Interpersonleg terapi
Interpersonleg terapi er ein behandlingsmetode som skal hjelpe pasientar å meistre mellommenneskelege vanskar på ein tilfredsstillande måte. Målet er å betre kommunikasjonen med andre menneske, spesielt rundt pasienten sine kjensler og behov, og terapien har element frå psykodynamisk terapi og kognitiv åtferdsterapi.
Interpersonleg psykoterapi er bygd på at pasient og terapeut diskuterer ubearbeidde tapsopplevingar (som skilsmisse eller arbeidsløyse), problem knytt til nye roller (som når barna flyttar ut eller ved pensjonering), konfliktar med pårørande, og mangelfulle sosiale ferdigheiter. Behandlingsmetoden kan lindre psykiske plager, som til dømes angst og depresjon, ved at pasienten lærer seg å handtere eller løyse slike mellommenneskelege problem.
Les meir om psykoterapi og andre terapimetodar:
Kontakt
Førde sentralsjukehus
Psykisk helsevern
Oppmøtestad
Vi gjev behandlingstilbod ved Nordfjord psykiatrisenter (Eid), Psykiatrisk klinikk (Førde) og ved Indre Sogn psykiatrisenter.
Førde sentralsjukehus
Svanehaugvegen 2
6812 Førde

Nordfjord psykiatrisenter
Sjukehusvegen 9
6770 Nordfjordeid

Indre Sogn psykiatrisenter
Dalavegen 29
6856 Sogndal