Behandling
Graviditet - overvekt
Overvekt og fedme i svangerskapet aukar risikoen for komplikasjonar i svangerskapet, under fødsel og i barseltida. Overvekt og fedme kan opptre åleine eller vere ein del av eit samansett sjukdomsbilete. Alle gravide blir tilråda minimum 30 minutt fysisk aktivitet kvar dag (gå gjerne tur). Ved BMI over 30 er anbefalt vektauke i svangerskapet 5-9 kg.Introduksjon
Overvekt og fedme medfører ein helserisiko som kan reduserast ved sunnare kosthald og fysisk aktivitet. Svangerskap er ei periode der kvinner synast å vere særleg motivert og mottakeleg for informasjon og oppfølging av overvekt og fedme. Sunnare kosthald og auka aktivitet gjer så langt vi veit ikkje uheldige utfall for svangerskapet. Aktiv slanking tilrådast ikkje.
Matportalen.no gir deg ei oversikt over norske myndigheiter sine kostråd til gravide
Før
- Gravide med overvekt eller fedme med BMI under 35 blir følgt opp i primærhelsetenesta. Vi anbefaler tett oppfølging med råd om endringar i kosthald og livsstil.
- Gravide med BMI over 30 blir anbefalt blodprøve (HbA1c) innen svangerskapsuke 16 for å avdekke eventuell uoppdaga diabetes mellitus.
- Gravide med BMI over 25 blir anbefalt glukosebelastning i svangerskapsuke 24-28 for å avdekke svangerskapsdiabetes.
- Ved BMI over 35 blir gravide tilvist til spesialist ved 24 vekers svangerskap, for oppfølging hos spesialist ved 24, 32 og 36 vekers graviditet.
- Oppfølginga frå og med veke 32 bør skje på den poliklinikken der den gravide skal føde. Oppfølgingas omfang vil vere avhengig av om det også er andre tilleggstilstandar som påverkar den gravide og fosteret (svangerskapsforgifting, høgt blodtrykk eller diabetes).
Under
Ved normal svangerskapsutvikling og uten tilleggsdiagnosar blir det anbefalt trivselskontroll i løpet av den første uka etter termin. Vi vurderer og å igangsetje fødselen om du ikkje går spontant i fødsel. Ved tidleg fødsel vil fødselslege og anestesilege orienterast.
For å førebyggje komplikasjonar anbefaler ein nokre ekstra tiltak for å overvake deg og fosteret under fødsel, for eksempel blodprøvar, ekstra fosterovervaking, intravenøse tilgangar og klargjering for tidleg epidural.
Når barnet skal fødast vil fødselshjelparane rettleie deg, særleg i slutten av utdrivingsfasen. Blir det behov for vacum- eller tangforløysing kan det vurderast å gjere dette på ei operasjonsstove. Då kan det raskt utførast keisarsnitt ved behov. Ved svært høg BMI kan det vurderast planlagt keisarsnitt.
Etter
Gravide med fedme har auka risiko for blødning etter fødsel. Fødselshjelparane vil derfor vere ekstra merksame på dette. Etter fødsel er det viktig at du kjem deg raskt i aktivitet.
Støttestrømpar, aktivitet og blodfortynnande sprøytar vil kunne førebyggje blodpropp.
God rettleiing under ammestart kan førebyggje ammeproblem.
Kontakt
Førde sentralsjukehus
Kvinneklinikken
Oppmøtestad
Føde- og barselavdeling
All kontakt på dagtid til sekretær i ekspedisjon i 5. etasje, anten direkte ved oppmøte i luke eller ved telefonkontakt 578 39 233. Kontakt etter klokka 15.00 til tlf: 578 39 233/578 39 132, då går telefon direkte inn på felles vaktrom for gynekologi, føde og barsel. Ved oppmøte i avdelinga etter klokka 15.00, ta direkte kontakt med personell på vaktrom i 5. etasje (gå inn dør til fødeavdeling, første dør til høgre).
Gynekologisk sengepost
All kontakt på dagtid til sekretær i ekspedisjon i 5. etasje, anten ved direkte oppmøte i luke eller ved telefonkontakt 578 39 233. Kontakt etter klokka15.00 til tlf: 578 39 233/578 39 132, då går telefon direkte inn på felles vaktrom for gynekologi, føde og barsel. Dersom du som pasient har fått time til konsultasjon føl du instruksen på innkallinga i høve oppmøtestad.
Føde poliklinikk
All kontakt via telefon i høve ultralyd. Du kan du ringe på dagtid måndag til fredag frå klokka 08.00 til klokka 15.00, på tlf: 578 39 233. Har du time på fødepoliklinikk kontaktar du ekspedisjonen i 6. etasje (innerst i gangen på gynekologisk poliklinikk).
Gynekologisk poliklinikk
All kontakt på dagtid til sekretær i ekspedisjon i 6. etasje frå mandag - fredag frå kl.08.00 - 15.00 (innerst i gangen på gynekologisk poliklinikk). Telefon: 57839239/ 57839241
Amme poliklinikk - torsdagar
Har du ønskje om time på ammepoliklinikk, ring sekretær på dagtid måndag til fredag klokka 08.00 - 15.00, telefon: 578 39 233. Tilvising er ikkje naudsynt. Oppmøtestad til ammepoliklinikk er på venterom i 6. etasje (innerst i gangen på gynekologisk poliklinikk).
Samtalepoliklinikk
Har du behov for fødselssamtale er det naudsynt med tilvising frå jordmor eller fastlege. Her treff du faste jordmødre som i tillegg til samtalepoliklinikken, jobber ved føde/barsel avdelinga. Oppmøtestad er i 6. etasje. Du må gjerne ha med partner under samtalen.

Førde sentralsjukehus
Svanehaugvegen 2
6812 Førde