Ved gynekologisk undersøking kan legen stundom kjenne cysten. For å bekrefte tilstanden, blir ultralyd gjord av underlivet. Ved mistanke om unormal cyste, kan det vere aktuelt å ta ei prøve av cysten i samband med ultralydundersøkinga og dessutan blodprøve.
Ved forundersøkinga blir du informert om operasjonen. Dersom du bruker medisinar er det viktig at medisinlista er oppdatert.
Strengare reglar kan vere nødvendige for somme. Det får du i så fall beskjed om.
Faste
Før operasjonen/undersøkinga må du faste. Dersom du ikkje møter fastande, kan det hende vi må avlyse/utsetje timen.
De siste 6 timane før operasjon/undersøking skal du ikkje ete mat eller drikke mjølk/mjølkeprodukt. De siste 2 timane skal du unngå tyggegummi, drops, snus og røyk. Frem til 2 timer før kan du drikke klare væsker: Vatn, saft, juice utan fruktkjøt, brus, te og kaffi utan mjølk. Du kan svelge medisinar med eit lite glas vatn inntil 1 time før, og pusse tenner og skylje munnen når som helst.
Mat og mjølk/mjølkeprodukt: Skal stoppast 6 timer før
Klare væsker, tyggegummi, drops, røyk og snus: Skal stoppast 2 timer før
Dersom du likevel har ete eller drukke utanom de tidene som står her må personalet få vite det. Før enkelte inngrep skal du drikke ein bestemt mengde næringsdrikk. Strengare regler kan vere naudsynt for nokon. Det får du i så fall beskjed om.