Før du møter til timen på sjukehuset skal du ha teke blodprøver. Dei skal takast fastande og seinast 1 veke (tidlegast 2 md.) før timen. Det vil stå i innkallingsbrevet kvar du skal møte.
På sjukehuset
Ta med ei liste over medisinane du bruker.
Du vil bli møtt av ein sjukepleiar som måler blodtrykket, høgd, vekt og omkrinsen rundt midja di. Deretter blir det teke eit EKG. I nokre tilfelle blir det også brukt ei biometrisk vekt som gir oss informasjon om samansetningar av ulike kroppsmassar, som feitt og musklar, i kroppen din.
Etter dette vil du få samtale med hjartelege, der de går igjennom:
- Sjukehistoria di, spesielt med tanke på tidlegare hjarte- karsjukdom.
- Førekomst av hjarte-karsjukdom og høgt kolesterol i slekta di/familie.
- Livsstilen din og risikofaktorar for høgt kolesterol og hjarte-karsjukdom
- kosthald
- røykjevanar
- fysisk aktivitet
- overvekt
- høgt blodtrykk
- diabetes og kronisk nyresjukdom
- tidlegare hjarteinfarkt eller kjend angina.
- resultat av målingane som vart gjort av sjukepleiar
- Blodprøvesvar med vekt på feittstoffa i blodet ditt. Total kolesterol, LDL- kolesterol, HDL-kolesterol og Triglyserider.
- Medisinar og eventuelle biverknader.
- Kunnskapen din om kolesterol og motivasjon for behandling.
Du vil også få ein time hos ernæringsfysiolog som gjer ei nærare kartlegging av kosthaldet ditt.