Ved mistanke om hjarterytmeforstyrring får du ei grundig legeundersøking og det blir teke blodprøvar. Elektrokardiogram (EKG) er ofte den viktigaste undersøkinga dersom vi mistenkjer hjarterytmeforstyrringar. Ei EKG-undersøking registrerer dei elektriske impulsane i hjartet. Dette blir gjort ved å feste leidningar frå eit EKG-apparat til brystkassa, armane og beina dine. Det kan i somme tilfelle vere nødvendig å ta EKG via matrøyret ditt. Ved sjeldne anfall kan det bli nødvendig å registrere EKG over tid (langtids EKG) eller under belastning (arbeids-EKG).
Det kan også vere aktuelt å ta ei ultralydundersøking av hjartet ditt. Nokre pasientar med hjarterytmeforstyrring vil få tilbod om ei elektrofysiologisk undersøking, ein koronar angiografi, MR eller CT av hjartet.