Høgt kolesterol

Høgt kolesterol betyr at det er for høge nivå av feittstoffet kolesterol i blodet. Dette aukar risikoen for hjarte- og karsjukdom. Høgt kolesterol kan både førebyggjast og behandlast.

Høyt kolesterol øker risikoen for få hjerteinfarkt og hjerneslag, men en sunn livsstil kan virke forebyggende. Noen trenger kolesterolsenkende legemidler i tillegg.

Les meir på helsenorge.no

Årsaker

Kroppen produserer sjølv det kolesterolet han treng. I tillegg får vi kolesterol frå feittet i maten vi et. Fysisk aktivitet, enkelte sjukdommar og nokon medisinar påverkar også kolesterolverdiane dine. Familiær høgt kolesterol (FH) er ein tilstand der det er genetiske årsaker til høgt kolesterol. Behandling av (FH) blir ikkje omtalt her, men du kan lese meir på vår informasjonsside om dette.

Vi deler kolesterolet inn i «det gode kolesterolet» – HDL-kolesterol og «det dårlege kolesterolet» LDL-kolesterol. LDL-kolesterol aukar faren for hjarte-karsjukdom. HDL-kolesterolet minkar risikoen for hjarte-karsjukdom.

Målet vårt er å hjelpe deg å:

  • redusere dine totale kolesterolverdiar.
  • betre balansen mellom LDL- og HDL-kolesterol.
  • kartleggje andre risikoar for hjarte- og karsjukdom.
  • setje i verk rett behandling.

Høgt kolesterol på helsenorge.no

 

Tilvising og vurdering

Dei fleste med høgt kolesterol blir greidde ut og blir behandla hos fastlegen. Dei som blir viste til oss kan ha:

  • Andre sjukdommar og/eller risikofaktorar som krev spesialist ved utgreiing og iverksetjing av behandling.
  • Utfordringar knytt til biverknader og bruk av medisinar.
  • Utfordringar med å oppnå ønsket kolesterolnivå.

Utgreiing

Før du møter til timen på sjukehuset skal du ha teke blodprøver. Dei skal takast fastande og seinast 1 veke (tidlegast 2 md.) før timen. Det vil stå i innkallingsbrevet kvar du skal møte.

På sjukehuset

Ta med ei liste over medisinane du bruker.

Du vil bli møtt av ein sjukepleiar som måler blodtrykket, høgd, vekt og omkrinsen rundt midja di. Deretter blir det teke eit EKG. I nokre tilfelle blir det også brukt ei biometrisk vekt som gir oss informasjon om samansetningar av ulike kroppsmassar, som feitt og musklar, i kroppen din.

 

Etter dette vil du få samtale med hjartelege, der de går igjennom:

  • Sjukehistoria di, spesielt med tanke på tidlegare hjarte- karsjukdom.
  • Førekomst av hjarte-karsjukdom og høgt kolesterol i slekta di/familie.
  • Livsstilen din og risikofaktorar for høgt kolesterol og hjarte-karsjukdom
    • kosthald
    • røykjevanar
    • fysisk aktivitet
    • overvekt
    • høgt blodtrykk
    • diabetes og kronisk nyresjukdom
    • tidlegare hjarteinfarkt eller kjend angina.
    • resultat av målingane som vart gjort av sjukepleiar
  • Blodprøvesvar med vekt på feittstoffa i blodet ditt. Total kolesterol, LDL- kolesterol, HDL-kolesterol og Triglyserider.
  • Medisinar og eventuelle biverknader.
  • Kunnskapen din om kolesterol og motivasjon for behandling.

Du vil også få ein time hos ernæringsfysiolog som gjer ei nærare kartlegging av kosthaldet ditt.

Behandling

Målet for behandlinga er å minske risikoen for hjarte-karsjukdommar. Målet for LDL-kolesterol, HDL-kolesterol og triglyseridverdier vil variere ut frå risikofaktorane dine og sjukehistorie.

Behandlinga består av

Informasjon

Vi gir deg informasjon om høgt kolesterol og risiko ved denne sjukdommen. Vi vil at du skal ha god innsikt i eiga helse for å kunne forstå og gjennomføre behandlinga på ein god måte.

Livsstilsendring

  • kosthaldsendring (ernæringsfysiolog vil hjelpe deg med dette).
  • auka fysisk aktivitet
  • vektreduksjon
  • råd om røykjestopp

For nokon vil det vere tilstrekkeleg med livsstilsendringar.

