Behandling
Hjerneslag - rehabilitering
Hjerneslag er ei nemning på oppstått skade i hjernen som skuldast ein blodpropp eller ei bløding. Symptoma oppstår ofte akutt og det er viktig med rask sjukehusinnlegging for utgreiing og behandling. Det er stor variasjon i kva følgjetilstandar hjerneslaget gir og kor omfattande rehabilitering det er behov for.
Tilvising og vurdering
Akuttsjukehus, fastlege eller spesialist kan tilvise deg til rehabilitering. Tilvisinga skal innehalde beskrivingar av områda i sjekklista under.
Før
Vi ønsker at du tar med deg
- individuell plan eller individuell opplæringsplan dersom du har dette
- oppdatert medisinliste (legemiddelliste). Denne kan du få hos fastlegen din
- ortopediske hjelpemiddel dersom du har det
- treningsklede og eventuelt badetøy
Vi treng informasjon om
- du har behov for spesialkost
- du har behov for tolk
- du har behov for spesielle hjelpemiddel, som til dømes spesialmadrass eller dusjstol
Tenk gjennom måla du har for opphaldet
Dine mål for opphaldet er viktige og har fokus for di rehabilitering. Når du møter fagpersonane så har dei lest tilvisinga di og dei har då nokre opplysingar om kva som er viktig for deg, og eventuelt kva mål du har. Dette dannar grunnlaget for kva som kan vere relevante tema og mål for ditt opphald.
Under
Varigheit
Tentativ dato for utskriving blir bestemt tidleg i opphaldet. Varigheit av rehabiliteringa blir tilpassa den enkelte sitt behov. Det kan vere behov for å justere utskrivingsdato i løpet av opphaldet. Pasientar som blir innlagt til primærrehabilitering etter skade eller sjukdom, har lengre opphald enn pasientar som blir innlagt til vurderings- og oppfølgingsopphald.
Når du blir innlagd vil du
- få samtale med og undersøking av sjukepleiar og lege
- bli skriven inn i journalsystemet
- få informasjon om det tverrfaglege teamet
- få gjennomgang av praktiske rutinar i avdelinga som måltider, brannrutiner og anna
- og dine pårørande få tilpassa informasjon og omvising i avdelinga og andre areal på sjukehuset
Eventuelle pårørande oppfordrast til å vere med på innleggingsdagen.
Sentrale mål for rehabiliteringa er at du
- tileignar deg kunnskap om skada og dei verknadene som følg med, førebygging av komplikasjonar og moglege seinskader
- oppnår størst mogleg grad av sjølvstende i daglege aktivitetar
- tek hand om ernæringsbehov, huda, blære og tarmfunksjon
- mottar rettleiing/rådgjeving om behandling og trening, på kort og lang sikt
- handterer din nye livssituasjon
Førebuing til heimreise
Det tverrfaglege teamet samarbeider med oppfølgande instans i din heimkommune. Når det er medisinsk forsvarleg, oppfordrar vi deg til å reise heim på permisjon, slik at du kan prøve ut rehabiliteringstiltaka i ditt heimemiljø. Den vidare rehabiliteringsprosessen blir tilpassa ut fraå erfaringane du gjer deg heime.
I løpet av opphaldet førebur vi utskriving og oppfølging. Dette inneber mellom anna:
- Møte med pårørande.
- Samarbeidsmøte med oppfølgande instans ved behov. Vi nytter også tele- og videokommunikasjon.
- Eventuelle tilpassingar i heimen i samarbeid med heimkommune.
- Vidare rehabilitering i annan institusjon eller kommunal oppfølging blir avklart.
- Utskrivingsmøte med lege og andre sentrale personar i det tverrfaglege teamet.
Etter
Oppfølging
Etter utskriving blir du følgt opp av fastlegen din og eventuelt anna helsepersonell i kommunen. Epikrise blir sendt til fastlege og tverrfagleg rapport blir sendt med ditt samtykke til aktuelle oppfølgande instansar.
Ved behov vil vi kome med anbefaling om vidare utgreiingar/tilvisingar og vidare behandlings- eller rehabiliteringstiltak.
I nokre tilfelle kan det også vere aktuelt med behandling og/eller oppfølging av tiltak via poliklinikken eller andre rehabiliteringsopphald ved sjukehuset.
Rehabilitering i kommunar og ved private rehabiliteringsinstitusjonar
Kontakt
Førde sentralsjukehus
Nevrologisk seksjon
Kontakt Nevrologisk seksjon
Oppmøtestad
Førde sentralsjukehus, 4. etasje.Førde sentralsjukehus
Svanehaugvegen 2
6812 Førde