Hengande augelok - operasjon
Har du hengande øvre augnelokk som innskrenkar synsfeltet, kan du få utført ptosekirurgi.
Hengande augnelokk kan vere medfødd eller erverva. Dei fleste inngrepa skjer i lokalbedøving.
Før
Ved forundersøkinga vil du bli informert om operasjonen, forløp og eventuelle komplikasjonar som kan oppstå.
Til deg som bruker blodfortynnande
- Det er vanleg å slutte med Albyl, Plavix, Ticlid og Persantin sju dagar før operasjonen og Marevan tre dagar før operasjonen
- Dersom du bruker Marevan eller annan blodfortynnande medisin, må du snakke med fastlegen din før du sluttar med tablettane
- Dagen etter operasjonen startar du med blodfortynnande som før
Under
Overskotshud og eventuelt feittvev blir fjerna. Såret blir lukka med ein tråd som blir fjerna etter éi veke. Etter sjølve inngrepet skal du bli verande på sjukehuset i 30-60 minutt og kjøle ned operasjonsområdet for å unngå hevelse.
Etter
- Når du kjem heim, lønnar det seg å kjøle ned det opererte området med for eksempel isbitar i ein klut for å unngå hevelse og bløding
- Unngå fysisk aktivitet der du pressar deg, dei første dagane
- Bandasjen fjernar du sjølv etter eit par dagar
- Stinga (suturane) blir som oftast fjerna av kirurgen etter ei veke, om ikkje kirurgen har bestemt noko anna
- Etter operasjonen får nokre pasientar med seg antibiotika (augedropar/-salve), som skal brukast så ofte og lenge som kirurgen har bestemt
- Det er ikkje uvanleg at det er forskjellig høgde på augespalta (avstanden mellom øvre og nedre augelokkskant) etter slike inngrep. Ein prøver å unngå å stramme augelokket så mykje opp at det oppstår uttørking av auget på grunn av lukkingsdefekt. Mange vil likevel ha nytte av kunstige augedropar/-salve ved problem med tørrleik
- NB! Du må ikkje køyre bil etter augeoperasjonar
Ver merksam
Det er vanleg med blåleg misfarging og hevelse av augelokket etter operasjonen. Dette forsvinn vanlegvis etter eit par veker. Ein sjeldan gong kan det bli infeksjon i operasjonssåret.
Når vi strammar opp augelokket er det ikkje alltid at augelokket kjem like høgt som på den andre sida. Dette kan vere tilsikta. Ved å stramme augelokket for mykje blir det vanskelegare å lukke, og dermed kan ein oppleve tørt auge som kan gi betennelse på sjølve auget.
Kontakt
Førde sentralsjukehus
Augeavdeling
Oppmøtestad
Finne informasjonen som står i innkallingsbrevet.Førde sentralsjukehus
Svanehaugvegen 2
6812 Førde