Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Hemoroider - strikkbehandling

Strikkbehandling av hemoroidar er eit velprøvd og godt val ved behandling av mindre hemoroidar. Behandlinga blir ofte utført samtidig som du er til undersøking på poliklinikk.

Før

Det kan vere behov for at du tar klyster før undersøking på poliklinikken. Følg tilvisingar i innkallinga du får frå sjukehuset. Strikkbehandling er lite smertefullt og kan gjerast utan bedøving.

Under

Kirurgen fører inn eit anoskop inn i endetarmen. Ved hjelp av sug, blir det festa ein gummistrikk rundt slimhinna som dekker hemoroiden. Når strikken er på, blåser slimhinna som dekker hemoroiden seg opp, blodforsyninga i slimhinna blir strupt, og strikken med slimhinne fell av etter nokre dagar. Det står att da eit lite arr der strikken har sete. Dette arret fikserer slimhinna slik at hemoroiden ikkje sig like lett ned.

Etter

Det er vanleg å kjenne trykk og ubehag i endetarmen i 1–2 dagar. Nokon har behov for Paracet eller Ibux.

Gummistrikken fell av etter nokre dagar og blir ofte følgd av ei lita frisk bløding.

Det er vanlegvis ikkje behov for spesiell kontroll.

Dersom det er fleire og store hemoroidar, kan det vere behov for å gjenta prosedyren etter ei tid. Plagene dine etter første behandling er avgjerande for om nytt inngrep er nødvendig.

Ver merksam

Ved sterke smerter eller stor bløding må du ta kontakt med legevakt/sjukehus.

Sist faglig oppdatert 05.11.2024

Kontakt

Kirurgisk avdeling

Kontakt Kirurgisk avdeling

Oppmøtestad

Du finn oss på Førde sentralsjukehus.
Vi har og sengepost og poliklinikk på Lærdal sjukehus.