Om vassfødsel, eller bruk av badekar er aktuelt for deg, avheng av din og barnets medisinske tilstand. Dette blir avklart med jordmor når de kjem til fødeavdelinga.
Partnar er også velkommen i badekaret. Hugs å ta med badetøy til partnar.
Ved vassfødsel ligg du i eit badekar spesielt forma ut for fødsel. Barnet blir fødd med heile kroppen sitt under vatn. Om du kan nytte deg av moglegheita for vassfødsel avheng av din og barnets medisinske tilstand.
Mange fødeavdelingar har tilbod om badekar, slik at du kan velje å føde i vatn. Dette er ei moglegheit som fungerer fint for mange. Vatnet gir smertelindring i tillegg til at det hjelper deg til å slappe av, slik at riene gjer ein betre jobb. Det er også mogleg å bruke badekar som avslapping og kvile tidleg i fødselsforløpet eller som smertelindring i opningsfasen.
Om vassfødsel, eller bruk av badekar er aktuelt for deg, avheng av din og barnets medisinske tilstand. Dette blir avklart med jordmor når de kjem til fødeavdelinga.
Partnar er også velkommen i badekaret. Hugs å ta med badetøy til partnar.
Om du opplever at badekaret er til stor hjelp for deg under fødselen, kan det vere naturleg for deg å føde barnet ditt i vatn. Dette må vere noko du og partnaren din ønsker, og forholda må ligge til rette for det.
Barnet ditt har vore omgitt av vatn i heile svangerskapet. Å bli fødd i varmt vatn gir ein mjuk overgang til livet utanfor.
Barnet ditt er utstyrt med fleire pustehemmarar som hindrar barnet i å trekke pusten når det er under vatn. Barnet skal likevel opp av vatnet etter kort tid for å starte tilpassinga til sitt nye liv. Det vil alltid vere ei jordmor til stades saman med dykk i denne fasen.

Svanehaugvegen 2
6812 Førde