Før du kjem til augeavdelinga morgonen operasjonsdagen kan du ete normal frukost og ta dei faste medisinane dine.
Sminke må fjernast. Alle smykke må leggjast igjen heime.
Grå star-operasjon i forkant
Linsa i auget blir ofte gråare etter Epiretinal fibrose-operasjonen. Vi tilrår deg derfor ein grå star-operasjon før vi opererer den epiretinale fibrosen. Er linsa di grå, kan ho stå for nokre av plagene dine, og då kan det vere du blir fornøgd med synet etter grå star-operasjonen.
