Diagnose

Fødsel - tvillingar/fleirlingar

Er du gravid med tvillingar / fleirlingar bør du føde barna dine på ein fødeavdeling med fødselslege, anestesilege og barnelege tilgjengeleg heile døgnet.

Korleis svangerskapet ditt har gått, kor langt du har komen i svangerskapet når fødselen startar og korleis du og barna har det ved fødselens start vil avgjere kva for fødselsmetode, fødselsovervaking og fødselshjelp som du treng. Ein tvilling- / fleirlingfødsel krev meir overvaking av fødselen enn av kun eitt barn.

Tilvising og vurdering

Legen og jordmora som følger deg opp i svangerskapet vil lage ein plan for fødselen saman med deg.

Før

Eit tvilling- / fleirlingsvangerskap og fødsel medfører ein auka risiko for komplikasjonar enn det er når du er gravid med eitt barn. Derfor er det viktig at du følger opp svangerskapskontrollane.

Når du er gravid med fleire barn, vil fødselen starte før termin. Dei fleste føder mellom 36.og 38. veke i svangerskapet, og fødselen skal settast i gang seineast ved veke 39.  Får du rier eller mistanke om at fostervatnet har begynt å renne, må du ta kontakt med lege eller fødeavdelinga umiddelbart.

Under

Tvillingar

Når det er planlagt at du skal føde barna dine på vanleg måte, vil det vere eit team av jordmødrer, barnepleiarar, gynekologar og barnelege med deg, eller i nærleiken av fødestova di. Om barna fødast i hovudleie er det oftast jordmor som tar imot, men lege er også til stade på eller like ved fødestova.

Den av barna som ligg an til å bli fødd først kallar vi for tvilling 1, og den som ser ut til å komme sist for tvilling 2.

Når tvilling 1 er fødd, rettast fokus mot tvilling 2. Etter at tvilling 1 er fødd, vil legen undersøke magen din med ultralyd for å sjå korleis tvilling 2 kjem ned i fødselskanalen.

Tvilling 2 har no fått god plass i livmora. For å unngå at barnet snur seg til ein ugunstig stilling, holder jordmor / lege på kvar side av magen din for å hindre at tvilling 2 legger seg på tvers. Dette grepet haldast til hovudet eller setet til barnet har engasjert seg i fødselskanalen, og det ikkje lenger er mogleg for barnet å snu seg.

Tvilling 2 fødast som oftast 10 - 30 minutt etter at tvilling 1 er fødd, men det kan hende at riene avtar eller stoppar opp etter at tvilling 1 er fødd. Lege avgjer om du skal ha ristimulerande drypp.

Fleirlingar

Om du er gravid med meir enn to barn, er svangerskapet og fødsel meir komplisert. Fastlegen din eller jordmor på helsestasjonen vil derfor tilvise deg til gynekolog eller til poliklinikk for gravide på sjukehuset når det er mistanke om eller bekrefta at du er gravid med meir enn to barn.

Gynekologen vil legge ein plan saman med deg for svangerskapskontroll og fødsel. Fødselen bør skje på fødeavdeling med høg beredskap - der gynekolog, barnelege og anestesi / operasjonspersonell er tilgjengeleg heile døgnet. I Noreg blir trillingar eller fleire barn forløysa ved keisarsnitt.

Hjelp til forløysing

Det er større risiko for at ein tvillingfødsel blir avslutta med keisarsnitt eller ved bruk av tang eller vakuum, enn om du skal føde eitt barn. Derfor anbefaler vi at du får epiduralbedøving når fødselen er i gong.

Skulle det oppstå ein situasjon som gjer det nødvendig å forløyse eitt eller begge barna med tang, vakuum eller keisarsnitt, vil gynekolog, barnelege og anestesi- og operasjonspersonale vere til stades og klare til å gripe inn.

