Før undersøkinga vil du få genetisk rettleiing ved ei avdeling for medisinsk genetikk.
Graviditet - forstervassprøve
Fostervatnet inneheld celler frå fosteret som kan brukast til å utføre kromosomundersøkingar av fosteret. Av og til er det også aktuelt å undersøkje for tilstandar som til dømes genfeil.
Tilvising og vurdering
Gravide kvinner som har auka risiko for å få eit foster med kromosomforandring eller genetisk sjukdom kan få tilbod om morkakeprøve eller fostervassprøve. For å få utført fostervassprøve må du bli tilvist av lege, jordmor eller frå ei avdeling for medisinsk genetikk. Av og til utfører vi fostervassprøve som ledd i utgreiing av infeksjon i svangerskapet.
Før
Under
Etter
Ver merksam
Under 0,5 prosent av dei som tek fostervassprøve har risiko for spontanabort på grunn av sjølve prøvetakinga. Denne risikoen er auka spesielt i løpet av den næraste veka etter prøva er teken.
Kontakt
Førde sentralsjukehus
Kvinneklinikken
Oppmøtestad
Føde- og barselavdeling
All kontakt på dagtid til sekretær i ekspedisjon i 5. etasje, anten direkte ved oppmøte i luke eller på telefon 578 39 233. Etter klokka 15.00 kontaktar du oss på telefon 578 39 233/578 39 132, då går telefon direkte inn på felles vaktrom for gynekologi, føde og barsel. Ved oppmøte i avdelinga etter klokka 15.00: ta direkte kontakt med personalet på vaktrommet i 5. etasje.
Gynekologisk sengepost
All kontakt på dagtid til sekretær i ekspedisjon i 5. etasje, anten ved direkte oppmøte i luke eller på telefon 578 39 233. Etter klokka 15.00 kontaktar du oss på 578 39 233/578 39 132, då går telefonen direkte til felles vaktrom for gynekologi, føde og barsel. Dersom du som pasient har fått time til konsultasjon føl du instruksen på innkallinga i høve oppmøtestad.
Føde poliklinikk
All kontakt via telefon i høve ultralyd. Du kan du ringe på dagtid måndag til fredag frå klokka 08.00 til klokka 15.00 Du treff oss på telefon 578 39 233. Har du time på fødepoliklinikk, så kontaktar du ekspedisjonen i 5. etasje.
Gynekologisk poliklinikk
All kontakt på dagtid til sekretær i ekspedisjon i 5. etasje frå mandag - fredag frå kl.08.00 - 15.00. Telefon 57839239
Ammepoliklinikk - tysdagar
Har du ønskje om time på ammepoliklinikk, ring sekretær på dagtid måndag til fredag klokka 08.00 - 15.00 på telefon 578 39 233. Tilvising er ikkje naudsynt. Oppmøtestad til ammepoliklinikk er på venterom i 5. etasje.
Samtalepoliklinikk
Har du behov for fødselssamtale må du ha tilvising frå jordmor eller fastlege. Her treff du faste jordmødre som i tillegg til samtalepoliklinikken jobbar ved føde/barsel avdelinga. Oppmøtestad er i 5. etasje. Du må gjerne ha med partner under samtalen.

Førde sentralsjukehus
Svanehaugvegen 2
6812 Førde