Om du blir sjuk
Dersom du har ein infeksjon eller går på antibiotika når operasjonen nærmar seg, må timen som regel bli utsett. Ta kontakt med oss så tidleg som mogeleg ved teikn til infeksjon, som forkjøling, urinveisinfeksjon eller tannkjøttbetennelse.
Medisinar
Ta medisinane dine som vanleg med mindre du har fått ein annan beskjed. Dette gjeld også Marevan og andre blodfortynnande medisinar. Du kan få medisin for å roe deg ned før operasjonen om du ønsker dette. Du må då du ha med deg ein følgeperson.
Augedropar
Unngå augedropar som inneheld pilokarpin om morgonen på operasjonsdagen (Pilokarpin, Fotil, FotilForte, Isopto-Carbachol). Andre augedropar, til dømes ved grøn stær eller tørre auge, brukar du som vanleg.
Hygiene og førebuingar
Det er viktig at du dusjar, tar på deg reine klede og ikkje brukar sminke på operasjonsdagen. Skal du ha narkose, må du møte fastande.
Praktiske forhold
Du kan ikkje køyre bil sjølv på operasjonsdagen. Sørg derfor for å avtale transport på førehand.
