker m.m.

Kantina ved Indre Sogn psykiatrisenter er open alle kvardagar frå klokka 10.00-13.30.

Kantina på Tronvik er open for tilsette og bebuarar.

​Du kan nytte mobiltelefon ved sjukehusa. Vi oppfordrar likevel alle til å bruke mobilvett og ta omsyn til medpasientar.

Det er viktig å sette telefonen på stille om natta, og på stilleringing eller vibrering om dagen. Av omsyn til dei andre pasientane er det best å gå ut av rommet dersom du må ta ein lengre samtale.

Vi ber om at du inne på pasientrommet ikkje snakkar eller har lyd på mobilen i tidsrommet etter klokka 21.30 til klokka 08.00 neste dag.

Det er gratis trådlaust nettverk for pasientar, pårørande og besøkande på sjukehusa. Dette kan du kople deg til frå din smarttelefon.

Førde sentralsjukehus har sett av hundre parkeringsplassar berre for pasientar og pårørande. Er alle desse plassane opptekne, er det fleire parkeringsområde rundt Førde sentralsjukehus. Ledige plassar på desse områda kan òg nyttast av besøkande.

Blodgjevarar og rørslehemma har eigne parkeringsplassar mellom anna framfor hovudinngangen og rundt om på sjukehuset sitt område. Dei som kan parkere her, har eige parkeringsløyve. Utan slikt løyve er parkering rekna som ugyldig.

Ordinær parkering for pasientar og pårørande:
Parkeringsplassen er inn frå Svanehaugvegen, nord-aust for Svanabygget som er hovudbygningen ved sjukehuset. På nedsida av parkeringsplassen er det også ladepunkt for el-bil. 

 

​I 7. etasje har Førde sentralsjukehus eige pasienthotell.

Pasienthotellet har 36 senger fordelt på 10 enkeltrom og 13 dobbeltrom.

​Treng du nokon å snakke med? Sjukehuspresten er til for deg anten du er pasient eller pårørande. I møte med denne omsorgstenesta kan du finne ein «fristad» og ein plass å samle tankane. I samtale med sjukehuspresten er det tid og rom for både stort og smått.

Du treng ikkje ha kristen eller religiøs tru for å ta kontakt. Det er ditt liv og dine tankar som har fokus. Det er sjølvsagt og høve til klassiske prestetenester som mellom anna sermoniar og bøn.

Uansett kva du har på hjartet er sjukehuspresten tilgjengeleg for å møte deg, der det passar deg best. Det kan vere på telefon, prestekontoret, pasientrom, i kantina eller kanskje på ein benk ute.

Ta kontakt direkte med Helene Langeland på telefon 908 79 281, eller spør personalet om å tilkalle/avtale tid med prest.

Sjukehuspresten er primært tilgjengeleg i ordinær kontortid, men kan og tilkallast til andre tider.

Kontoret er på plan 2, første dør til høgre for inngangen til kantina.

Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).
  3. Les nøye gjennom vilkåra.
  4. Trykk "Godta" når du har lese og forstått vilkåra.
Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal berre vere nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar.
 

  • Akuttmedisin:
    Etter avtale på telefon 57 83 90 82.
  • Barneavdeling:
    Visittider sengeposten 5. etg: Kontakt personale på vaktrommet.
  • Kirurgisk:
    Visittider sengepost 12.30-13.30 og 18.30-19.30.
  • Kreft:
    Visittider sengepost: Har ikkje faste visittider. Ta kontakt med vaktrommet.
  • Kvinneklinikken:
    Far eller medmor kan kome når dei ønskjer utanom kviletid klokka 13.00-15.00. Søsken til barnet og andre besøkande kan takast i mot utanfor avdelinga.
  • Medisinsk:
    Visittider medisinsk sengepost 14.30-15.30 og 19.00-19.45. Til eineromma: Etter avtale.
  • Nevrologisk:
    Ikkje fast visitttid. Pårørande og andre er alltid velkomne.
  • Ortopedisk:
    13.30-16.00 og 17.30-19.30.

Barseleininga har familierom og ingen faste visittider.

Medisinsk sengepost:
11.30 - 12. 30 og 16.00 - 18.00

Ortopedisk:
Pårørande er velkomne heile døgnet.

God start eininga:
Barseleininga har visittid heile døgnet.

Medisinsk sengepost:
14.00-15.00 og 18.30-19.00.