Ved underlivsundersøking (gynekologisk undersøking, GU) ser vi om det renn urin eller kjem ut mørk væske frå opning i skjeden eller huda utanfor. Fordi opningane er små, vil det ofte vere nødvendig med undersøking i narkose. Da kan vi samtidig lyse inn i blæra (cystoskopi) eller endetarmen (rektoskopi).
Følgande enkeltbehandlingar/undersøkingar kan vere aktuelle som del av utgreiinga:
- Gynekologisk undersøking i narkose
- Ved urinvegsfistlar: Cystoskopi, eventuelt CT urinvegar
- Ved tarmfistlar: Rektoskopi, eventuelt MR bekken m/kontrast
- Ved mistanke om betennelse i tarmen, eventuelt koloskopi (for å lyse høgare opp i tarmen enn endetarmen)
Kor lang tid tar normalt utgreiingsfasen?
Pasientar som blir søkte til utgreiing vil normalt få tid til undersøking ved Haukeland universitetssjukehus innan 6–8 veker. Dersom det skal gjerast andre undersøkingar (røntgen/koloskopi) vil det ofte bli gjort ved det lokale sjukehuset ditt dersom du ikkje bur i Bergen. Ventetida ved lokalt sjukehus kjem i tillegg.