Kolesterolsenkande medisinar

Desse medisinane blir kalla Statiner. Det finst fleire ulike preparat på marknaden. Dersom du opplever biverknader, vil det derfor vere alternative medisinar å bruke. Det er kan også vere aktuelt å kombinere ulike kolesterolsenkande medisinar. Mange har ei oppfatning av at det er mykje biverknader knytt til bruk av kolesterolsenkande medisinar. Dette stemmer ikkje.

Behandling av eventuelt høgt blodtrykk

CT-hjarte eller hjarteutgreiing

Hjartekateterisering ved symptom på angina

Tilvise vidare ved dårleg regulert diabetes

Oppfølging

Etter konsultasjonen vil det bli sendt ei epikrise til tilvisande lege. Dei fleste blir følgde vidare opp hos fastlege. I nokre tilfelle vil det bli nødvendig med vidare oppfølging. Du vil då få ei ny innkalling om 12–30 månader.

Kontakt

Førde sentralsjukehus Medisinsk avdeling

Kontakt Medisinsk avdeling
En stor bygning med en stor plen foran seg

Førde sentralsjukehus

Svanehaugvegen 2

6812 Førde

Transport

Buss

Det går regelmessig rutebussar mellom Førde Sentralsjukehus og Førde Rutebilstasjon.

På nettsidene til skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestadar og tider for Sogn og Fjordane.

Frå Førde er det også gode bussamband til Bergen, Oslo, Ålesund og Trondheim.

Flybuss

Det går direkte flybuss frå Førde Lufthamn Bringeland til Førde Sentralsjukehus for alle fly som landar. Bussen stoppar ved busstoppet på motsatt side av Vievegen, på austsida. Herfrå går flybussen til Førde Lufthamn Bringeland 75 minutt før alle flyavgangar.

Parkering

Det er mogleg å parkere gratis på sjukehusområdet for pasientar og besøkande.

Taxi

Drosjesentralen i Førde er om lag 100 meter frå Rutebilstasjonen. Ved behov er våre tilsette i resepsjonen tilgjengelege 24 timar i døgnet og kan bestille taxi til deg.

 

Praktisk informasjon

Ved Førde sentralsjukehus finn du Sjukehusapoteka Vest HF si avdeling i Sogn og Fjordane.

​​Apoteket gjev tilbod til alle nyutskrivne og polikliniske pasientar ved Førde Sentralsjukehus, samt alle tilsette og besøkande.  Sjukehusapoteket er altså open for alle.

På veg heim frå sjukehuset kan pasientar få med seg alt dei treng av legemiddel og utstyr for vidare behandling heime. I tillegg har apoteket eit stort og variert utval av reseptfrie legemiddel, hudpleiemiddel, kost- og ernæringsmiddel samt andre apotekvarer.

Apoteket gjer klar legemidla medan du ventar og gjev råd om korleis du skal bruke dei på rett måte.

Apoteket forsyner dei fleste avdelingane i Helse Førde med legemiddel, apotekvarer og farmasøytiske tenester og gjev farmasøytisk rådgjeving til mange kommunar i Sogn og Fjordane.

​For å få behandling ved sjukehus eller poliklinikk må du i utgangspunktet vere tilvist frå lege, kiropraktor eller manuell teapeut. Har du trong for legehjelp skal du ringe fastlegen din eller den kommunale legevakta.

Les meir om eigendelar på helsenorge.no

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Då kan det vere lurt å hugse nokre reglar.

​Det er sjølvsagt heilt greitt så lenge det er pasientane og/eller pårørande og vener som er på bileta.

Det er likevel ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsette. Vi har hatt tilfeller der bilete av medpasientar/tilsette er blitt publisert i digitale media utan deira godkjenning.

Vi håper alle viser respekt for personvernet til alle dei møter under besøket på sjukehuset og avgrensar fotografering til å gjelde eigen familie og vener.

​Ved Førde sentralsjukehus finn du kiosk der du kan kjøpe aviser og andre kioskvarer. Du kan også levere kupongar til Norsk Tipping sine spel.

Alle kantinene i Helse Førde er opne for tilsette, pasientar og pårørande.

​Kantinene på Lærdal sjukehus og Nordfjord sjukehus finn du i underetasjen. Dei har opningstid 10.30 - 14.30.