 

Tida etter fødselen er ei viktig tid for deg, barna og familien. Denne tida skal brukast til å bli kjent med dei to nye familiemedlemma, lære å stelle og mate barna. Dei fleste tvillingmødrer blir på fødeavdelinga nokre dagar etter fødselen - til mor kjenner seg trygg på stell og mating, og barna viser teikn på trivsel og vekst.

 

Etter

Tvillingar blir ofte fødd før termin, og treng derfor ekstra oppfølging i tida etter fødselen. Om fødselen startar tidleg i svangerskapet / prematur fødsel, eller barna treng ekstra oppfølging / overvaking, fødselsvekta er låg eller om barna ikkje tar til seg nok mat, så må barna bli flytta til nyføddavdeling.

Amming

Amming av tvillingar krev ofte litt ekstra innsats, særleg i oppstarten av amminga. Nokon tvillingmødrer opplever at det kan ta litt tid å få i gong mjølkeproduksjonen og amminga.

Fordi tvillingar ofte blir fødd før termin og er mindre enn barn i svangerskap med eitt barn, kan det vere ekstra viktig at barna får morsmjølk. Bruk derfor tida og kreftane den første tida etter fødselen på å få i gong mjølkeproduksjon og amming.

Om barna er friske og har krefter til å amme, blir dei lagt til brystet til kvart måltid - og får tillegg av morsmjølkerstatning etter amming om og så lenge dei treng dette. Ikkje alle greier å fullamme begge barna, men all morsmjølka som barna kan få er viktig.

 

Kontakt

Førde sentralsjukehus Kvinneklinikken

Kontakt Kvinneklinikken

Oppmøtestad

Føde- og barselavdeling
All kontakt på dagtid til sekretær i ekspedisjon i 5. etasje, anten direkte ved oppmøte i luke eller ved telefonkontakt 578 39 233. Kontakt etter klokka 15.00 til tlf: 578 39 233/578 39 132, då går telefon direkte inn på felles vaktrom for gynekologi, føde og barsel. Ved oppmøte i avdelinga etter klokka 15.00, ta direkte kontakt med personell på vaktrom i 5. etasje (gå inn dør til fødeavdeling, første dør til høgre).

Gynekologisk sengepost
All kontakt på dagtid til sekretær i ekspedisjon i 5. etasje, anten ved direkte oppmøte i luke eller ved telefonkontakt 578 39 233. Kontakt etter klokka15.00 til tlf: 578 39 233/578 39 132, då går telefon direkte inn på felles vaktrom for gynekologi, føde og barsel. Dersom du som pasient har fått time til konsultasjon føl du instruksen på innkallinga i høve oppmøtestad.

Føde poliklinikk
All kontakt via telefon i høve ultralyd. Du kan du ringe på dagtid måndag til fredag frå klokka 08.00 til klokka 15.00, på tlf: 578 39 233. Har du time på fødepoliklinikk kontaktar du ekspedisjonen i 6. etasje (innerst i gangen på gynekologisk poliklinikk).

Gynekologisk poliklinikk
All kontakt på dagtid til sekretær i ekspedisjon i 6. etasje frå mandag - fredag frå kl.08.00 - 15.00 (innerst i gangen på gynekologisk poliklinikk). Telefon: 57839239/ 57839241

Amme poliklinikk - fredagar
Har du ønskje om time på ammepoliklinikk, ring sekretær på dagtid måndag til fredag klokka 08.00 - 15.00, telefon: 578 39 233. Tilvising er ikkje naudsynt. Oppmøtestad til ammepoliklinikk er på venterom i 6. etasje.

Samtalepoliklinikk
Har du behov for fødselssamtale er det naudsynt med tilvising frå jordmor eller fastlege. Her treff du faste jordmødre som i tillegg til samtalepoliklinikken, jobber ved føde/barsel avdelinga. Oppmøtestad er i 6. etasje. Du må gjerne ha med partner under samtalen.

