Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Hemoroider
Plagsame hemoroidar er ein vanleg tilstand som fleire opplever i løpet av livet. Symptoma er som regel friske blod frå endetarm, og dessutan kløe og ubehag. Nokon opplever smerter og andre kan oppleve at hemoroidane kjem delvis ut av endetarmsopninga. Tilstanden er ufarleg og kan oftast behandle med fiberrikt kost, gode toalettvanar og lokale midlar.
Hemoroidar kan gi blødingar og smerter frå endetarmen etter toalettbesøk. Mange merkar ingen symptom, men har du plager, finst det behandlingar som kan hjelpe.
Vi skil mellom hemoroidar som ligg eit par cm inn i analkanalen og hemoroidar som ligg på utsida.
Indre hemoroidar
Hemoroidevev er noko alle har, og det bidrar til at vi klarer å halde på avføringa når vi nys og hostar. Det indre hemoroidevevet kan derimot bli hovent og forstørra og sige nedover analkanalen som små kuler. Det er dette vi knyter til hemoroidar. Vi graderer dei frå 1 – 4 :
Grad 1: Blør berre, sest ikkje utanpå endetarmen
Grad 2: Kjem ut av endetarmen ved press, men går tilbake av seg sjølv
Grad 3: Kjem ut av endetarmen ved press, men kan manuelt skyvasa inn igjen,
Grad 4: Er ute heile tida, og lèt seg ikkje skyve inn.
Hemoroidar grad 3 og 4 kan gi vesentleg ubehag, smertar og bløding. Dei kan også gi spor av avføring i undertøy og hygieneutfordringar. Huda rundt endetarm kan bli sår.
Ytre hemoroidar
Dei ytre hemoroidane ligg berre på utsida. Dei er ikkje alltid så enkle å sjå dersom ein ikkje sit på eit toalett og pressar. Desse hemoroidane gir mest plager i samband med tørking/hygiene og dei blør sjeldnare. Dei kan derimot gi hevelse og levra blod (trombosere).
Eigenbehandling av hemoroidar
Klassiske råd for å avgrense hemoroideplager er fiberrik diett, regelmessig mosjon og minst mogleg pressing ved toalettbesøk. Hemoroidesalver som inneheld svake steroid kombinerte med smertestillande, har ofte god symptomatisk effekt ved periodevise plager. Det finst også salvar utan steroid. Midlar som mjukar avføringa gir symptomlindring, og kan førebygge nye hemoroidar. Alle med nyoppstått friskt blod frå endetarmen som ikkje har kjente hemoroideplager, bør undersøkast av lege for å utelukke anna årsak.
Tilvising og vurdering
Pasientar mistenker ofte at alle plager frå endetarmen kjem av hemoroidar. Det er ikkje alltid tilfelle, og lege bør oppsøkast. Pasientar med usikker diagnose eller store plager bør visast av fastlege til kirurg.
Alle tilvisingar bør innehalde:
aktuell sjukehistorie
relevante tidlegare og nåverande sjukdommar
kliniske funn
resultat av relevante tilleggsundersøkingar
oppdatert medikamentoversikt
(Ved bruk av malen «den gode tilvisinga» som er integrert i dei fleste elektroniske pasientjournalsystema, er ovannemnde punkt dekte).
Hugs
kontaktinformasjon til føresette ved tilvising av barn eller av pasientar utan samtykkekompetanse
Type plager? Ubehag eller smerter? Bløding? Tømmingsproblem, avføringsinkontinens, problem med reinhald?
Eventuelt gjennomført tidlegare behandling?
Konsekvensar – yrke, livskvalitet?
Kliniske funn
Beskriving av hemoroidegrad 1–4
Sest ikkje ved anal inspeksjon, heller ikkje ved press
Prolaberer ved press, blir reponert spontant
Prolaberer konstant, kan reponerast manuelt
Prolaberer og lèt seg ikkje reponere (incarcerert)
Rektal eksplorasjon – tumor, bløding?
Anoskopifunn
Tilleggsundersøkingar
Hb
eventuell rektoskopi
Utgreiing
Friskt blod i samband med avføring skal undersøkast nærare med kikkertundersøking i endetarmsopninga (anoskopi) og 15–20 cm opp i tarmen (rektoskopi). Om ikkje openberr blødingskjelde sest, bør resten av tjukktarmen også blir undersøkt (koloskopi).
Smerter og svie/kløe ved avføring skal undersøkast på same måte.
Rektaleksplorasjon – fingerundersøking av endetarmen
Ved rektakeksplorasjon blir endetarmen undersøkt med ein finger. Dette blir gjort for å kjenne etter oppfylninger, og kjenne på lukkemuskelen. Hos menn kjenner ein også på prostata.
Anoskopi – kikkertundersøking
Anoskopi er ei kikkertundersøking av endetarmsopninga og nokon cm innover.
Dersom kirurgen anbefaler strikkbehandling, kan dette gjerast samtidig med utgreiinga.
Behandling
Behandling av hemoroidar med strikk er ein velprøvd metode og eit godt val ved mindre, indre hemoroidar.
Legen vil sette inn eit anoskop, og ved hjelp av eit lite sug blir festa ein strikk rundt vevet like ovanfor hemoroiden. Dette gjer at blodforsyninga til hemoroiden ringast, og det blir danna arrforandringer lokalt. Dette vil som oftast redusere bløding frå hemoroiden, og gjer at han ikkje sig ned. Strikken vil falle av etter nokre dagar av seg sjølve, og det er vanleg å blø litt da. Undersøkinga kan gi noko ubehag hos nokon. Prosedyren kan ikkje gjerast dersom dersom ein bruker blodfortynnande.
For større indre hemoroidar som sig ut (grad 3–4), og ytre hemoroidar, kan ein vurdere operasjon.
Ved akutte smerter i tromboserte ytre hemoroidar kan lege kontaktast akutt. Eit lite snitt i hemoroiden kan tømme det koagulerte blodet og gi smertelindring. Dette blir berre gjort dersom ein oppsøker lege dei første dagane. Smertestillande (tablettar og salve), kjølige omslag og ro kan også hjelpe. Dei ytre hemoroidane kan skrumpe saman og bli til små hudflikar, marisker.
Det er vanlegvisikkje behov for kontroll hos spesialist, men fastlege kan tilvise deg til spesialist dersom du har behov for ny strikkbehandling eller operasjon.
Det er viktig å førebygge ny hemoroidar. Dette gjer du ved å halde avføringa passe mjuk (passe fiberrikt kost), gå på toalettet når du kjenner trong, og unngå pressing.
Ver merksam
Det er liten risiko for komplikasjonar, men alvorleg bløding kan førekomme, spesielt hos pasientar som bruker blodfortynnande medisinar. Ta kontakt med sjukehuset dersom blødinga ikkje stoppar.
Kontakt avdelinga om dersom du får nokre av desse plagene: