Det er størst risiko for rifter i lukkemuskelen dersom du er førstegongsfødande, føder stort barn eller blir forløyst med tong eller vakuum.
Fødselsrifter med skade på endetarmen sin lukkemusikel
Under fødselen blir bekkenbotnen strekt og det kan oppstå rifter i huda. Mange fødande får mindre rifter, men i blant kan den fødande få større fødselsrifter. Det kan føre til skade på endetarmens lukkemuskel.
Lukkemuskelen er ein ringmuskel, som går rundt den nedste delen av endetarmen, og dens funksjon er å halde på luft og avføring. Ein normal og frisk lukkemuskel er konstant samantrekt.
Dersom lukkemuskelen er skadd og ikkje gror saman fullstendig, kan lukkemekanismen bli svekt. Da kan du få plager med at du lek luft og ikkje har full kontroll på avføringa, og du opplever kanskje problem med å rekke toalettet i tide. Dette gjeld særleg dei første 2–4 månadene.
Før
Under
Etter
Ver merksam
Ta kontakt med lege dersom:
- du får feber
- vevet rundt såret blir meir hovent
- smertene i såret aukar
- du trur såret kan ha sprokke opp
- du lekker avføring
Kontakt
Førde sentralsjukehus
Kvinneklinikken
Oppmøtestad
Føde- og barselavdeling
All kontakt på dagtid til sekretær i ekspedisjon i 5. etasje, anten direkte ved oppmøte i luke eller på telefon 578 39 233. Etter klokka 15.00 kontaktar du oss på telefon 578 39 233/578 39 132, då går telefon direkte inn på felles vaktrom for gynekologi, føde og barsel. Ved oppmøte i avdelinga etter klokka 15.00: ta direkte kontakt med personalet på vaktrommet i 5. etasje.
Gynekologisk sengepost
All kontakt på dagtid til sekretær i ekspedisjon i 5. etasje, anten ved direkte oppmøte i luke eller på telefon 578 39 233. Etter klokka 15.00 kontaktar du oss på 578 39 233/578 39 132, då går telefonen direkte til felles vaktrom for gynekologi, føde og barsel. Dersom du som pasient har fått time til konsultasjon føl du instruksen på innkallinga i høve oppmøtestad.
Føde poliklinikk
All kontakt via telefon i høve ultralyd. Du kan du ringe på dagtid måndag til fredag frå klokka 08.00 til klokka 15.00 Du treff oss på telefon 578 39 233. Har du time på fødepoliklinikk, så kontaktar du ekspedisjonen i 5. etasje.
Gynekologisk poliklinikk
All kontakt på dagtid til sekretær i ekspedisjon i 5. etasje frå mandag - fredag frå kl.08.00 - 15.00. Telefon 57839239
Ammepoliklinikk - tysdagar
Har du ønskje om time på ammepoliklinikk, ring sekretær på dagtid måndag til fredag klokka 08.00 - 15.00 på telefon 578 39 233. Tilvising er ikkje naudsynt. Oppmøtestad til ammepoliklinikk er på venterom i 5. etasje.
Samtalepoliklinikk
Har du behov for fødselssamtale må du ha tilvising frå jordmor eller fastlege. Her treff du faste jordmødre som i tillegg til samtalepoliklinikken jobbar ved føde/barsel avdelinga. Oppmøtestad er i 5. etasje. Du må gjerne ha med partner under samtalen.

Førde sentralsjukehus
Svanehaugvegen 2
6812 Førde