En stor bygning med en stor plen foran seg

Førde sentralsjukehus

Svanehaugvegen 2

6812 Førde

Transport

Buss

Det går regelmessig rutebussar mellom Førde Sentralsjukehus og Førde Rutebilstasjon.

På nettsidene til skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestadar og tider for Sogn og Fjordane.

Frå Førde er det også gode bussamband til Bergen, Oslo, Ålesund og Trondheim.

Flybuss

Det går direkte flybuss frå Førde Lufthamn Bringeland til Førde Sentralsjukehus for alle fly som landar. Frå Førde Sentralsjukehus går flybussen 70 minutt før alle flyavgangar.

Parkering

Det er mogleg å parkere gratis på sjukehusområdet for pasientar og besøkande.

Taxi

Drosjesentralen i Førde er om lag 100 meter frå Rutebilstasjonen. Ved behov er våre tilsette i resepsjonen tilgjengelege 24 timar i døgnet og kan bestille taxi til deg.

 

Praktisk informasjon

Ved Førde sentralsjukehus finn du Sjukehusapoteka Vest HF si avdeling i Sogn og Fjordane.

​​Apoteket gjev tilbod til alle nyutskrivne og polikliniske pasientar ved Førde Sentralsjukehus, samt alle tilsette og besøkande.  Sjukehusapoteket er altså open for alle.

På veg heim frå sjukehuset kan pasientar få med seg alt dei treng av legemiddel og utstyr for vidare behandling heime. I tillegg har apoteket eit stort og variert utval av reseptfrie legemiddel, hudpleiemiddel, kost- og ernæringsmiddel samt andre apotekvarer.

Apoteket gjer klar legemidla medan du ventar og gjev råd om korleis du skal bruke dei på rett måte.

Apoteket forsyner dei fleste avdelingane i Helse Førde med legemiddel, apotekvarer og farmasøytiske tenester og gjev farmasøytisk rådgjeving til mange kommunar i Sogn og Fjordane.

​For å få behandling ved sjukehus eller poliklinikk må du i utgangspunktet vere tilvist frå lege, kiropraktor eller manuell teapeut. Har du trong for legehjelp skal du ringe fastlegen din eller den kommunale legevakta.

Les meir om eigendelar på helsenorge.no

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Då kan det vere lurt å hugse nokre reglar.

​Det er sjølvsagt heilt greitt så lenge det er pasientane og/eller pårørande og vener som er på bileta.

Det er likevel ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsette. Vi har hatt tilfeller der bilete av medpasientar/tilsette er blitt publisert i digitale media utan deira godkjenning.

Vi håper alle viser respekt for personvernet til alle dei møter under besøket på sjukehuset og avgrensar fotografering til å gjelde eigen familie og vener.

​Ved Nordfjord sjukehus og Førde sentralsjukehus finn du kiosk der du kan kjøpe aviser og andre kioskvarer.

Ved Førde sentralsjukehus kan du også levere kupongar til Norsk Tipping sine spel.

Alle kantinene i Helse Førde er opne for tilsette, pasientar og pårørande.

​Kantinene på Lærdal sjukehus og Nordfjord sjukehus finn du i underetasjen. Dei har opningstid 10.30 - 14.30.

Hovudkantina ved Førde sentralsjukehus ligg i 2. etasje. Her får du kjøpt varm mat og mykje anna. Den har opent 07.30 - 16.30.
I Førde finn du også ein kafe i 1. etasje innanfor resepsjonen. Denne har opningstid  09.00 - 15.00. Her finn du kaffe, te, anna drikke, påsmurt og kaker m.m.

Kantina ved Indre Sogn psykiatrisenter er open alle kvardagar frå klokka 10.00-13.30.

Kantina på Tronvik er open for tilsette og bebuarar.

​Du kan nytte mobiltelefon ved sjukehusa. Vi oppfordrar likevel alle til å bruke mobilvett og ta omsyn til medpasientar.

