Nokre gonger losnar ein blodpropp ute i venane og stoppar i lunga (lungeemboli). Dette kan vere livstrugande om du ikkje får behandling. Symptoma er tungpust, rask pust og eventuelle smerter i brystet. Diagnosen blir stilt ved ein CT med spesialundersøking av lungene. Undersøkingane er ikkje farleg for fosteret.
Graviditet - Blodpropp før eller i svangerskapet
Det er viktig for deg som er gravid å kjenne til symptoma på blodpropp. Ver oppmerksom på einsidige smerter i lyske, særleg venstre side, hevelse og smerte i eit bein akutt tungpust, rask pust, smerter ved innpust og høg puls. Slike symptom bør undersøkjast av lege relativt raskt.
Eit svangerskap aukar risikoen for blodpropp med 5–10 gongar. Dette gjeld blodpropp i venane som fører blodet frå kroppen og tilbake til hjartet. Det vanlegaste er å få blodpropp i beina (djup venetrombose) eller i lungene (lungeemboli). Risikoen er auka heile svangerskapet, men er absolutt høgast dei første 6 vekene etter fødsel.
Blodpropp i låret eller lysken
Hos gravide sit ofte blodproppen i låret eller i lysken og ofte på venstre side (80–90 prosent). Hos ikkje-gravide er det mest vanleg med blodpropp i leggane.
Symptoma er ofte smerter i lysken, men det kan også vere einsidige låge mage- eller ryggsmerter. Etter kvart vil beinet hovne opp. Diagnosen blir stilt ved ultralyd av beina og lyskane.
Har du hatt blodpropp utan å vere gravid eller i tidlegare graviditet er det tilrådd med blodfortynnande sprøyter (LMVH) i heile svangerskapet og inntil 6 veker etter fødsel, for å førebyggje ny blodpropp. Dette er ufarleg for fosteret, då medisinen ikkje passerer morkaka.
Blodpropp i halsen eller hovudet
Blodpropp kan også oppstå andre stader, for eksempel på halsen. Denne er ofte forbundet med overstimulering etter behandling med prøverøyr.
- venøs blodpropp i hovudet (sinus venetrombose) blir behandla på same måte som blodpropp i bein eller lunger, med blodfortynnande spøryter. Dette har god prognose.
- arteriell blodpropp i hovudet (hjerneslag) er svært sjeldan og blir behandla på same måte som hos ikkje-gravide.
Dersom du er gravid og har tidlegare hatt hjerneslag, bør du få blodfortynnande medisinar i svangerskapet (vanlegvis Albyl E-tablett (salisylsyre)). Dette er ufarleg for deg og for fosteret.
Før
Under
Etter
Kontakt
Førde sentralsjukehus
Kvinneklinikken
Oppmøtestad
Føde- og barselavdeling
All kontakt på dagtid til sekretær i ekspedisjon i 5. etasje, anten direkte ved oppmøte i luke eller på telefon 578 39 233. Etter klokka 15.00 kontaktar du oss på telefon 578 39 233/578 39 132, då går telefon direkte inn på felles vaktrom for gynekologi, føde og barsel. Ved oppmøte i avdelinga etter klokka 15.00: ta direkte kontakt med personalet på vaktrommet i 5. etasje.
Gynekologisk sengepost
All kontakt på dagtid til sekretær i ekspedisjon i 5. etasje, anten ved direkte oppmøte i luke eller på telefon 578 39 233. Etter klokka 15.00 kontaktar du oss på 578 39 233/578 39 132, då går telefonen direkte til felles vaktrom for gynekologi, føde og barsel. Dersom du som pasient har fått time til konsultasjon føl du instruksen på innkallinga i høve oppmøtestad.
Føde poliklinikk
All kontakt via telefon i høve ultralyd. Du kan du ringe på dagtid måndag til fredag frå klokka 08.00 til klokka 15.00 Du treff oss på telefon 578 39 233. Har du time på fødepoliklinikk, så kontaktar du ekspedisjonen i 5. etasje.
Gynekologisk poliklinikk
All kontakt på dagtid til sekretær i ekspedisjon i 5. etasje frå mandag - fredag frå kl.08.00 - 15.00. Telefon 57839239
Ammepoliklinikk - tysdagar
Har du ønskje om time på ammepoliklinikk, ring sekretær på dagtid måndag til fredag klokka 08.00 - 15.00 på telefon 578 39 233. Tilvising er ikkje naudsynt. Oppmøtestad til ammepoliklinikk er på venterom i 5. etasje.
Samtalepoliklinikk
Har du behov for fødselssamtale må du ha tilvising frå jordmor eller fastlege. Her treff du faste jordmødre som i tillegg til samtalepoliklinikken jobbar ved føde/barsel avdelinga. Oppmøtestad er i 5. etasje. Du må gjerne ha med partner under samtalen.

Førde sentralsjukehus
Svanehaugvegen 2
6812 Førde