Hovudkantina ved Førde sentralsjukehus ligg i 2. etasje. Her får du kjøpt varm mat og mykje anna. Den har opent 07.30 - 20.00.
I Førde finn du også ein kafe i 1. etasje innanfor resepsjonen. Denne har opningstid  09.00 - 15.00. Her finn du kaffe, te, anna drikke, påsmurt og kaker m.m.

Kantina ved Indre Sogn psykiatrisenter er open alle kvardagar frå klokka 10.00-13.30.

Kantina på Tronvik er open for tilsette og bebuarar.

​Du kan nytte mobiltelefon ved sjukehusa. Vi oppfordrar likevel alle til å bruke mobilvett og ta omsyn til medpasientar.

Det er viktig å sette telefonen på stille om natta, og på stilleringing eller vibrering om dagen. Av omsyn til dei andre pasientane er det best å gå ut av rommet dersom du må ta ein lengre samtale.

Vi ber om at du inne på pasientrommet ikkje snakkar eller har lyd på mobilen i tidsrommet etter klokka 21.30 til klokka 08.00 neste dag.

Det er gratis trådlaust nettverk for pasientar, pårørande og besøkande på sjukehusa. Dette kan du kople deg til frå din smarttelefon.

Førde sentralsjukehus har sett av hundre parkeringsplassar berre for pasientar og pårørande. Er alle desse plassane opptekne, er det fleire parkeringsområde rundt Førde sentralsjukehus. Ledige plassar på desse områda kan òg nyttast av besøkande.

BLODGJEVARAR og RØRSLEHEMMA har eigne parkeringsplassar mellom anna framfor hovudinngangen og rundt om på sjukehuset sitt område. Dei som kan parkere her, har eige parkeringsløyve. Utan slikt løyve er parkering rekna som ugyldig.

Ordinær parkering for pasientar og pårørande:
Parkeringsplassen er inn frå Svanehaugvegen. Sjå blått område på kartet:

 

Kart over parkeringsplassar ved Førde sentralsjukehus

 

 

​I 6. etasje har Førde sentralsjukehus eige pasienthotell.

Pasienthotellet har 22 senger. Dei er fordelt på seks enkle rom og åtte doble rom. Alle romma er tilpassa rullestolbrukarar.

​Treng du nokon å snakke med? Sjukehuspresten er til for deg anten du er pasient eller pårørande. I møte med denne omsorgstenesta kan du finne ein «fristad» og ein plass å samle tankane. I samtale med sjukehuspresten er det tid og rom for både stort og smått.

Du treng ikkje ha kristen eller religiøs tru for å ta kontakt. Det er ditt liv og dine tankar som har fokus. Det er sjølvsagt og høve til klassiske prestetenester som mellom anna sermoniar og bøn.

Uansett kva du har på hjartet er sjukehuspresten tilgjengeleg for å møte deg, der det passar deg best. Det kan vere på telefon, prestekontoret, pasientrom, i kantina eller kanskje på ein benk ute.

Ta kontakt direkte med Helene Langeland på telefon 908 79 281, eller spør personalet om å tilkalle/avtale tid med prest.

Sjukehuspresten er primært tilgjengeleg i ordinær kontortid, men kan og tilkallast til andre tider.

Kontoret er på plan 2, første dør til høgre for inngangen til kantina.

Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).
  3. Les nøye gjennom vilkåra.
  4. Trykk "Godta" når du har lese og forstått vilkåra.
Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal berre vere nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar.
 

Akuttmedisin:
Etter avtale på telefon 57 83 90 82.

Barneavdeling:
Visittider sengeposten 5. etg: Kontakt personale på vaktrommet.

Kirurgisk:
Visittider sengepost 12.30-13.30 og 18.30-19.30.

Kreft:
Visittider sengepost: Har ikkje faste visittider. Ta kontakt med vaktrommet.

Kvinneklinikken:
Far eller medmor kan kome når dei ønskjer utanom kviletid klokka 13.00-15.00. Søsken til barnet og andre besøkande kan takast i mot utanfor avdelinga.

Medisinsk:
Visittider medisinsk sengepost 14.30-15.30 og 19.00-19.45. Til eineromma: Etter avtale.

Nevrologisk:
Ikkje fast visitttid. Pårørande og andre er alltid velkomne.

Ortopedisk:
13.30-16.00 og 17.30-19.30.