Det er viktig å sette telefonen på stille om natta, og på stilleringing eller vibrering om dagen. Av omsyn til dei andre pasientane er det best å gå ut av rommet dersom du må ta ein lengre samtale.

Vi ber om at du inne på pasientrommet ikkje snakkar eller har lyd på mobilen i tidsrommet etter klokka 21.30 til klokka 08.00 neste dag.

Det er gratis trådlaust nettverk for pasientar, pårørande og besøkande på sjukehusa. Dette kan du kople deg til frå din smarttelefon.

Førde sentralsjukehus har sett av hundre parkeringsplassar berre for pasientar og pårørande. Bommen ved pasientparkeringa opnar seg automatisk. Er alle desse plassane opptekne, er det fleire parkeringsområde rundt Førde sentralsjukehus. Ledige plassar på desse områda kan òg nyttast av besøkande.

BLODGJEVARAR og RØRSLEHEMMA har eigne parkeringsplassar mellom anna framfor hovudinngangen og rundt om på sjukehuset sitt område. Dei som kan parkere her, har eige parkeringsløyve. Utan slikt løyve er parkering rekna som ugyldig.

Ordinær parkering for pasientar og pårørande:
Parkeringsplassen er inn frå Svanehaugvegen. Sjå blått område på kartet:

Kart over parkeringsplassar ved Førde sentralsjukehus
 

​I 6. etasje har Førde sentralsjukehus eige pasienthotell.

Pasienthotellet har 22 senger. Dei er fordelt på seks enkle rom og åtte doble rom. Alle romma er tilpassa rullestolbrukarar.

​Treng du nokon å snakke med? Sjukehuspresten er til for deg anten du er pasient eller pårørande. I møte med denne omsorgstenesta kan du finne ein «fristad» og ein plass å samle tankane. I samtale med sjukehuspresten er det tid og rom for både stort og smått.

Du treng ikkje ha kristen eller religiøs tru for å ta kontakt. Det er ditt liv og dine tankar som har fokus. Det er sjølvsagt og høve til klassiske prestetenester som mellom anna sermoniar og bøn.

Uansett kva du har på hjartet er sjukehuspresten tilgjengeleg for å møte deg, der det passar deg best. Det kan vere på telefon, prestekontoret, pasientrom, i kantina eller kanskje på ein benk ute.

Ta kontakt direkte med Helene Langeland på telefon 908 79 281, eller spør personalet om å tilkalle/avtale tid med prest.

Sjukehuspresten er primært tilgjengeleg i ordinær kontortid, men kan og tilkallast til andre tider.

Kontoret er på plan 2, første dør til høgre for inngangen til kantina.

Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).
  3. Les nøye gjennom vilkåra.
  4. Trykk "Godta" når du har lese og forstått vilkåra.
Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal berre vere nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar.
 

For å avgrense smitte under pandemien kan det vere andre visittider og reglar som gjeld. Sjå Smittestatus virussjukdomar​ for meir informasjon.​​

Akuttmedisin:
Etter avtale på telefon 57 83 90 82.

Barneavdeling:
Visittider sengeposten 5. etg: Kontakt personale på vaktrommet.

Kirurgisk:
Visittider sengepost 12.30-13.30 og 18.30-19.30.

Kreft:
Visittider sengepost: Har ikkje faste visittider. Ta kontakt med vaktrommet.

Kvinneklinikken:
Far eller medmor kan kome når dei ønskjer utanom kviletid klokka 13.00-15.00. Søsken til barnet og andre besøkande kan takast i mot utanfor avdelinga.

Medisinsk:
Visittider medisinsk sengepost 14.30-15.30 og 19.00-19.45. Til eineromma: Etter avtale.

Nevrologisk:
Ikkje fast visitttid. Pårørande og andre er alltid velkomne.

Ortopedisk:
13.30-16.00 og 17.30-19.30.