Spørsmål du må svare på
Når du tek kontakt med lege / legevakt / fødeavdeling på grunn av bløding seint i svangerskapet, er det ei rekkje ting du vil bli spurt om. Vi ber deg om å lese gjennom følgande, slik at du er meir førebudd på å svare.
Bløding
- Kor mykje blør du, og kva farge er det på blodet (friskt og raudt blod, eller mørkt raudt/brunt blod)?
- Er blødinga aukande eller mindre no?
Dersom blødinga aukar eller tilstanden din endrar seg etter at du har vore i kontakt med helsevesenet, må du ta kontakt igjen.
Kvifor blør du?
- Gjorde du noko spesielt like før du begynte å blø?
Mot slutten av svangerskapet er det vanleg at støyt mot den blodrike delen av livmorhalsen fører med seg ufarleg, sparsam bløding. Dette kan til dømes skje etter samleie eller etter ei underlivsundersøking.
Fostervatn
- Kan blødinga vere blodblanda fostervatn?
Om det er rikeleg med tyntflytande rosa væske, kan det vere teikn på at fostervatnet har gått – noko som kan bli forveksla med ei større bløding.
Smerte
- Har du rier?
Rier er smerte som kjem og går i nedre del av magen og/eller ryggen. Magen blir stram og hard under riene, og mjukare og smertefri i pausane.
- Har du andre typar smerte?
Dersom smerten aukar etter at du har vore i kontakt med helsevesenet, må du ta kontakt igjen.
Barnet
-
Kjenner du at barnet sparkar og rører seg som før?
Om det ikkje er noko endring i mønster eller styrke i spark/bevegelsar hos barnet, er dette eit teikn på at barnet har det bra.